trakassering

Hardt ut mot UiB: Føreslår fleire endringar i varselhandtering

Opplysningar studentombodet sjølv hadde gitt universitetsleiinga, var sladda då han ba om innsyn: Tidlegare studentombod går hardt ut mot Universitetet i Bergen si handtering av saka om den tilsette som fotograferte studentar.

Sindre Dueland er jurist og tidligare studentombod. Han er kritisk til korleis UiB handterte saka som handla om ein tilsett, fleire studentar og fotografering.
Publisert Oppdatert

Universitetet i Bergen inngjekk forlik med forskaren som vart sagt opp etter å mellom anna ha fotografert studentar.

Ein av dei som har vore svært kritisk til UiB si handtering av saka, er tidlegare studentombod Sindre Dueland. I fjor sommar sa han til Khrono at han såg på saka som ei sak om seksuell trakassering, og etter at forliket vart kjent i vår, ytra han seg i kraftige ordelag på Twitter (tweeten er i ettertid fjerna, journ.anm): «Ekkel gris får hjelp av @Forsker til å tjene penger på å ta skjulte bilder av studiner, melder @AvisenKhrono. Forskerforbundet er helt tydelig på at de støtter seksuell trakassering og ofrer gjerne en studine eller to på vegen.»

No er saka tema i studentombodet sin årsrapport, som skal handsamast i universitetsstyret torsdag. Men denne saka som utgangspunkt, føreslår Dueland at studentombodet sitt mandat bør endrast.

— I denne saka er det mykje som tyder på at universitetet har klassifisert dette som ei såkalla «personalsak». Saka er i røynda ikkje det, det er ei sak om læringsmiljøet og arbeidsmiljøet ved det aktuelle instituttet. Subsidiært angår saka ein tilsett sitt arbeidsforhold, men det kjem i andre rekke, skriv Dueland.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Fekk ikkje innsyn

Dueland er jurist. Han skriv vidare i rapporten, som har skreiv medan han framleis var tilsett ved UiB, at ein i denne saka har lagt vesentleg vekt på den tilsette sitt stillingsvern.

— Ein skulle primært lagt vekt på studentane sin rett til eit godt arbeidsmiljø. I røynda skulle universitetet fjerna den tilsette frå all kontakt med studentar, inkludert undervisning og tilgang til lab som vert nytta av studentar og stipendiatar.

Dueland er også kritisk til sakshandsaminga ved universitetsdirektøren sitt kontor. Det tidlegare studentombodet skildrar at han ikkje fekk innsyn i heile saka, sjølv om han hadde fått samtykke frå dei studentane som var partar i saka.

— Sakshandsamingstida på innsynskravet var over fire gonger så lang som kravet i forvaltinga, heiter det, og vidare:

— Opplysningar studentombodet sjølv hadde gitt til universitetet var òg sladda. Studentombodet opplevde ikkje sakshandsaminga ved universitetsdirektørens kontor som tilfredsstillande, og i det konkrete tilfellet utviste universitetsdirektøren sitt kontor manglande kompetanse om reglane om teieplikt i forvaltningslova og offentleglova.

Meiner han vart instruert

Dueland kjem med fleire forslag til endringar. Han føreslår at saker som handlar om trakassering, der studentar er involverte, bør flyttast vekk frå HR-avdelinga og over til studieavdelinga.

Han føreslår òg ei endring der det skal heita i ombodet sitt mandat at «Studentombudet har innsyn i alle opplysninger som er nødvendig for å utføre sine oppgaver (jf. fvl. § 13 b. første ledd nummer 2 og 3).» Dueland skriv at det er lovfesta at studentombodet ikkje kan instruerast.

— Ei generell nekting av innsyn i mandatet er ein slik intruksjon. Studentombodet opplevde også universitetsdirektøren sitt kontor si nekting av innsyn som svært inngripande i ombodet sin moglegheit til å utføre sine oppgåver, både etter mandatet og etter føremålet Stortinget la vekt på ved etablering av studentombod.

Rastad: Godt etablert struktur

Universitetsdirektør Robert Rastad er ikkje samd. Han skriv i saksframstillinga at han ikkje meiner mandatet bør endrast slik Dueland føreslår, og skriv òg at universitetsdirektøren oppfattar det slik at UiB sin administrasjon støttar opp under ombodet sin funksjon og bidreg til at det får tilgang til dei opplysningane det treng for å kunne gjera jobben sin i tråd med det mandatet styret har vedteke.

— Når det gjeld det tidlegare studentombodet sin omtale av ei enkeltsak og tilrådingar om klassifisering og handtering av saker, kan ikkje universitetsdirektøren slutta seg til desse. Det er universitetsdirektøren si vurdering at UiB har ein godt etablert struktur for å sikra riktig oppfølging av saker, skriv direktøren.

Sindre Dueland viser til at det er ei god stund sidan han slutta ved UiB, og at han skreiv årsrapporten før den tid. Han ønskjer ikkje å kommentera saka.

Khrono har gjort fleire forsøk på å få kontakt med universitetsdirektør Rastad, utan å lukkast.

Universitetsdirektør Robert Rastad er usamd med tidlegare studentombod Sindre Dueland, men seier at SiFra-systemet bør endrast.

Meiner SiFra-systemet må endrast

I ei anna sak i universitetsstyret er òg tilbakemelding og handtering av mellom anna trakasseringssaker tema. I den såkalla tyskarvits-saka, der ein student kjende seg krenkt av ein professor, vart UiB sitt SiFra-system nytta. Her kan studentane sjølve melda inn saker, og klassifisera dei utifrå eit trafikklys-system.

Tidlegare rektor Dag Rune Olsen sa til Khrono i fjor at systemet ikkje har verka så godt som tenkt, og no har internrevisjonen kome til same konklusjonen. I rapporten, som styret får på sitt bord, vert det mellom anna peika på følgjande:

  • Ustrukturert opplæring av leiarar og relevante tilsette som handterer saker i SiFra-systemet. Ein ber difor om meir systematisk formell opplæring
  • Det kan vera vanskeleg for studentane å vurdera om ei sak er ei gul eller raud hending
  • Det er fleire relasjonar som vert peika på som sårbare, mellom anna stipendiat - rettleiar og student - tilsett, og ein ber om meir førebyggjande rutinar og rettleiingar knytt til dette
  • Informasjon knytt til varsling bør verta gått gjennom og systematisert, slik at den er lett tilgjengeleg for studentane ved behov

I staden for trafikklys, er forslaget no at ein skal kunne seia ifrå innan ulike kategoriar, mellom anna mobbing, trakassering eller seksuell trakassering frå medstudent og mobbing, trakassering eller seksuell trakassering frå tilsett. Desse sakene vil gå direkte til universitetssekretariatet.

— Det er viktig at UiB no følgjer opp dei tiltaka som er føreslegne i internrevisjonsrapporten, slik at handteringa av saker som vert meldt inn frå studentane får eit meir systematisk fokus, og at me får til ei standardisering på tvers av fakulteta, skriv universitetsdirektøren.

Saka har fått ny tittel 16.06 kl 19.15, og det er lagt inn ei presisering i teksten om at Dueland skreiv rapporten medan han var studentombod

Powered by Labrador CMS