digital undervisning

Frustrert over å måtte snakke til «svart hol»: — Treng ikkje ball­kjole for å vere på forelesing

Digital undervisning fungerer ikkje når studentane skrur av kamera, meiner professorar.

Kulturen for bruk er like viktig som sjølve verktøyet, meiner professor Tony Burner. Han har undervist digitalt sidan 2008 og har aldri akseptert svarte skjermar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Kulturen, måten teknologi blir brukt på, er like viktig som teknologien i seg sjølv. Hos oss er svarte skjermar sjeldan.

Professor Tony Burner ved Universitetet i Sørøst-Norge har i praksis forbod mot å skru av kamera i si fagruppe. Han har lite forståing for dei som meiner studentane må få velje å stikke seg bort under digital undervisning.

Det same gjeld Sylvi Rørvik.

— Eg ser ofte at studentane sjølve ønskjer meir studentaktiv undervisning. Men dei gjer det vanskeleg for oss når dei nektar å vise seg. Det gjer noko med kommunikasjonen når du må snakke inn i eit svart hol, seier Rørvik.

Ho er professor i engelsk språk ved Høgskolen i Innlandet.

Provosert

I går omtalte Khrono ei undersøking derifrå som viste at sju av ti studentar der skrur av kamera heilt eller delvis under digital undervisning. Samstundes viser undersøkinga at studentane opplever redusert læringsutbytte når skjermen er slått av.

I intervjudelen av studien oppgir studentane ulike grunnar for å trekke ned «rullgardinen», frå frykt til at andre skal misbruke data — til at dei ikkje har fått tid til å stelle seg på håret og sjå presentable ut.

Dei svarte skjermane både frustrerer og provoserer Rørvik, som er professor i engelsk språk ved høgskulen.

— Vanlegvis ser vi ansiktet til den vi underviser. Vi kan sjå om vi blir forstått, fange opp den ikkje-verbale kommunikasjonen og dermed levere så godt som mogleg. Dette blir vanskeleg når vi i staden må sjå på ein masse svarte firkantar, seier Rørvik.

— Studentane må ta ansvar

«Kravet» som enkelte studentar opplever om å vere synlege på skjermen under digital undervisning er blitt eit diskusjonstema — også på andre sida av bordet.

— Det er absolutt noko vi snakkar om mellom kollegaer, seier Rørvik.

Hadde det vore greitt at vi som undervisarar ikkje hadde på kamera fordi vi ikkje hadde hatt tid til å fikse håret?

Sylvi Rørvik, professor

Ho seier ho har stor forståing for at mange studentar er i ein vanskeleg situasjon, og at det går ut over mellom anna undervisninga. Men med å skru av kamera bidrar studentane heller til å øydelegge si eiga læring enn til å bidra til betre undervisning med eit vanskeleg utgangspunkt, meiner ho.

— Eg opplever at vi som undervisarar gjer vårt beste for å tilpasse oss utfordrande rammevilkår. Men for at det skal fungere, må studentane også ta ansvar. Undersøkinga viser jo at studentane opplever å lære mindre når kamera er slått av.

Rørvik er kritisk til argumentasjonen frå studentane, som kjem fram i studien.

— Ikkje fått tid til å fikse håret? Kva med å stå opp eit kvarter tidlegare? Når ein sit i eit auditorium, blir ein også sett. Dette er ikkje annleis enn det som skjer i anna undervisning. Hadde det vore greitt at vi som undervisarar ikkje hadde på kamera fordi vi ikkje hadde hatt tid til å fikse håret?

Frykt for misbruk av data er også eit argument som blir brukt av enkelte studentar.

— I så fall må personvernargumentet også gjelde oss. Er det greitt at vi slår av kamera av dei same grunnane? Dersom Datatilsynet meiner dette er eit problem, må problemstillinga i så fall takast opp og diskuterast frå begge sider, seier professoren.

Kamera skal på!

I undersøkinga frå Høgskolen i Innlandet går det fram at studentane er svært konforme i måten dei ter seg på i digital undervisning. «Dette kommer særlig til uttrykk ved digitale storforelesninger der den generelle normen oppfattes som at kameraet skal være slått av. Det viser seg altså at store grupper øker sannsynlighet for at det er «helsvart», heiter det i artikkelen.

Også ved Universitetet i Sørøst-Norge er studentane konforme, men på ein annan måte.

— Før studiestart får studentane eit informasjonsbrev som gir uttrykk for at vi forventar at dei deltar aktivt, med kamera på i undervisninga, seier professor Tony Burner.

Han har sjølv lang erfaring med digital undervisning, også lenge før pandemien slo til og tvangsdigitaliserte utdanningsinstitusjonane. I perioden 2008-2012 sat han i Drammen og fjernunderviste studentar frå heile landet som tilsett ved det som då heitte Høgskulen i Telemark.

Han har alltid følgd dei same retningslinjene, og vidarefører dei i faggruppa si ved universitetet han no jobbar ved: Kamera skal på.

Unntaket er om det blir gjort opptak, men det er også det eine unntaket.

Etablere kultur — med ein gong

— Dette handlar rett og slett om at ein ønskjer å sjå mimikk. Med 20-30 bilder framfor seg kan ein raskt fange opp reaksjonar. Nikkar dei? Ser dei spørjande ut? Det er mange ikkje-verbale meldingar som går tapt med svarte skjermar. Vi veit jo også at det er lettare å la seg distrahere av andre ting, når ein ikkje er synleg for andre, seier Burner.

Han trur det handlar om å etablere ein kultur med ein gong, der svarte skjermar ikkje er akseptabelt.

Burner synest også argumenta som studentane i undersøkinga frå Høgskulen i Innlandet framfører er tynne, og særleg argumentet om at studentane ikkje kjenner seg presentable nok til å bli sett.

— Dette er spesielt. Ein treng ikkje ballkjole for å vere på forelesing.

Powered by Labrador CMS