Eg kunne nok ønska meg ei litt meir spissa satsing, der ein hadde helse som eitt flaggskip, seier medlem i universitetsstyret i Bergen og NAV-direktør Bogsnes. Arkvifoto: Ingvild Festervold Melien, På Høyden Foto: Ingvild Festervoll Melien

Fleire vil ha helse som flaggskip i Bergen

Fleire tar til orde for eit meir spissa universitet i Bergen, med helse som eit av satsingsområda.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sturkturdebatten i universitet- og høgskolesektoren går sin gang og snart er siste frist for å komme med endelege strategiske innspel til departementet. Anne Kverneland Bogsnes er styremedlem ved Universitetet i Bergen, NAV-direktør i Hordaland og tidlegare direktør i Helse Vest. I eit intervju i universitetsavisa På Høyden er ho tydeleg på at ho ønsker meir satsing på helse:

Dei dyraste utfordringane 

– Det er i helsesektoren ein har nokre av dei dei dyraste utfordringane som kostar samfunnet mest. Og samstundes står samfunnet overfor store demografiske utfordringar i åra som kjem, meiner ho. 

Også psykologi-dekan Jarle Eid ved Universitetet i Bergen (UiB) har også etterlyst ein diskusjon om helse som eitt av UiB sine profilområde. 

 I 2022 skal UiB vera «eit internasjonalt møtepunkt for noko av verdas beste forsking, utdanning og formidling innan marin vitskap, utviklingsrelatert kunnskap og klima», heiter det i universitetet sitt forslag til strategi. 

Det er veldig rart at helse ikkje skal vera ei satsing.

Jarle Eid

Samanslåing HiB

Jarle Eid er ein av dei som har ivra for at UiB bør greia ut konsekvensane av samanslåing med Høgskolen i Bergen (HiB). Han meiner at lærar- og helseutdanningane ved utdanningsinstitusjonane i byen burde vore synkroniserte. I dag vert ein til dømes utdanna til barnevernspedagog og sjukepleiar ved HiB – masterprogramma ligg hos UiB. Men universitetsstyret sa nei til å greia ut konsekvensane av samanslåing med høgskulen.

– No ser vi at Høgskulen Stord/Haugesund truleg vert universitet saman med Universitetet i Stavanger, og det neste kan verta at HiB og dei mindre høgskolane vert profesjonsuniversitetet for lærarar, helse og ingeniørfag på Vestlandet, seier Eid.

Helseklynge

Han seier at han er glad for at universitetsstyret har støtta utvikling av Campus Årstadvollen, der mellom anna det gamle odontologibygget m.m. skal brukast til helseutdanningar.

– Ei slik helseklynge vil kunne inspirere og fremje samarbeid mellom mange fag og forskingsmiljø ved UiB og i regionen. Men dersom UiB skal satsa på klynger, burde alle klyngene vore satsingsområde. Då burde ein satsa på både media, marin, klima, utvikling, kultur og på helse, seier Eid.

Bogsnes meiner at ein burde vurdera helse som eitt av områda ein vil satse på:

– UiB har allereie viktig kompetanse, mellom anna med fleire Senter for framifrå forsking, og ein har eit godt samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, seier Bogsnes.

– I den nye strategien ligg det forslag til tre profilområde. Bør ein ha inn endå fleire?

– Eg meiner nok eigentleg det held med tre område og satsa skikkeleg på dei. Eg vil ha helse inn i diskusjonen, men eg torer ikkje å seia kva ein skulle valt vekk, seier Bogsnes.

Utfordrande breidde

Som ekstern representant i styret ser ho UiB frå utsida. Ho seier at noko av utfordringa er at Universitetet i Bergen ønskjer å vera eit breiddeuniversitetet.
– Det er ein stor og eigen diskusjon, men eg kunne nok ønska meg ei litt meir spissa satsing, der ein hadde helse som eitt flaggskip.

– Samfunnsansvar


Bogsnes meiner, som Jarle Eid, at UiB burde greia ut samarbeid med Høgskolen i Bergen. Ho er òg positiv til ein helsecampus på Årstadvollen.

– Er det eit paradoks at ein vil satsa på ei helseklynge, men ikkje ha helse inn i strategien?

– Det står etter mi meining ikkje i samsvar til kvarandre dersom ein skal ha ein stor campus, men inga satsing på helse, seier ho.

Bogsnes meiner at ved å ha ei tydeleg satsing, kan det òg vera enklare å få pengar over statsbudsjettet.
– Ei satsing på helse kan ein sjå i samanheng med innovasjon og med nye behandlingsformer. Det handlar òg om UiB sitt samfunnsansvar, seier ho.

Rart utan helse

Og psykologidekan Eid har tidlegare uttale omtrent det same til På Høyden: 

Eid leiar eit fakultet der alle institutta i større eller mindre grad jobbar med helsefaglege problemstillingar. Han viser til at det ved alle dei andre fakulteta òg er miljø som jobbar med helse.

– Det er veldig rart at helse ikkje skal vera ei satsing, sier Eid.

– Burde det vera det?

– Eg synest me bør ta diskusjonen. Spør ein byrådet i Bergen om kva område dei brukar mest pengar på, og kva område dei kjem til å bruka mest pengar på i framtida, er det helse, omsorg og sosialtenester. Eit spørsmål me må stilla, er kvifor samfunnet skal finansiera ein institusjon som UiB. Me må svara på samfunnsutfordringane, meiner Jarle Eid.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS