Ein ny strategi for UiS mot 2030 er no i støypeskeia, skriv Astrid Birgitte Eggen og Klaus Mohn. Foto: Universitetet i Stavanger

Fekk stryk frå sakkunnige, her svarar UiS-leiarane: Kvalitetsarbeid i endring

Meninger. Kvalitet. Nokut finn at Universitetet i Stavanger per i dag ikkje har eit kvalitetssystem som kan sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane på godt nok vis. Dette ser me på med stort alvor, og no er me i ferd med å etablere snarlege og djupe tiltak for respons og forbetring, skriv rektor og prorektor.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvalitetssystema som blir utvikla for universitets- og høgskulesektoren i Noreg skal vise til kvaliteten både slik han er og slik kvaliteten kan og bør bli. Difor må kvalitetsarbeidet gje rom for tilbakeblikk, samstundes som ein skal sjå framover. UH-sektoren er prega av stadig raskare endring, stadig meir aktiv tilpassing til samfunnet sitt kompetansebehov, og stadig forbetring basert på sektorvise og interne målingar. Dette gjev særleg gode grunnar for at utviklingsaspektet bør få større plass enn tilbakeblikket. Samstundes må ein kjenne godt til kvalitetane ved eigne studieprogram for å definere gode tiltak for forbetring og vidareutvikling. Evalueringsteoretisk heng det formative perspektivet tett saman med det summative perspektivet.

Nokut finn at UiS per i dag ikkje har eit kvalitetssystem som kan sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane på godt nok vis. Dette ser me på med stort alvor, og no er me i ferd med å etablere snarlege og djupe tiltak for respons og forbetring. Samstundes er det grunn til å minne om at rapporten frå Nokut ikkje handlar om at kvaliteten er dårleg i sjølve studia ved UiS. Det som manglar er eit godt nok system for å handtere tilbakemeldingar og andre data frå utdanningsaktivitetane og rapportere dei oppover i organisasjonen, slik at dei kan få ei systematisk oppfølging gjennom heile organisasjonen.

Dagens kvalitetssystem for utdanning ved UiS blei etablert i juni 2019. Med eit innhald som er innovativt og dialogbasert har dette skapt utfordringar for komiteen som har hatt ansvaret for tilsynet. Me er godt i gang med revisjonsarbeidet. I vårt system er det lagt inn årlege revisjonar basert på eit rikt erfaringsmateriale. Til denne prosessen får UiS no ekstra drivkraft frå Nokut-rapporten. Det er bra. Endringstakten i UH-sektoren og høge forventningar frå politisk hald, Kunnskapsdepartementet og ei rekke direktorat gjer at me no må forvente meir hyppige revisjonar av dei overordna systema våre. Me ventar spent på nye politiske signal i meldingane som no er på veg til Stortinget, om internasjonal mobilitet og om påkopling til arbeidslivet.

Den overordna styringa av utdanningane er elles eit tema der statsråden no mobiliserer innspel i samband med ei planlagt Stortingsmelding om styring av statlege universitet og høgskular. Her verkar økonomiske, juridiske, kollegabaserte og andre styringsinstrument saman i eit samansett samspel. For norske universitet må omsynet til sjølvstende og autonomi stå i høgsetet når desse mekanismane no blir mål for gjennomgang og samordning.

Universiteta er komplekse organisasjonar, som rommar mange meiningar om korleis me skal utvikle utdanningane våre, og om kva som er god kvalitet. Om dette er me opne, både internt og eksternt, noko som i seg sjølv er ein viktig kvalitet ved universiteta. Men sjølv om me set pris på diskusjonar, så har me fortsatt eit ansvar for at systema våre er i tråd med relevante lover og forskrifter.

Studiebarometeret har fått god spalteplass i Khrono den siste månaden. Det er eit kvalitetstrekk ved UH-sektoren at eit av våre viktigaste måleinstrument for styring blir mål for slik brei merksemd og debatt. Ved UiS er data av denne typen viktige både for institusjonen og for studentane våre. Difor set me oppfølginga Studiebarometeret på styret sin agenda kvart år. For 2019-resultata har me identifisert fire spesifikke punkt for forbetring: Medverknad, arbeidslivsrelevans, vurdering og rettleiing, samt design av studieprogram. Her er det nok mange som vil kjenne seg igjen, etter som resultata på nasjonalt nivå har eit tilsvarande mønster.

Ved UiS ønskjer me oss engasjerte studentar som er svoltne på kunnskap og forståing. Som har blikket retta mot omverda rundt universitetet, og aktivt tek del i samfunnsdebatten og som kan bidra til å løyse dei store utfordringane verda står ovafor. Det er akkurat dette vårt dialogbaserte kvalitetssystem bygg opp om. Her spelar studentane og deira tilbakemelding ei aktiv rolle, og her brukar me Studiebarometeret aktivt. For dette har me fått positive tilbakemeldingar frå NOKUT.

For oss handlar kvalitet om ein vilje til stadig utvikling og stadig forbetring. Ved UiS er me stolte av særmerket som innovasjonsuniversitet, og dette tek med me oss i utforskinga av morgondagens utdanningsmodell. Styringssignal vitnar om sterke forventningar til oss om å lage fleire fleksible studie, studie for folk som er i arbeid skapt saman med arbeidslivet. Framtida tilhøyrer arbeidsplassbaserte utdanningar med sterkt integrerte modellar.

Tida er komen for arbeidsintegrert læring, slik ein ser stadig fleire eksempel på ved universitet i våre naboland, blant anna i Sverige. Moderne modellar for utdanning må være internasjonalt orienterte i arbeidsform og innhald. Saman med European Consortium of Innovative Universities (ECIU) har me fått EU-midlar for å utvikle utfordringsbaserte læringsmetodar, der studentane samarbeider om reelle samfunnsutfordringar med forskarar og eksterne aktørar på tvers av land og kulturar. Meir relevant, engasjerande og meiningsfull læring skal ein leite lenge etter.

Med sterke forskingsmiljø og tett kontakt med arbeids- og næringslivet byr UiS også på meir tradisjonelle utdanningar som er interessante og relevante. Dette nyt studentane godt av, og dette nyt arbeidslivet godt av. Tilbakemeldingane frå studentane på Studiebarometeret og interne evalueringar er sjølvsagt ikkje einsarta, men me gler oss over fleire program der studentane melder om trivsel og nøgd over landsgjennomsnittet.

Ein ny strategi for UiS mot 2030 er no i støypeskeia, og vil bli forma i løpet av våren. Strategiutvikling inneber ei rekke viktige val. Om kva som skal vere våre spesielle kjenneteikn, om kva som skal sette retninga for vidareutviklinga av universitetet og kva som skal gje retning for prioriteringane våre i åra som kjem. Kvalitet og relevans er gjennomgangstema i den pågåande strategidiskusjonen, med ei erkjenning om at slike eigenskaper er heilt avgjerande for vår rett til å overleve og utvikle oss som universitet. Utdanningane ved UiS blir utvikla i samarbeid med arbeidslivet og andre aktørar i regionen. Dette er med på å sikre at me er relevante, og at kandidatane våre får jobb og bidreg til utviklinga av samfunnet.

Ved UiS tek me sikte på fortsatt å forsyne samfunnet med kunnskap for å møte dei store og viktige utfordringane, med spesiell vekt på grøn omstilling. Difor skal studentar og samfunnet rundt oss ha tryggleik for at me leverer utdanning av høg kvalitet og læring for livet. Difor held me hovudet høgt når me no tenker nytt om relevans, engasjement og kvalitet i utdanningane ved UiS.

Powered by Labrador CMS