Ein veit ikkje heilt korleis forfattaren og journalisten Claus Fating hadde sett føre seg å bruka huset han aldri fekk flytta inn i. Men kanskje skulle den store salen brukast til mottakingar og fine selskap? Foto: Ingvild Festervoll Melien
Ove Kyte og Daniel Vabø har mura opp igjen den gamle muren, som var i ferd med å siga ut. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Nokre av bjelkane må rett og slett skiftast. Foto: Ingvild Festervoll Melien
På framsida må det gjerast ein god del. Muren hadde rast ut, og i tillegg er kledningen tatt vekk. Den skal på igjen. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Det var «klatta på» nokre tilbygg på eine kortsida. Her har det mellom anna vore kjøken. Foto: Invgvild Festervoll Melien
Øvst oppe var det dueslag – og utsikt mot byen. Foto: Invild Festervoll Melien
Gamal tapet har dukka opp under restaureringsarbeidet. Men det er nok noko under denne òg, og når bygget skal gjenoppstå i ny, gamal prakt, vert fargepaletten som på 1830-talet. Foto: Ingvild Festervoll Melien
I andre etasje pussa UiB opp noko då dei overtok bygget. Det var i 1967… Foto: Ingvild Festervoll Melien
Inne er golvet fjerna, men så mykje som mogleg skal brukast på nytt. Golvplankane er sirleg merka. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Fastings Minde var det einaste huset oppe på høgda då det vart bygd i 1791, og var truleg eit viktig hus i byen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Gamal tante i ny prakt

Den eldste av dei eldste, Fastings Minde, treng opprusting – 228 år etter at bygget var nytt.

Publisert

— Eigentleg skulle me berre rehabilitera inne, seier Bjarne Isager tørt.

Han er prosjektleiar og overingeniør ved Universitetet i Bergen (UiB) si eigedomsavdeling, og viser veg under presenningen som skjuler framsida av Fastings Minde. Her var grunnmuren på veg ut. No er Ove Kyte og Daniel Vabø, begge frå Haakon Aase Tørrmuring, i ferd med å laga ny.

Overingeniør Bjarne Isager viser fram ein av plankane som definitivt må skiftast. Ikkje så rart, kanskje, når huset er frå 1791. Foto: Ingvild Festervoll Melien

— Muren stod delvis på jord. No har me tatt alle steinane ned og bygd muren opp igjen, fortel Kyte, og legg humrande til at muren no skal stå ei god stund.

— Det vert ikkje oss som skal gjera arbeidet neste gong, flirer Vabø.

Litt lenger borte er Stian Solheim frå Gamle 3 Hus i ferd med å skifta nokre bjelkar.

— Det var ein del som var rote, seier han, og peikar innover i bygget. Ei lang fjøl kan sjølv eit utrena auga sjå at nok har sett sine beste dagar.

Låve og kyr

Men det er ikkje så rart. Fastings Minde skulle vera journalisten og diktaren Claus Fastings sin heim, då han kom heim frå København. Slik gjekk det ikkje, Fasting døydde truleg før han fekk flytta inn. I staden var det ein forpaktar som budde der, då kjøpmann Hans Hansen kjøpte det. Dette var i 1791.

Eigedommen strekte seg frå dagens Joachim Frieles gate til Dokkeveien, og frå Johanneskirken til terrenget stuper ned mot Møhlenpris. Fasting fekk kjørt 400 lass jord til eigedommen, og engasjerte ein gartnar for å etablera eit hageanlegg i engelsk stil. Det skal òg ha vore låve og to kyr på staden, og huset var det første som vart bygd oppe på høgda. Dette kan ein lesa om i forvaltningsplanen for bygget.

I 1830-åra kom sidefløyane, og truleg budde det folk i huset fram til det vart ein del av Rosenberg asyl i 1865.

— Når UiB no i samarbeid med riksantikvaren skal tilbakeføra bygget, er det 1830-åra me tek utgangspunkt i. Fargepaletten vert derifrå, og så håpar me å få på plass minst ein slik gamal, flott omn som me har fått i Lønningen lystgard, seier Åse Tveitnes.

Ho fortel at det er skildra i Panteboka at huset hadde «en ny vind omn af 1 etagie med pyramide top». Difor vil ho gjerne ha ein slik på plass, med med elektrisk element. Det har Lønningen òg fått.

Den første campusplanen for eit universitet heitte Fastings Minde. Då Claus Fasting fekk sett opp bygget her, var verken sjøfarstmuseet eller noko anna bygd oppe på toppen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Hadde huset ark?

Ho er UiB sin kulturminneansvarlege, og fortel entusiastisk om historia til bygget.

For det som har vorte kalla eit arkhøghus, òg i UiB sine eigne forvaltningsplanar, kan kanskje ha vore noko anna: Eit hus utan ark, eller eit hus med mindre ark. Slik kan det i alle fall sjå ut når ein studerer gamle maleri. Men dei same maleria viser at bygget må ha vore viktig i Bergen i samtida. Det er ofte teikna mykje større enn målestokken skulle tilseia.

— Han som kjøpte huset, fekk òg nye vindauge med på kjøpet. Truleg vindauge som endå ikkje var sett inn i andre etasje, seier Isager.

Og kanskje var det ikkje ein stor sal nede, slik ein har trudd.

Når UiB no i samarbeid med riksantikvaren skal tilbakeføra bygget, er det 1830-åra me tek utgangspunkt i.

Åse Tveitnes

— Me lurte på kvifor bjelkane i andre etasje gjekk andre vegen, det har vore eit langt spenn. Men no har tømrarane funne ein vegg i første etasje, som har stabilisert golvet i andre etasje, seier Tveitnes.

Det betyr at det var i andre etasje den store salen var. Kanskje var det her det var planlagt å ha store mottakingar?

Flytta HF-bygget

Det er Holbergprisen som skal flytta inn når renoveringa er ferdig. Ein håpar at det kan skje i løpet av året, seier Isager.

— Heilt frå Reimers laga den første campusplanen med namnet Fastings Minde, har intensjonen vore at ein skal riva dette bygget. Men det har overlevd, kvar gong, fortel Tveitnes.

På 1960-talet skulle HF-bygget byggjast.

— Lukka då var at det var Peter Helland-Hansen og Sverre Lied som teikna. Dei trekte HF-bygget ned frå knausen, slik at det var plass til Fastings Minde òg, seier Tveitnes.

— Men det var så vidt, altså, legg ho til, og peikar. Det er berre ein smal gang ned frå det gamle, kvite trehuset og til HF-bygget.

Lukka då var at det var Peter Helland-Hansen og Sverre Lied som teikna. Dei trekte HF-bygget ned frå knausen, slik at det var plass til Fastings Minde òg.

Åse Tveitnes

UiB hadde kjøpt eigedommen som heitter nettopp Fastings Minde, og asylet vart flytta frå Sydneshaugen. Dei som budde der, vart i staden sende til Harastølen i Luster. Ein veit ikkje heilt kva del av asylet som heldt til i Fasting-huset, truleg administrasjon. UiB overtok, og kunsthistorikarane og kulturvitarane flytta inn.

Men det er 52 år sidan 1967, og sidan den gong har det berre vorte gjort det aller mest naudsynte med bygget.

— Me har klatta litt på det, og skifta vindauge og tak, seier Tveitnes.

No er kledningen på framsida fjerna. Det som er i god nok stand skal verta brukt på nytt – og sjølvsagt montert på gamalt vis, ikkje med moderne spikar. Inne er golvborda sirleg merka. Her òg skal så mykje som mogleg brukast på nytt.

Skeiv yttervegg

Inne er huset isolert slik ein gjorde for om lag 200 år sidan, det vil seia utan noko form for isolering. Og i salen i andre etasje er ytterveggen så skeiv og golvbjelkane har å langt spenn, at bereevna er redusert til maks ti personar i rommet samstundes.

— Sjå her. Det er ti centimeter skilnad frå golv til tak, seier Isager, og peikar på ein vegg som heller tydeleg utover.

Øvst oppe var det ein gong eit dueslag. No er det aller mest støv, men framleis kan ein sjå kor duene kom seg ut og inn.

— Dette bygget er litt som ei gamal tante, seier Tveitnes og børstar av seg gamalt støv.

— Det er litt ymse med dei, men ein vert glad i dei òg.

Powered by Labrador CMS