Tillitsvalde ved fem fagforeinigar har kome i den posisjon at dei må seie frå om ein vanskeleg situasjon ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), skriv dei i dette innlegget. Foto: Brage Lie Jor

Tillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet ropar varsku

Fusjon. Vi opplever at vi mister kompetanse. Vi fryktar at tilsette ikkje lengre ynskjer å arbeide ved HVL. Arbeidsmiljøet har blitt tøffare og det er vanskeleg å sjå at leiinga spelar på lag med dei tilsette. Med denne utviklinga er vi redde for at universitetsambisjonen heng i ein tynn tråd.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein nyfusjonert høgskule med ambisjon om å bli eit universitet med tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Dette kostar hardt arbeid frå motiverte tilsette.

Etter ein langvarig omstillingsprosess der alle administrativt tilsette vart innplassert i ny organisasjon like før jul, har dessverre mange mista denne motivasjonen. Tillitsvalde har kome i den posisjon at vi må seie frå om ein vanskeleg situasjon ved HVL.

Manglande administrative ressursar, ein trussel for dei strategiske satsingane. Regjeringa krever at alle statlege institusjonar skal spare inn på administrative kostnader. Leiinga ved HVL har vore særs flinke! Før fusjonen var administrasjonane ved dei tre fusjonerande høgskulane blant dei mest effektive i sektoren. Etter fusjonen har det vore tilnærma tilsetjingsstopp i administrasjonen, og det er ikkje kompensert for at folk har slutta. Løysinga frå leiinga har vore at vi skal jobbe «smartare». Mange av dei tilsette i administrative stillingar har blitt pressa til å arbeide fortare og meir, samstundes som tilsette i undervisings- og forskingsstillingar har fått fleire og fleire administrative oppgåver.

Vi tillitsvalde opplever ikkje dette som forsvarleg drift av høgskulen.

Forskerforbundet, Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund, Norsk Tjenestemannslag og Parat

Les også: I ny rapport fra HVL mener de ansatte at de har fått mindre medbestemmelse

Vi tillitsvalde opplever ikkje dette som forsvarleg drift av høgskulen. Forskingstid som skulle vore nytta for å heve kompetansen for å kunna bli universitet, vert brukt på oppgåver som burde vore løyst av administrativt tilsette med den rette spisskompetansen. Ein maktar ikkje gjere arbeidsoppgåvene innan normal arbeidstid, korkje som tilsett i administrasjonen eller i undervisnings- og forskingsstillingar. Varsel om for mykje arbeidstid blir ikkje teke ad notam, og tilsette opplever at ein må jobbe dugnad. Arbeidspresset kan føre til at karriereutvikling og kompetanseheving vert nær sagt umogeleg. Vi opplever at vi mister kompetanse, vi fryktar at tilsette ikkje lengre ynskjer å arbeide ved HVL, arbeidsmiljøet har blitt tøffare og det er vanskeleg å sjå at leiinga spelar på lag med dei tilsette. Med denne utviklinga er tillitsvalde redde for at universitetsambisjonen heng i ein tynn tråd.

Uklår prosess og manglande medverknad. Omorganisering og innplassering har vore uklar og teke lang tid, der tilsette har levd i ei stor uvisse. Mykje energi har gått med til å uroe seg for framtida, både når det gjeld eigen arbeidssituasjon og for arbeidsoppgåvene som skal løysast. Då innplasseringa av tilsette i administrasjonen endeleg vart gjennomført, viste seg at det var grunn til uroa. Uvissa i fusjonsprosessen fortset inn i innplasseringa når mange tilsette får nye arbeidsoppgåver. Fleire får korkje følgja arbeidsoppgåvene dei har i dag, eller innfridd ynska sine til nye oppgåver, og bruken av stillingskodar har ikkje vore konsekvent. Mange opplever dei ikkje har hatt høve til å medverka i eiga karriereutvikling, men opplever i staden ei overstyring frå HVL.

Uklar prosess og lite informasjon har også vore ei stor utfordring i samband med sjølve innplasseringa: Dei tilsette som leverte ulike typar motsvar fekk inga tilbakemelding på når ein kunne forvente svar, og då svaret kom, var det eit standardsvar. Fleire er blitt degradert når det gjeld stillingsinnhald, og tilsette som ynskte same stilling fekk kort tid til å førebu seg på intervju. Dei tilsette som ikkje er einige med innplasseringa opplever at leiinga har lukka øyre og auge for argumenta deira og berre fokusert på styringsrett og juridiske vurderingar.

Intern utlysing ville ha ført til ein betre og snarare prosess mot ein normalsituasjon. Alle stillingane der det ikkje vart innplassert nokon, vart utlyst eksternt, i staden for internt slik det stod i omstillingshandboka. Det positive er: Høgskulestyret har endeleg vedteke å opprette fleire teknisk-administrative stillingar. Om eitt til to år håpar vi å merke effekten av dette.

Tilsettingsprosessar tek tid, samstundes tek det minimum eitt år å læra opp nytilsette i dei arbeidsoppgåvene i administrasjonen som er særs spesialiserte. Intern utlysing kunne gitt tilsette høve til karriereutvikling, og ei kjensle av å bli prioritert av arbeidsgjevar. Ei rekkje av stillingane er utlyste utan å vera geografisk plasserte, noko som forsterkar opplevinga av høgskuleleiinga si manglande forståing for dei tilsette sitt arbeidsmiljø og utvikling av dei ulike campusane. Leiinga har ikkje lytta til dei tilsette eller dei tillitsvalde i denne prosessen.

Personalpolitikk for berekraftig utvikling. Arbeidsgjevar brukar styringsretten og har nok lova på si side, men kva seier dette om personalpolitikken til Høgskulen på Vestlandet? Slik vi tillitsvalde ser det, kan ikkje HVL halde på eit godt arbeidsmiljø med motivert arbeidskraft med denne framferda. Tillitsvalde opplever leiinga ved HVL som autoritær og ikkje lyttande i denne saka.

Med fem campusar og fjernleiing som hovudprinsipp står arbeidsmiljøet på spel i utgangspunktet. Risikoen vert farleg stor når leiinga ikkje spelar på lag med dei tilsette. Vi ber om at rektor evaluerer omstillingsprosessen med Hovudavtalen i staten, arbeidsmiljølova og retningslinjene for omstillingsprosessar i staten framfor seg, at ein rettar opp der det er gjort feil, og at ein i framtida tek innhaldet i desse dokumenta på alvor. Leiinga ved HVL må òg rydde internt og byggje opp att tilliten hjå oss som allereie arbeider på høgskulen.

(Khrono har sendt innlegget fra fagorganisasjonene til ledelsen ved HVL, med spørsmål fra Khrono. Rektor Berit Rokne svarer at de vil svare på innlegget og Khronos spørsmål over helgen. I denne saken svarer imidlertid Rokne på resultatene fra en undersøkelse om fusjonen ved HVL.)

OPPDATERT: Svaret fra Berit Rokne er i denne artikkelen: Bleiklie: Større fullmakter til universitetsledelser i hele Europa

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS