— Eg er redd ein del flinke studentar mistar motet, seier dekan Helge K. Dahle ved mat.nat.-fakultetet ved Universitetet i Bergen. Foto: Jens Helleland Ådnanes/UIB.

UiB-dekan vil vurdere å kutte ut karakterar på universitetet

— Karakterar kan vere eit hinder for læring, meiner dekan Helge K. Dahle ved Universitetet i Bergen. Han får støtte frå forskar og merittert undervisar.

Publisert Sist oppdatert

For mange studentar er karakteren blitt viktigare enn kva dei faktisk lærer, ifølgje dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), Helge K. Dahle. Han har sjølv undervist på alle nivå gjennom mange år på fakultetet der han høyrer til.

Formativ vurdering

Ei vurderingsform som har læring som formål, ulikt andre vurderingsformer som har som mål å bedømme eller rangere prestasjonar.

Ein lærar vurderer formativt når ho undersøker og identifiserer kva elevane har forstått, eventuelt misforstått, og gir tilbakemelding der merksemda blir retta mot det eleven bur arbeide vidare med, eller endrar undervisninga i tråd med vurderinga.

Kjelde: snl.no

— Eg har blanda erfaring med karaktersystemet. For eksempel er det ikkje alltid samsvar mellom karakterane til dei som blir tatt opp til doktorgrad og korleis dei presterer der, seier Dahle.

Dahle ønskjer seg ein debatt både på eige fakultet og på universiteta i Noreg om ein heller bør etablere andre kriterium for sortering gjennom dei akademiske nålauga.

— Karakterar kan vere eit hinder for læring, seier Dahle.

Fryktar psykisk press

I eit blogginnlegg roser han Pedagogisk akademi ved fakultet som no skal ta karaktersystemet og alternative evalueringsformer opp til diskusjon. Medlemmene i Pedagogisk akademi er undervisarar som har fått status som framifrå undervisarar gjennom meritteringsordninga på fakultet.

I blogginnlegget sitt skriv Dahle mellom anna at «karakterer er blitt et mål i seg sjølv for mange studenter og elever, og påvirker i høy grad hvordan de prioriterer. For mange er det viktigere å få gode karakterer som sikrer jobbmuligheter, enn hvilke fag de velger og hva de faktisk lærer».

Dekanen trur også karakterpress kan føre til fleire psykisk problem blant studentar og elevar. «I alle fall avdekker studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) for 2018 en betydelig økning i slike problemer siden 2010».

Talent kan gå tapt

— Eg er bekymra for det tunge karakterpresset på det vi ofte kallar generasjon prestasjon, seier Dahle.

Han fryktar talentfulle studentar kan bli sortert ut for tidleg slik karaktersystemet fungerer i dag.

— Eg er redd ein del flinke studentar mistar motet. For store kull på grunnivå på vårt fakultet er karaktersetjinga, som kan vere forskjellen på stryk eller ikkje stryk, basert på eit augneblikksbilde. Eg har meir tru på formativ vurdering, med innleveringar og tilbakemeldingar undervegs, ei jamn evaluering gjennom semesteret som gir studenten rom for utvikling og læring, seier Dahle.

Dahle får støtte frå Christian Jørgensen, professor ved Institutt for biovitskap ved UiB. Han er nyleg utnemnt til framifrå undervisar gjennom meritteringsordninga ved fakultet.

— Treng ikkje teste fakta

— Eitt av problema er at karakterar testar fakta, men fakta treng vi ikkje teste lenger. Det finn studentane kjapt på Wikipedia, seier Jørgensen. Han viser til ein etter kvart omfattande forskingslitteratur som støttar opp om fordelane med andre former for vurdering av studentane.

Dagens karaktersystem fører til dårleg ressursbruk, meiner professor og merittert undervisar Christian Jørgensen. Foto: Tor Farstad

— Pedagogisk sett er spørsmålet korleis vi skal teste kognitive vurderingar på høgare kognitivt nivå. Djuplæring blir ikkje stimulert av karakterar. Formativ vurdering, der studentane blir følgt opp undervegs, fungerer betre for å utvikle det vi ønskjer, og det næringslivet også ønskjer, som samarbeidsevner, kreativitet og nyskaping.

Christiansen peikar på ein studie blant medisinstudentar i USA som har vist positive effektar ved å endre vurderingssystemet for studentane. Omtrent ein av tre medisinutdanningar i USA har gått bort frå tradisjonelle vurdering dei to første åra av studiet. Først etter det går dei gjennom ei nasjonal prøve som gir bestått eller ikkje bestått, i nokon tilfelle med meir finmaska gradering.

Djuplæring blir ikkje stimulert av karakterar

Christian Jørgensen, professor

— Resultatet i studien viser mindre angst og psykisk stress blant studentane med andre vurdringsformer. Dei lærer djupare og ser fleire koplingar faga imellom. Det er også indikasjonar på at dei gjer det betre på den nasjonale prøva, sjølv om dette ikkje er signifikante resultat, seier Jørgensen.

Han meiner karaktersystemet i dag fører til dårleg ressursbruk.

— Altfor mykje tid går med til å setje karakterar, handsame klager og krangle utan at det gir den effekten på læring som vi ønskjer oss. Derfor bør jobbe med å utvikle alternativ, seier Jørgensen.

NSO: — Verd å sjå vidare på

For Norsk studentorganisasjon står endringa av karaktersystemet ikkje på programmet. Avtroppande leiar, Håkon Randgaard Mikalsen, seier han likevel er positiv til tankane frå Bergen.

— Mange av vurderingane som blir gjort i dag er i utgangspunktet skuleeksamenar som gir eit bilde der og då. Å fjerne karaktersystemet er ikkje nødvendigvis løysinga, men det bør heller ikkje ver hogd i stein. Det er veldig interessant å sjå nærare på korleis ein kan vurdere på andre måtar som kan løyse nokon av problema Dahle peikar på, seier Mikalsen.

Powered by Labrador CMS