Matthias Kaiser har meir tid til å spela elbass no etter at han har gått av som leiar for Senter for vitskapsteori. Foto: Hilde Kristin Strand

Meiner det vert produsert for mykje forsking i Noreg

Matthias Kaiser meiner hans fremste oppgåve er å gjera forskinga tilgjengeleg, både for dei som tek avgjerdsler, men òg for mannen i gata.

Publisert

Ubåten som ligg i havet utanfor Fedje. Berekraftig landbruk. Politikk og store samfunnsutfordringar. Alt dette er tema Matthias Kaiser har jobba med, og jobbar med.

I det som kanskje er eit av UiB sine aller finaste bygg, den store, gule Parkveien 9, held Senter for vitskapsteori til. Hit kom Kaiser som leiar i 2011. No tek Rasmus Slaattelid over.

For Kaiser betyr det at det kan verta tid til andre ting enn jobb. Som å skriva ein ny kriminalroman, den første, «Die Risikomanager», kom i 2018.

— Og så har eg begynt å spela elbass igjen! Eg spelte i band i yngre år, men no tek eg timar med privatlærar, og får på plass teknikken skikkeleg, smiler Kaiser.

To doktoravhandlingar

Eit kjapt blikk på bokhyllene på kontoret viser ei vid forskingsinteresse. Her er matematikk, etikk og filosofi. Bøkene er om lag like tverrfaglege som fagområdet han har jobba med dei seinaste åra.

— Kva er eigentleg vitskapsteori?

— Det er ein radikalt tverrfagleg aktivitet. Utspringet er i sambandet mellom vitskap og teknologi, seier Kaiser.

Senteret ligg administrativt under Det humanistiske fakultetet, men har forskarar frå svært mange ulike fagområde. Førebels kan ikkje senteret tilby masterprogram, det vert det jobba med, seier den tidlegare leiaren. — Her har me filosofar, ein biokjemikar, det vert forska på psykologi og litteraturvitskap, ramsar han opp.

Dette er fag som tiltrekkjer seg menneske som likar å bruka hovudet meir enn hendene.

Matthias Kaiser

Sjølv har han to doktoravhandlingar, den første var ei magistergrad i Noreg, den andre ei doktoravhandling frå Tyskland med vitenskapshistorisk bakgrunn. Fagbakgrunnen er matematikk og vitskapsfilosofi.

— Det høyrest kanskje ikkje ut som ein heilt logisk kombinasjon?

Kaiser humrar.

— Du veit, dette er fag som tiltrekkjer seg menneske som likar å bruka hovudet meir enn hendene. Det er fag utan laboratoriearbeid, og har ein viss slektskap gjennom at ein nyttar abstrakte omgrep.

Når Kaiser skal skildra senteret han har leidd dei siste åtte åra, er det ordet «tverrfagleg» han nyttar. Han meiner vitskapsteorien si viktigaste oppgåve er å bryta ned forskinga, og å forklara dei som skal ta avgjerdsler samanhengar.

— Korleis kan ein sikra gode vitskapelege råd? Ein kan jo til dømes finna forsking som seier at dersom ein skal brødfø heile verda om nokre tiår, skal tiltaket vera å auka lakseproduksjonen. Dette er i beste fall svært einsidig, i verste fall direkte misvisande. Når det gjeld ubåten, har det ikkje vorte gjennomført ein brei, vitskapeleg analyse. Dette har eg vore i Stortinget og fortalt om, seier Kaiser.

Han er oppteken av at politikarane treng eit godt, men òg breitt, grunnlag når dei skal ta avgjerdsler på vegne av oss alle. Samstundes er han oppteken av at ein må formidla slik at alle kan forstå.

For mykje forsking?

Kaiser meiner det vert publisert altfor mange forskingsresultat. Resultatet er ofte dårlig kvalitet. Dette har han òg peika på som leiar av prosjektet Rino (Forskingsintegritet i Noreg).

Før han kom til UiB var han mellom anna tilsett i Dei nasjonale, forskingsetiske komiteane (Nent).

— Det er lite av all den forskinga som vert produsert som faktisk held stikk i forhold til det ein treng å vita. Samstundes er det ikkje rart at det oppstår problem knytt til kvaliteten når ein skal publisera og produsera meir forsking på kortare tid. Og korleis er det ein vurderer kvaliteten til ein forskar ein vurderer å tilsetja? Stort sett er den avgjerdsla fortsatt basert på teljekantar, sukkar Kaiser.

For han sjølv er det mat-etikk som har vore interessefeltet dei siste åra. Då handlar det ikkje berre om å eta kjøt eller ikkje eta kjøt.

— Me ser på verdiar og etiske spørsmål knytte til heile verdikjeda, frå produksjonen. Me ser på økonomisk landbruk, distribusjon, lokal og global produksjon, seier Kaiser.

— Kva bør ein som ansvarleg forbrukar gjera?

— Det er ulike synspunkt. Eg et kjøt, men stiller nokre krav til produksjonen. Eg trur det viktigaste er å ha ein balansert diett – og ikkje minst: Kasta mindre mat.

Kaiser reiser mykje. Det vert truleg litt mindre no, for ein del av reisene er knytte til stillinga som senterleiar.

— Eg har sett på det som viktig å knyta kontaktar og vera med i forskingsprosjekt, og slik generera forskingsmidlar. No får me fleire spørsmål om deltaking i EU-prosjekt enn me kan svara på, seier han, og legg til:

— Samstundes har eg opparbeidd meg ein viss posisjon i forskingssamfunnet – eg er jo ikkje blant dei yngste lenger – og vert invitert til det eine og det andre. No har eg fått ein invitasjon til New Zealand.

— Kjenner du på flyskam?

For ein utlending som meg, som er van med å snakka mykje, er det mykje betre å vera i Bergen enn i Oslo.

Matthias Kaiser

— Nei, ikkje skam. Eg meiner ein må vera leidd av fornuft. Alle har eit ansvar for å gjera noko for klimaet, og så må ein sjå kor ein kan gjera mest. Samstundes er det slik at ein av og til må ha personleg kontakt. Kaiser nemner nokre ting han gjera for å minska flyginga: Han har møte på skype, og dersom han først skal ut og reisa, prøver han å legga fleire reiser etter kvarandre, i staden for å reisa heim til Noreg.

Praten går

I Noreg var det først Oslo som var heime, men Kaiser hadde band til Senter for vitskapsteori ved UiB, og hadde ei professor II-stilling der. Sjølv om leiarstillinga no er historie, og han nøgd fortel at han allereie har vore på møte som vanleg tilsett, vert det Bergen som vert heim ei stund til.

— For ein utlending som meg, som er van med å snakka mykje, er det mykje betre å vera i Bergen enn i Oslo. Eg sit meg inn i drosjen når eg landar på Flesland, og så byrjar eg å prata, ler han.

Powered by Labrador CMS