praksis

Droppar praksisportal disiplinfaga

Ein nasjonal arbeidslivsportal har gjort det lettare for praksistunge profesjonsfag å tilby praksis til studentane. Løysinga for disiplinfaga er parkert.

Sjukepleiarar, legar og paramedic jobba saman på ei stor traumeøving i Østfold i vår. Desse studentane har mykje praksis i studia sine, og kan òg nytta arbeidslivsportalen for å finna moglege samarbeidspartnarar.
Publisert Oppdatert

Den nasjonale arbeidslivsportalen, også kalla praksisportalen, vert ikkje ein portal for disiplinfaga.

Portalen, som vart oppretta ved OsloMet i 2018 og deretter overført til Unit (no Sikt), skulle gjera det enklare å samarbeida med arbeidslivet om praksisplassar og rekruttering.

Første fase av portalen var å få ordninga på plass for profesjonsfaga.

— I dag har Sikt avtale med 24 institusjonar og eit aukande tal aktive brukarar av portalen, seier prosjektleiar Maria Kumle.

Ho fortel at portalen gjer det mogleg for profesjonsutdanningane å setja opp praksis og lata praksisstadane registera seg, slik at det vert lettare for insitusjonane å administrera praksisen, mellom anna fordeling av studentar på dei ulike praksisstadane.

I fase 2 skulle ein utvikla løysingar for disiplinfaga. Det vil altså seia faga som ikkje utan vidare fører til eit yrke, men som i staden byggjer på dei klassiske akademiske disiplinane, som til dømes biologi, lingvistikk og filosofi.

Slik vert det ikkje. Fase to starta i 2021 og vart avslutta etter første halvår i 2022.

— Prosjektet er no avslutta, og vidareutvikling av arbeidslivsportalen vil følgja av sektoren sine prioriteringar vidare. Det vart bestemt at fase to skulle omdefinerast til å vidareutvikla portalen for profesjonsfaga, seier Kumle til Khrono.

Har kosta 12 millionar

I november i fjor sa Kumle til Khrono at ein ikkje hadde nokon endelege konklusjonar når det galdt arbeidslivsportal og disiplinfag. Ja, det fanst ein verdi, men den var ikkje like openberr. Og sidan disiplinutdanningane ikkje på førehand veit kor studentane skal ha praksis, var det behov for ein annan type funksjonalitet.

— Det er ikkje nødvendigvis så vanskeleg å laga, men det vil krevja større grad av standarisering av praksis enn det me ser er tilfelle i dag, sa Kumle.

I desember i fjor vedtok digitaliseringsstyret i Sikt å overføra og omdisponera prosjektmidlar for vidareutvikling av arbeidslivsportalen for 2022. Fase 2 har totalt kosta 12,4 millionar kroner.

— Me såg at det var store ulikskapar når det gjeld praksis for disiplinfaga, og det ville vera eit større arbeid å få på plass ein portal som dekkjer begge. Det betyr ikkje at det ikkje er ein god ide, men det var semje i sektoren om å få utvikla portalen for praksisutdanningane, seier Kumle.

Planar og islegging i Bergen

OsloMet starta altså arbeidet med ein arbeidslivsportal allereie i 2018. Før jul i 2020 vart det kjent at dåverande rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, og tidlegare næringslivstopp Tom Knudsen hadde jobba saman med planar om ein liknande portal.

Planen deira var at UiB skulle kjøpa Knudsen sitt selskap Praktikk AS, som var oppretta for formålet.

— Olsen og eg har site saman i regionalt næringsforum og i kompetanseforum i Hordaland fylkeskommune. Der har Dag Rune Olsen fleire gongar teke opp dette med praksisplassar for studentar — noko eg skjønar studentane òg har ønskt. Så då eg slutta i NHO tok eg kontakt og sa at dersom det var ønskeleg kunne eg engasjera meg i å skaffa nokre praksisplassar.

For å gjera ei lang historie kort: Avtalen vart stoppa, Olsen fekk sterk kritikk frå universitetsstyret og Knudsen var berre tilsett seks månader ved UiB. Så vart prosjektet stoppa.

— Dette var eit forprosjekt som kunne resultera i at ein gjekk vidare med ideane som Knudsen hadde. Det kjem me ikkje til å gjera, sa universitetsdirektør Robert Rastad ved UiB til Khrono våren 2021.

Då hadde leiaren ved senteret Slate, der Knudsen var tilsett, sagt at praksisportalideen Knudsen hadde, var noko heilt anna enn den nasjonale portalen. Samstundes hadde det kome reaksjonar på at UiB skulle gjera noko eige, sidan det allereie fanst ein portal som UiB til og med hadde vore med på å finansiera.

Benjaminsen: Ikkje løysing no

Det var Digitaliseringsstyret i Sikt som formelt vedtok å omdefinera fase 2.

Styret er leia av Arne Benjaminsen, som er universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. Han skriv i ein e-post til Khrono at innsiktsarbeid og analysar gjort av Sikt og UiB viser at disiplinutdanningane i veldig lita grad har einsarta prosessar knytt til praksis i studieløpa.

Det er ikkje rom for ein arbeidslivsportal for disiplinfaga no, seier leiar av Digitaliseringsstyret Arne Benjaminsen.

— Dette gjer det vanskeleg å ta ut gevinstar og stordriftsfordelar i eit felles vertøy utan at det først vert gjort eit omfattande arbeid med å standardisera prosessar for praksis i disiplinutdanningane, seier han.

— Er ein arbeidslivsportal for disiplinfaga noko ein vil koma attende til, eller er dette no parkert for godt?

— Det er ønskjeleg at me har tenester som kjem heile sektoren til gode. Hovudprioriteringa no er moderniseringa av Felles studentsystem (FS). Utvikling av øvrige tenester må difor nedpriorterast akkurat no for å få det nødvendige løftet for FS.

I motsetnad til for profesjonsfaga er praksis for disiplinfaga ulik både mellom fag og institusjonar.

— Er praksis for disiplinfaga noko som bør løysast ved kvar enkelt utdanningsinstitusjon?

— Så lenge praksis i desse faga vert handterte såpass ulikt mellom fag og utdanningsinstitusjonar er det fornuftig at det vert løyst ved den enkelte institusjonen. Dersom me i framtida klarar å få til meir samordning av prosessar knytt til praksis i disiplinfag vil det vera mogleg å utvikla gode tenester som dekkjer sektoren sitt behov, skriv Benjaminsen.

Powered by Labrador CMS