Promosjonsdagen er ein stor dag. Desse har kome gjennom nålauga, og fått doktorgrad. Men nokre stipendiatar er ikkje heilt i mål når dei leverer avhandlinga første gong. Foto: Tor Farstad

No kan stipendiatane få ekstra tid til å finpusse på avhandlinga

Ph.d.-kandidatar ved UiB har ikkje hatt moglegheit til mindre omarbeiding av avhandlinga si før endeleg levering. No kan dette verta endra.

Publisert

Dersom ein sakkunnig komité som har vurdert ei doktoravhandling ved UiB har funne at avhandlinga er nesten god nok, men ikkje heilt, har ikkje komiteen hatt anna val enn å underkjenna avhandlinga. Nokre gongar går det tydeleg fram frå vurderinga at dei sakkunnige meiner at det berre skal litt omarbeiding til. Sakkunnige som vurderer avhandlingar ved dei tre andre, gamle universiteta, har ei anna moglegheit. Dei kan velja å gi løyve til ei mindre omarbeiding. Først etter at denne er gjennomført, vert avhandlinga i så fall underkjent.

To månader ekstra

No kan det verta slik ved UiB òg. Torsdag skal universitetsstyret handsama ei sak om endring i ph.d.-forskrifta. I forslaget til vedtak heiter det at «bedømmelseskomiteen kan på grunnlag av innlevert avhandling og eventuelt tilleggsmateriale anbefale at fakultetet selv gir tillatelse til mindre omarbeiding før endelig innstilling foreligger. Komiteen skal skriftlig gi en konkret oversikt over hva kandidaten må omarbeide. Tillater fakultetet selv en mindre omarbeiding av avhandlingen, skal det gis en frist for slik omarbeiding som ikke skal være lengre enn to (2) måneder. Det skal også fastsettes en ny frist for oversendelse av komiteens endelige innstilling».

Sofie Marhaug lurer på kvifor ein ikkje føreslær same ordning som UiO har. Foto: Dag Hellesund

Sofie Marhaug representerer vitskapeleg tilsette i mellombels stilling i universitetsstyret, og er sjølv stipendiat. Ho er glad for endringa, som ho tidlegare har tatt opp i styret. Til På Høyden har ho tidlegare sagt at ho ikkje ser kvifor UiO skal vera meir liberale enn UiB.

— Men det som overraskar meg, er at det i forslaget er lagt inn at ein skal kunne få to månader ekstra tid. Dersom me skal prøva å ha same reglar er det rart at dei ikkje er like. Eg meiner det er naturleg at UiO og UiB har same reglar, seier Marhaug.

Ved UiO kan ein i dag få seks månader ekstra tid. UiT og NTNU gir tre månader.

Reint pyskologisk trur eg det er betre å få ei slik tilbakemelding enn å få underkjent avhandlinga.

Sofie Marhaug

— Det er uansett mindre endringar som skal gjerast, så det er mogleg at to månader er nok. Men med andre reglar enn dei andre, forsvinn poenget. Allereie i dag er det slik at det sit sakkunnige frå UiO i komitear ved UiB. Dei vurderer utifrå det regelverket dei kjenner, seier Marhaug.

— Kva betyr endringa for dykk som er stipendiatar?

— Det er uansett ikkje ønskjeleg å bruka meir tid på avhandlinga når ein har levert, og ein får ikkje ekstra finansiering til ein slik ekstrarunde. Men reint pyskologisk trur eg det er betre å få ei slik tilbakemelding enn å få underkjent avhandlinga, seier Marhaug.

Ekstra utgreiing

Universitetsstyret handsama i november i fjor ei endring av ph.d.-forskrifta. Då vart det lagt inn at fakultetsstyret skulle kunne be om at to nye sakkunnige ga individuelle vurderingar av avhandlinga. Dette kan gjerast om fakultetsstyret finn at det er tvil knytta til den sakkunnige komiteen si innstilling, eller dersom komiteen avgir ei innstilling med dissens.

Prorektor Margareth Hagen har tidlegare sagt til På Høyden at ekstra tid, slik som er føreslege no, var diskutert i fjor, men at det ikkje kom med.

Forskingsutvalet drøfta endringane i forskrifta, og meinte at ordninga med mindre omarbeiding måtte greiast ut før ein kunne fatta eit vedtak. Det er altså gjort no. I utgreiinga, som er vist til i saksframstilligna, heiter det at røynslene frå dei tre andre universiteta er at ordninga vert nytta i avgrensa grad. Det betyr at det neppe vil verta særleg færre underkjenningar. Men for dei som får høve til ei ekstra omarbeiding, vil resultatet oftast vera heva kvalitet i det vitskapelege arbeidet.

Powered by Labrador CMS