Tanken med strukturreforma var at store studiestadar skulle støtte opp om dei små, slik at dei kunne vidareutviklast og styrkast, skriv Joar Sande og Siv Iren Juklestad. Foto fra Nord universitet sitt campus i Bodø. Foto: Paul S. Amundsen

Langt frå det demokratiet vi likar å tenkje at vi har

Nord. Tenk deg ein situasjon der kommunen din blir styrt av eit kommunestyre der staten peikar ut sine representantar, inkludert ordføraren, skriv to høgskulelektorar ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Noreg er rekna for å vere eit av dei mest demokratiske land i verda. Vi skårar høgt både på demokrati og når det gjeld levekår. På lukkeindeksen ligg vi heilt i toppen. Demokratiet vårt går tilbake til då alle frie menn møtte på tinget og var med på å ta viktige avgjerder. Mykje seinare kom formannskapslovene og lokalt folkestyre, der alle vert valde ved frie og rettferdige val.

Det er ikkje opp til eit organ som ikkje er folkevalt å bestemme kva som er til ein geografisk region og menneska der sitt beste.

Joar Sande og Siv Iren Juklestad

Tenk deg ein situasjon der kommunen din blir styrt av eit kommunestyre der staten peikar ut sine representantar, inkludert ordføraren. Dei resterande representantane vert valde av og mellom dei som er tilsette i kommunen.

Dette høyrest heilt utenkjeleg ut, og er ganske langt frå det demokratiet vil likar å tenkje at vi har. Men styra for universitet og høgskular er bygde opp på denne måten. Staten peikar ut styreleiar og tre eksterne medlemer, dei fagtilsette vel fire medlemer, tekniske administrativt personale ein og studentane to medlemer. Til saman blir det eit styre på 11 personar, der rektor ikkje er medlem, men har ansvaret for å greie ut saker og komme med framlegg til vedtak.

Dersom det er vald rektor er han eller ho styreleiar, og direktøren greier ut sakene. Vedtaka til styret skal vere til universitetet eller høgskulen sitt beste, og samstundes oppfylle krav og forventningar frå eigaren, staten. Alt dette fungerer greitt, så lenge styret ikkje tek til seg fullmakter dei ikkje har. Dersom dei gjer det, kan det fort bety at dei tek avgjerder som ligg hjå dei folkevalde. Politikarane er valde av folket, og folket er eigentleg dei som sit på pengesekken. Finansieringa av norsk høgare utdanning er over statsbudsjettet, politikarane fastset tildelingane kvart år.

Norsk høgare utdanning har gått gjennom ei strukturreform der høgskular har blitt slegne saman og ved fleire høve blitt til universitet. Desse universiteta har fleire studiestadar, store med høg aktivitet og små med få utdanningstilbod. No ligg det føre at fagmiljøet må vere sentralisert for å kunne bli slagkraftig og auke kvaliteten på utdanning, formidling og forsking. Men dei små studiestadane, både når det gjeld utdanning og arbeidsplassar, er viktige for sin geografiske region. Desse regionane kan nesten bli sett på som folkefattige, samanlikna med meir sentrale strøk. Arbeidsplassane blir då desto meir viktige, og utdanningstilboda betyr kortare reiseveg for dei som nyttar dei.

Det er ikkje ein del av den akademiske fridomen å bestemme lagnaden til desse studiestadane. Det er på nasjonalt nivå ei uttala målsetjing å flytte statlege arbeidsplassar ut i distrikta. Arbeidsplassane i akademia er også statlege. Nedlegging av desse studiestadane går altså motsett veg. I tillegg blir det sagt at nedlegging er til det beste for regionen. Ved å samle fagmiljø blir kvaliteten på forskinga og undervisninga betre, og det vil regionen nyte godt av. Men store akademiske fagmiljø treng ikkje automatisk vere betre enn små. Det er mange små fagmiljø som leverer framifrå forsking og undervising.

Kan det no sjå ut som at akademia prøver å ta til seg fullmakter dei ikkje har, ved å skyte seg inn under den akademiske fridomen? Det er ikkje opp til eit organ som ikkje er folkevalt å bestemme kva som er til ein geografisk region og menneska der sitt beste.

Ei slik alvorleg avgjerd, som nedlegging av ein studiestad er, krev ei grundig handsaming der alle vert høyrde, og der dei folkevalde må ha siste ordet. Det er grunntanken i demokratiet, folkestyret der fleirtalet, ikkje mindretalet, bestemmer. Men i eit velfungerande demokrati tek avgjerdene omsyn til dei som er i mindretal også. Nedlegging av studiestadar krev ein brei politisk prosess, der fordelar og ulemper må bli sette opp mot kvarandre. Nedlegging medfører eit dårlegare tilbod til lokalmiljøet og innbyggarane, og må vere absolutt siste utveg. Om dei ulike partane går tidlig i dialog med alle involverte, kan ein komme fram til ei løysing som er til beste for alle, og som ikkje nødvendigvis inneber nedlegging.

I dag har vi betre høve til å arbeide desentralisert enn nokon gong før. Eit godt breiband gjer at vi kan samarbeide med folk over heile kloden. Tilsette i akademia er del av eit fagfellesskap med medlemer frå mange ulike land. Det er eit paradoks at fleire i Noreg ikkje tenkjer slik. Det blir oppfatta som vanskeleg å samarbeide om ikkje alle sit på same stad, sjølv om alle held til i same landsdel.

Tanken med strukturreforma var at store studiestadar skulle støtte opp om dei små, slik at dei kunne vidareutviklast og styrkast.

Joar Sande og Siv Iren Juklestad

Distriktshøgskulane vart oppretta frå kring 1970 og frametter. Distrikts-Noreg trengde utdanningstilbod, då det var behov for å heve kompetansen og dekke eit stort behov for utdanna arbeidskraft. I dag, i ei verd der utviklinga går svært fort og behovet for oppdatert kompetanse er stort, går vi den andre vegen. Fagmiljø og utdanningstilbod blir sentraliserte.

Strukturreforma i høgare utdanning skulle styrke små studiestadar, og då gjerne slik at det vart fleire utdanningstilbod lokalt. Det som blir sett på som løysinga no er å legge ned det som ikkje blir oppfatta som levedyktig. Men tanken var at store studiestadar skulle støtte opp om dei små, slik at dei kunne vidareutviklast og styrkast. Avvikling fører kanskje på sikt til betra økonomi, men det kan berre stemme dersom den statlege løyvinga til noko som er lagt ned held fram.

Gode utdanningsløp, frå barneskule til høgare utdanning, er grunnlaget for eit velfungerande demokrati. Utdanningstilbod i distrikta bidreg til ei berekraftig utvikling og mindre reising. Bør ikkje det også vere ein del av reknestykket?

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS