På lag mot Vestlandshøgskulen

I desse dagar byrjar fusjonsforhandlingane mellom Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet vårt er å byggja ein ny og sterk høgskule ilag - rotfesta i regionen vår og langs Vestlandet, skriv leiinga på Stord/Haugesund.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitet- og høgskulelandskapet har endra seg stort den siste tida, og det er framleis i endring. NTNU er blitt det største universitetet i Noreg med over 40.000 studentar og med kampusar både i Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet strekkjer seg frå Alta i nord til Narvik i sør, medan den nye Høgskolen i Sørøst-Norge dekkjer dei tre fylka Telemark, Buskerud og Vestfold. Endringane tyder på at små høgskular ikkje vil få den rolla og tyngda som dei har hatt i sektoren så langt.

Solberg-regjeringa la i mars 2015 fram si melding til Stortinget om strukturendringar i universitets- og høgskulesektoren. Meldinga er den fjerde for sektoren på 2000-talet og har fått tittelen «Konsentrasjon for kvalitet». Konklusjonen er den same som det Stjernø-utvalet la fram i år 2008 – det er trong for å samle fagmiljøa til større og sterkare einingar. Skilnaden er at der Stjernøutvalet ønska å slå saman statlege høgare utdanningsinstitusjonar til mellom åtte og ti universitet, legg Regjeringa no opp til frivillige fusjonar. Slik det også vert lagt  opp til i kommunesektoren.

Heilt sidan slutten på 2000-talet har Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) hatt ei open haldning til samanslåing med andre høgare utdanningsinstitusjonar, som ledd i utviklinga av Vestlandet som utdanningsregion.

Hausten 2014 tok me eit nytt steg då høgskulestyret vårt vedtok å gå i fusjonsforhandlingar med Universitetet i Stavanger. Desse forhandlingane førte ikkje fram, og hausten 2015 vedtok styret vårt å starte eit utgreiingsarbeid i lag med Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet var å sjå om det var vilje og potensial til å utvikle ein felles høgskule. NIFU fekk oppdraget og dei la fram ein grundig rapport før jul. Den drog opp eit spennande moglegheitsbilete for ein ny og felles institusjon som me no teiknar opp vidare saman – og som me så langt har kalla Vestlandshøgskulen.

Produktivitetskommisjonen la nyleg fram sin andre rapport med overskrifta «Frå resursøkonomi til kunnskapsøkonomi». Rapporten viser ein historisk lav produktivitetsvekst etter 2005, og den peiker på kunnskap som den viktigaste konkurransefaktoren. Kombinasjonen med master og meister gir nye moglegheiter  med et tettare samarbeid mellom akademia og nærings- og arbeidsliv. Med dette bakteppe trur me at HSH vil kunne gi eit større bidrag i ein ny, stor og fagleg breiare høgskule på Vestlandet med 16.000 studentar, 1400 tilsette, med fem levande studiestader og tett samarbeid med universiteta i Bergen og Stavanger.

Det er alltid fordelar og ulemper ved ein fusjon. Me ser langt fleire fordelar.

Liv Reidun Grimstvedt og Tage Båtsvik

Det er alltid fordelar og ulemper ved ein fusjon. Me ser langt fleire fordelar. Målet er ein ny høgskule som kan bli meir synleg og attraktiv regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Ikkje minst gjennom ein større bredde i studie- og forskingsporteføljen og med fleire master- og doktorgradsprogram. Saman vil me vera betre rusta til å svare på dei store omstillingsbehova som no kjem i arbeidslivet og som produktivitetskommisjonen peker på.

For oss i HSH gjeld det å ta utgangspunkt i  kunnskapsbehova i Sunnhordland og på Haugalandet når me no skal utmeisle dei framtidige moglegheitene som ligg i ein fusjon. Dette gjer me mellom anna ved å setje i gang faggrupper på tvers av dei tre institusjonane. Desse gruppene skal gi innspel til ambisjon og identitet for ein ny profesjonshøgskule på Vestlandet, som kan sjå dagens lys alt frå 1. januar 2017 - og som på sikt kan bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS