Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, meiner forskning bør formidlast på ein måte folk forstår. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Ønsker meir og betre forskingsformidling

Forsking må formidlast på ein god og interessevekkande måte overfor folk flest for å oppretthalde og styrke forståinga for kor viktig kunnskapsutvikling er for samfunnet, skriv rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsdepartementet har gått med ein brei invitasjon til å kome med innspel til revisjon av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og svarfristen var 15. september 2017. På nettsida til Kunnskapsdepartementet kan ein lese alle høyringssvara som har kome inn. Langtidsplanen har hatt forsking på fremste internasjonale nivå som eit mantra. Eller på Nobelprisnivå om ein vil. Men til sterkare spissing - til større behov for forskingsformidling. På norsk.

Men eit einsidig fokus på og prioritering av internasjonal toppforsking kan vere med på å skape unødvendig avstand mellom forskarar og folk flest – inkludert profesjonsutøvarar. Når til og med medlemmer av regjeringa dels sår tvil om forskingsresultat og dels signaliserer forventningar om bestemte funn frå forsking så er det ikkje rart om folk flest tenkjer i liknande baner. Tidlegare rektor ved Høgskolen i Ålesund, Marianne Synnes, har nett vorte vald inn på Stortinget. Ho er den einaste på tinget som har doktorgrad. Vi kan ikkje vente at den vanlege stortingsrepresentant skal ha særleg innsikt i korleis forskarar tenkjer. Og det er vårt ansvar som forskarar og leiarar på forskingsinstitusjonar å kommunisere slik at mottakarane forstår oss.

I ei tid då «fake news» har vorte eit dagleg brukt uttrykk, med sviktande oppslutnad om tradisjonelle redaksjonelle media og med aukande skepsis til forsking og fakta meir generelt («post truth»), så er det avgjerande viktig at forskinga vender seg ut til det allmenne publikummet for å fortelje ikkje berre om sine positive resultat. Men også om interne debattar og metodar. Meir og betre forskingsformidling vil også formidle tvil, manglande funn - og dei uløyste oppgåvene.

For det første må forsking formidlast på ein god og interessevekkande måte overfor folk flest for å oppretthalde og styrke forståinga for kor viktig kunnskapsutvikling er for samfunnet. For det andre har skattebetalarar rett til å få tilgang til kunnskapen som kjem fram frå ny forsking, og kunnskapen må bli formidla på eit passeleg nivå i høve til mottakarane sine føresetnader. For det tredje vil forskingsformidling kunne fungere demokratisk og utjamnande - og sette folk flest i stand til å gjere betre val i kvardagen. For det fjerde må norske bedrifter, organisasjonar og offentleg sektor også få lett tilgang til forsking for å kunne bli betre. Og det kan heilt sikkert nemnast fleire gode grunnar.

Langtidsplanen har peika på spesielle utfordringar for det tverrfaglege. Her vil ein raskt oppleve akkurat dei same utfordringane knytt til formidling på tvers av ulike fagområde som ein ser for den meir generelle forskingsformidlinga. Store forskingsprosjekt vil vere avhengige av bygge opp kommunikasjonskapasitet for å overvinne faglege tersklar mellom samarbeidande forskarar, men ikkje minst for å nå fram til samarbeidande aktørar som bedrifter eller offentleg sektor. Desse utfordringane blir naturlegvis endå meir forsterka i internasjonale prosjekt.

I dei fleste profesjonar og i yrkesutøvinga er det framleis slik at norsk er  fullstendig dominerande som fagspråk i kvardagen.

Johann Roppen

Verdsleiande forskingsmiljø må nødvendigvis kommunisere med forskingsmiljø i resten av verda - og det er svært få fagområde at norsk er det leiande fagspråket. Norske forskarar vil dermed kommunisere på engelsk i kanalar og forum for vitskapleg publisering - som bøker, tidsskrift og konferansar. Men faren er at vi får eit stadig større sprik mellom forskarsamfunnet og resten av samfunnet. Når den mest spissa forskinga blir utført på eller formidla gjennom engelsk fagspråk så blir dette også språkleg eit kommunikasjonshinder for at folk flest eller forskarar utanfor det snevre fagområdet skal få tilgang til forskingsresultata. I dei fleste profesjonar og i yrkesutøvinga er det framleis slik at norsk er  fullstendig dominerande som fagspråk i kvardagen. Ein lærar eller sjukepleiar som ikkje kan kommunisere med elevar eller pasientar på norsk vil sjeldan kunne vere ein god yrkesutøvar.

Her ligg det også ein innebygd motsetnad for dei mange nysamanslåtte høgskulane som ønskjer å bli universitet. For å bli det må forskarane publisere mykje på høgt internasjonalt nivå - men kan ein gjere det utan å skape språkleg avstand til profesjonsutøvarane?

Denne debatten vil truleg bli forsterka i tida som kjem sidan Kvalitetsmeldinga krev at høgare utdanningsinstitusjon innan juni 2019 skal utvikle eit meriteringssystem for undervising. I den samanhengen synest det rimeleg at det å skrive lærebok og å lage andre typar dokumentasjon av formidling/undervising skal telje positivt, og det bør også premierast økonomisk.

Folk flest, studentar og profesjonsutøvarar, kommuniserer framleis langt betre på norsk enn på engelsk. Det er fleire enn språkrådet som burde vere opptekne av å bevare og vidareutvikle norsk som fagspråk på flest muleg fagområde. 

Høgskulen i Volda har i sin strategiplan teke på seg eit særleg ansvar for nynorsk som fagspråk - og vi legg også stor vekt på formidling for å vere ei «kunnskapsbasert og kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten», som vår strategiplan seier. Høgskulen i Volda har i mange år både oppmoda og premiert fagtilsette som er aktive i fag- og forskingsformidling. Vi satsar mykje på Forskingsdagane og har i 2017 heile 28 arrangement - mange i samarbeid med lokale og regionale aktørar. Vi premierer forskingsformidling ved å omfordele ca 1,5 prosent av høgskulens samla budsjett mellom fagmiljøa etter dokumentert omfang på formidling. Omfordelinga skjer etter eit eige internt tellekantsystem.

Ei lærebok vil ikkje gi uttelling i den nasjonale resultatbaserte omdelinga kjend som «Tellekantane». Men, etter Høgskulen i Voldas interne omfordeling vil ei lærebok gi ei utteljing på ca kr 50.000. Det nyaste dømet i så måte er den splitter nye læreboka Lydjournalistikk. Ei doktoravhandling publisert som monografi får som regel heller ikkje uttelling i tellekantsystemet, trass i at dei fleste doktorgradsarbeid vert underkasta den mest omfattande kvalitetskontrollen vi har i akademia. Etter Høgskulen i Voldas interne system vil ei doktoravhandling publisert som monografi gje ei utteljing på ca kr 150.000. Midlane går til fagmiljøet som den einskilde forskaren høyrer til. I august disputerte to av våre tilsette ved Universitetet i Bergen. Med monografiar. På nynorsk. 

Over tid har dei fleste fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda bidrege med fagleg formidling gjennom lærebøker, avhandlingar, fagartiklar, aviskronikkar eller faglege bidrag i møte med profesjonsutøvarar eller i populærvitskaplege samanhengar, som Forskingsdagane. Også innanfor kunstnarlege område opnar vårt interne system for bidrag frå animasjon, filmfestivalar, konsertar og bidrag frå teater og design. Systemet har vore i bruk i meir enn 10 år, dei tilsette kjenner godt til dei ulike kategoriane, og det er sterk intern støtte til å halde fram med ordninga.

Eg trur ikkje vårt system er perfekt eller at det vil passe for alle, men vi kan som ein liten sjølvstendig høgskule velje å halde fram med denne ordninga og dermed kanskje vere ein pilot til inspirasjon og ideutvikling for andre institusjonar og i alle fall bidra til eit større mangfald i UH-sektoren. Også språkleg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS