Kast dei tomme slagorda i bosset

«Reclaiming our University» heiter rørsla som peikar på toppstyrt leiing, målstyring og byråkratisering som øydeleggjande faktorar. Vi kan nå starte ei liknande rørsle i Noreg, meiner Bjarne Vandeskog.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

1.januar 2017 oppstår ein ny stor kunnskapsorganisasjon i Noreg: Høgskulen på Vestlandet. Med det får vi òg ein gullkanta sjanse til å gje heile kunnskapsfeltet i landet ein skubb i ei betre retning.

I altfor mange år har universiteta og høgskulane i Noreg, og heile den vestlege verda, blitt utsett for eit utoleleg press til å bli «fabrikkar» som produserer studiepoeng heller enn sosiale møteplassar med hovudåsyn at det skal vekse kunnskap ut av møta.

Universiteta og høgskulane har vorte pressa til å laga meiningslause slagord som liksom skal uttrykkja våre mål og visjonar. I årevis har leiingane våre laga svulstige strategiar som ikkje gir meining for oss som gjer jobben med å utvikle og spreie kunnskapar til studentar, næringsliv og allmenta. Vi har altså vorte pressa til å te oss som om vi ikkje tilbyr noko anna enn eit til produkt på ein marknad som allereie flyt over av objekt av blanda kvalitet.

Problema med å gjera universiteta og høgskulane til produsentar som fallbyr sine tenester på eit marknad er sjølvklåre for alle som nokon sinne har måtte læra seg noko. Kunnskap kan ikkje kjøpast, man får han berre ved å arbeide. Kunnskap «gror» ikkje slik som renter av investeringar – utan at man sjølv gjer noko for at det skal gro. Man kan ikkje nytta ein økonomisk logikk om effektivitet, som seier at man skal yte minst mogeleg for å få mest mogeleg resultat, når man skal læra noko, eller utvikla ny kunnskap.

Alt dette burde dei vite, alle dei som presser universiteta og høgskulane til å øydeleggje seg sjølve. Politikarane våre burde vere blant dei fremste til å verna oss mot slike destruktive idear. Leiinga på universiteta og høgskulane burde vita det endå klårare og burde kjempe som tigrar mot toskeskapen. Diverre gjer for mange av dei ikkje det. Diverre er det for mang av dei som trur jobben deira er å berre lye når departementa seier «hopp» og dermed gjer det motsette; bidrar til det destruktive presset.

Her kallar me eit mål for eit mål og korkje for ein «visjon» eller eit «purpose».

Bjarne Vandeskog

Når Høgskulen på Vestlandet nå vert danna oppstår altså ein gullkanta sjanse til å gå i den leia me eigentleg skal gå – skapa ein gigantisk overordna møteplass, med mange mindre møteplassar, der det gror kunnskap ut av møta mellom fagfolk, studentar, forretningsfolk, byråkratar og alle som vil vere med som «kunnskapsgartnarar».

Vi har ei gullkanta mogelegheit til å få ei leiing som taler sanning til politikarar og villfarne statsbyråkratar som trur at dei kan laga betre utdanningsinstitusjonar ved å nytta reiskapar som bryt institusjonane ned.

På Universitetet i Aberdeen er det nyleg oppstått ei rørsle som vil ta tilbake universitetet deira frå ei leiing, og frå politikarar og byråkratar som undergrev alt som er naudsynt for å vera ein kunnskapsorganisasjon. «Reclaiming our University» heiter rørsla, og ho peikar på toppstyrt leiing, målstyring, byråkratisering, fusjonar og, mest av alt, kommersialiseringa av kunnskap, som dei viktigaste øydeleggjande faktorane. Vi kan nå starta ei liknande rørsle i Noreg med å ta høgskulen tilbake til det ein høgskule skal vera frå den dagen høgskulen oppstår.

På Vestlandet har vi tradisjon for å vera pragmatiske, for å skape levebrød av gråstein og hav og å sjå sanninga i kvitauge. Her kallar me eit mål for eit mål og korkje for ein «visjon» eller eit «purpose». Lat oss nå læra av dei som ikkje har kasta blår i eigne auge, men som har forstått korleis man blir god, fordi man vil bli god, ikkje fordi man skal sjå ut som om man er gode.

For ei stund sidan blei osten «Kraftkar» frå mini-ysteriet Tingvollost i Møre og Romsdal kåra til verdas beste ost. Det fekk Tingvollost til fordi dei konsentrerte seg om å laga ein god ost, gjekk sine eigne vegar, brydde seg om detaljar som dei sjølv trudde var viktige, anvende historia til å meisle nye historier, og fordi dei ikkje satsa på å bli store. Det fekk det ikkje til gjennom å laga ein fjong «visjon» om å bli eit generelt «verdsleiande» ysteri.

Vi kan bli ein ofseleg god skule. Alt som skal til er at leiinga gir kvar av oss rom til å gjera det vi er gode til. Eg oppmodar såleis leiinga til å kaste dei tomme slagorda i bosset, og at dei seier tydeleg frå til politikarar og styringskåte statsbyråkratar at dei er hjarteleg velkomne til å kome og læra noko hos oss, men at dei må halde fingrane frå fatet og slutta pressa oss til å bruke tida vår til å late som om me gjer noko.

(Innlegget er også publisert i Bergens Tidende og Haugesunds Avis.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS