Leif Ove Larsen er instituttleiar ved Institutt for informasjons og medievitskap. Han ventar framleis på at forskaren som vart tilsett for mange månader sidan skal kunne koma til Noreg. Foto: Hilde Kristin Strand

Har venta på visumsvar i snart fem månader

Institutt for informasjons og medievitskap måtte i full fart skaffa vikar. Forskaren som skulle hatt undervisninga denne hausten har venta i snart fem månader på visum.

Publisert

— Eg var i kontakt med forskaren tysdag. Han tek kontakt med UDI kvar veke no, seier Leif Ove Larsen.

Han er instituttleiar ved Institutt for informasjons og medievitskap. Frå august skulle instituttet hatt ein ny førsteamanuesis på plass, som mellom anna skulle undervisa i informasjonsvitskap. Mannen er frå Iran, og har jobba i Europa, innanfor Schengen-området, i ei årrekkje. Men etter snart fem månader, ventar forskaren framleis på svar på visumsøknaden sin.

Skal ta fire veker

Larsen skreiv eit debattinnlegg om saka i Khrono i sommar. Då var det eit par veker att før undervisninga skulle starta. Sidan den gong har ingenting skjedd. Larsen har vore i kontakt med UDI, men fått beskjed om at han ikkje kan få vita noko anna enn at saka er til handsaming.

— Eg har forståing for at UDI har teieplikt. Men det står på nettsidene at normal saksbehandlingstid er fire veker, seier Larsen.

— I Bergen var det fiksa leilegheit, og forskaren hadde førebudd undervisning. No er den undervisninga flytta til 1.januar 2020. Heldigvis lukkast me i å finna ein vikar, så studentane har fått den undervisninga dei skal ha, understrekar Larsen.

Forskaren har fått 80 prosent permisjon utan løn frå UiB. Samstundes har han fått forlenga stillinga si der han har vore tilsett til no.

Rektor har engasjert seg

Førsteamanuensen er frå Iran. I debattinnlegget stiller Larsen spørsmål ved om UDI meiner at mannen er ei fare for riket sin tryggleik: «Hva skyldes denne tidsbruken i UDI? Er vedkommende en fare for rikets sikkerhet? Er hans forskning i strid med eksportkontrollregelverket? Er han et større problem for Norge enn Italia og andre EU-land hvor forskeren har arbeidet de siste årene? Eller er det rett og slett beslutningsvegring i UDI på grunn av den spente situasjonen i Gulfen?»

Rektor Dag Rune Olsen har òg engasjert seg i saka, og seier han har sagt til Larsen at han som rektor gjerne tek kontakt med UDI – dersom Larsen trur det hjelper.

— Det viktige er at uansett kva utfall ein kan venta, så er prosessane frå UDI si side raske og ryddige. Me sår ikkje tvil om UDI sin rett og plikt til å undersøkja, men det må skje med eit visst tempo, seier Olsen.

— Me må kunne forventa ryddige og raske prosessar, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Foto: Tor Farstad

I sommar skreiv han eit debattinnlegg i Khrono om eksportkontrollova, med utgangspunkt i saka til forskaren frå Universitetet i Agder, som vart utvist. Denne saka hamna i retten, og konklusjonen vart at forskaren sitt arbeid kan trua riket sin tryggleik.

— Eksport av kunnskap er omfatta av denne lova, seier Olsen.

Larsen seier at han har spurt UDI om saka handlar om eksportkontroll.

— Eg er uroa for autonomien vår. Akademia si oppgåve er å rekruttera dei beste. Men så ser me at det kan koma andre omsyn inn i biletet, seier Larsen.

Første sak

Instituttleiaren seier at dette er den første visum-saka instituttet har.

— Det har ikkje vore eit problem når me har hatt gjesteforskarar frå til dømes Kina her, seier Larsen.

Me sår ikkje tvil om UDI sin rett og plikt til å undersøkja, men det må skje med eit visst tempo.

Dag Rune Olsen

Rektor Olsen kjenner heller ikkje til liknande saker frå UiB, og seier at det kan skuldast at universitetet ikkje er blant dei tyngste på teknologi.

— I denne saka er det ein forskar som har vore lenge innanfor EØS-sona. Det burde vega relativt tungt.

Vil ikkje kommentera

På Høyden har vore i kontakt med UDI. Først på telefon, der beskjeden var at UDI har teieplikt, og at forskaren må oppheva denne før UDI vil seia noko som helst. Deretter sende redaksjonen generelle, skriftlege spørsmål på e-post. Desse vil UDI ikkje svara på, men sender lenkjer til sakshandsaming. Der står det at ventetid for visumsøknader for forskarar vanlegvis er fire veker.

Powered by Labrador CMS