Nikolai Klæboe, Dag Rune Olsen, Elisabeth Maråk Støle, Marit Warncke og Ove Trellevik diskuterte korleis UiB kan samhandla med verda rundt. Debattleiar Siri Lill Mannes i midten. Foto: Tor Farstad

Vil få ugla til å fly til nye jaktmarker

UiB-tilsette fylte aulaen for å høyra om den nye strategien. Men korleis kan ein få verda i kring til å skjøna meir av kva som går føre seg på universitetet?

Publisert Sist oppdatert

— Takk for eit leiande spørsmål, sa rektor Dag Rune Olsen til debattleiar Siri Lill Mannes.

Ho spurte om det var godt nok kjent at kryptologimiljøet i Bergen er blant landets beste.

Høvet var relansering av UiB sin strategi: «Kunnskap som former samfunnet». I seg sjølv ikkje noko spektakulært «what so ever», ifølgje rektor.

Aulaen var nesten fullsett då UiB-leiinga inviterte til møte om strategien. Foto: Tor Farstad

— Men det er noko spektakulært korleis kunnskapen formar samfunnet.

I New York. Men i Oslo?

Dei UiB-tilsette kom til aulaen, etter ein morgon der strategi, bollar og kaffi hadde vorte delt ut på fakulteta. Men spørsmålet er korleis ein skal få fleire til å vita noko om, og tileigna seg kunnskap frå, UiB – som dette med kryptolgien.

— Det er historieforteljarane som styrer verda. Eg trur me i for lita grad har klart å engasjera gjennom historier. Det handlar ikkje om at me skal vera meir tabloide, men eg trur me må kommunisera på andre måtar enn før – ikkje berre skriva danna kronikkar i BT og Aftenposten, sa Olsen.

Det er UiB som styrer showet, liksom.

Nikolai Klæboe

— Når ein er studentpolitikar på heiltid får ein med seg det flotte som skjer. Ein kan lesa om bergensforsking i New York Times – men ikkje i Aftenposten. Kvifor får ikkje dei som går ut frå vidaregåande skule vita dette? Det er UiB som styrer showet, liksom, sa Nikolai Klæboe, leiar for Studentparlamentet.

Nikolai Klæboe og Dag Rune Olsen i samtale med Siri Lill Mannes. Klæboe viste til at forsking er nemnt oftare enn utdanning i den reviderte strategien, kvifor er det slik? Foto: Tor Farstad

Samhandling

Den nyreviderte strategien har fire hovudmål som før; forsking, utdanning, formidling og samhandling, men nye delmål. Det sa prorektor Margareth Hagen, som har leia arbeidet med revideringa. Panelet som var invitert til å meina noko om det nye dokumentet, la alle vekt på samhandling og formidling: Samhandling med næringslivet, både gjennom praksis og etter- og vidareutdanning. Men like viktig: Å legga eit kunnskapsgrunnlag for dei vedtaka andre skal fatta.

— UiB har ei viktig rolle i å fortelja både næringsliv og folk elles kva ein skal gjera, til dømes i klimaspørsmålet, sa Marit Warncke frå Bergen næringsråd.

Men forskinga skal vera uavhengig. Korleis vert det i møte med andre aktørar?

— Kunnskapen vil ikkje stå seg med mindre han er uavhengig. Men det er skilnad på det og på å klamra seg fast til øvste etasje i elfenbeinstårnet. Eg trur angsten for å vera til stades i samunnet er overdriven. Men, og dette er viktig: Ein må ha tydelege reglar for samarbeid, til dømes rett til å publisera dei resultata forskarane finn, sa rektor Olsen.

Powered by Labrador CMS