Nytt verkty for betre arbeidsmiljø

Publisert

Formidlingsavdelinga er no prøvekanin for den nye arbeidsmiljøundersøkinga til Personal- og økonomiavdelinga (PØA). Den såkalla MTM-undersøkinga skal bli eit verkty for heile UiB.

PØA har inngått avtale om bruk av arbeidsmiljøundersøkinga Medarbeider Tilfredshet Monitorering (MTM). Det nye verktyet bygger på eit forskingsbasert spørjeskjema for målingar av sentrale faktorar i arbeidet kalla QPSNordic. Ved Formidlingsavdelinga har alle medarbeidarar, både fast tilsette og vikarar, fått skjemaet - og på eit halvdagsseminar 9.november skal resultata gjennomgåast.

- Vi har spurt etter ei slik undersøking. Denne typen verkty er viktig for å vite om vi har ei velfungerande avdeling både innad og utad på UiB. Alle gode reiskapar er velkomne i ein travel og utfordrande kvardag der vi både må prioritere å få og halde på eit godt arbeidsmiljø, seier direktør ved Formidlingsavdelinga, Torny Aarbakke.

Det er mininga at undersøkinga skal vere ei temperaturmåling for trivnaden til den enkelte medarbeidar.

– Eg vil likevel minne om at dette skal ein bruke med varsemd. Det er viktig er at ein ikkje set i gang med ei slik undersøking utan at ein har planlagt oppfølging etterpå. Etterarbeidet er det viktigaste med heile undersøkinga, seier organisasjonspsykolog, Tone Bergan. Pågår det ei varm konflikt er det andre tiltak enn en MTM-kartlegging som bør komme i første omgang, meiner psykologen.

Undersøkinga er web-basert og blir gjort på PC. Den er sett saman av spørsmål delt på ulike nøkkelområde, som til dømes jobbkrav, rollekrav, sosialt samspel, mestring av arbeidet og arbeidsglede. Systemet byggjer på konfidensialitet og er ikke sporbart på enkeltpersonnivå.

Spørjeskjemaet har vore i bruk i ti år over heile Norden Dette gjev også høve til å samanlikne resultata ved UiB med andre relevante verksemder. Innføringa av det nye systemet ved UiB er i tråd med HMS-handlingsplan for 2003-2005. Der har UiB plikta seg til å tilby ei arbeidsmiljøundersøking til dei ulike avdelingane ved UiB. Om nokon har lyst til å bruke MTM kan dei ta kontakt med Kontor for personal- og organisasjonsutvikling ved PØA for ein prat på førehand.

Powered by Labrador CMS