Dronning Sonja opnar nytt fakultet for kunst

PublisertOnsdag, 4. januar 2017 - 13:25-OppdatertOnsdag, 4. januar 2017 - 20:57
Bergen. Griegakademiet og Kunst og designhøgskulen er slått saman til Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitet i Bergen og opnast offsielt av dronning Sonja onsdag 4. januar. Her kan du sjå strømming av hendinga.

Initiativet om eit mogleg samarbeid mellom Griegakademiet og Kunst og designhøgskulen (KHiB) starta hausten 2014. Dei to institusjonane starta sjølv arbeidet, og hadde ei utgreiing i to faser, kor ein til slutt gjekk inn for ei samanslåing. Og 1. januar er  dei slått saman til Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitet i Bergen (UiB).

— Det tar tid å få samarbeidet på plass, me må respektera kvarandre sine fagområde, og læra å bli kjend med kvarandre. Men eg er veldig fornøgd med endringa me har fått til, seier Gerd Tinglum, til På Høyden.

Ho har no gått frå rolla som rektor ved KHiB til interimdekan ved det nye fakultetet. 

Dronning Sonja opnar 4. januar

Det blir ei storslått markeringa av at Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Griegakademiet blir slått saman til Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen onsdag 4. januar, skriv På Høyden.

Formell opning i Universitetsaulaen frå 1400 til 1500, og deretter mottaking i Grieghallen. Frå 1600 til 1730 blir det festførestilling med smakebitar frå det nye fakultetet. Og slik kan du få med deg mest muleg av programmet:

Den offisielle opninga skjer i aulaen frå 1400 til 1500. Her er det berre inviterte som får plass, og arrangementet er fullt. Men det blir strøymt, og du kan sjå det i vinduet under. Dronninga er berre tilstade på denne delen av arrangementet, og om du vil ha eit glimt av ho, må du vere utanfor rundt kl. 1400 eller 1500.

Festen held fram i Peer Gynt-salen i Grieghallen frå 1500 og utover. Her kan tilsette og studentar ved UiB komme.

Det blir fingermat før festførestillinga, som byrjar kl. 1600. Etter førestillinga blir det meir mat og drikke, samt overraskingar utover kvelden. 

Her kan du sjå opninga:

— Har gått fort

Etableringa av eit nytt kunstnerisk fakultet blei vedteke av universitetsstyret ved UiB i juni i fjor.

— Det er klart, for nokon har det gått veldig fort. Det har kravd sin mann og dame, verkeleg. For det fagelege har me ikkje fått alt på plass, i interimsperioden skal me mellom anna ta stilling til styringsmodell. Me har endå eitt år på oss for å få mange ting på plass, 2017 blir eit overgangsår for oss, seier Tinglum.

I byrjinga vil dei største endringane bli for teknisk og administrativ stab.

— Me har fått ein administrasjon som er meir fagnær enn tidlegare. Studentane vil merka lite endring fagleg. Faga skal halda fram som vanleg, men etter kvart skal me utvikla moglegheiter for meir samarbeid. Det som blir bra for oss, er at me får eit større miljø, noko forskarane våre kjem til å merka godt. Me får fleire stipendiatar, og det vil styrka fagmiljøet, seier Tinglum. 

Ser fram mot nytt bygg

Den største forandringa for KHiB-studentar vil vera at dei flyttar saman i nytt bygg hausten 2017, fortel Tinglum.

— Me har hatt ei utfordringar med at me har fem adresser i Bergen, og Griegakademiet har seks. No flyttar KHiB til ei adresse. Den store verknaden på sikt vil vera når Griegakademiet får eit bygg ved sidan av oss i Møllendalsveien. Det er klart at det er ei utfordring at me endå er spreidd rundt i byen. Fagmiljøa er veldig avhengige av at ein har felles møtestader, både fagleg og sosialt, seier ho.

Nytt bygg står høgt på ønskelista til instituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen. 

— Den største effekten for våre studentar vil vera viss me får til eit nybygg i Møllendalsveien. Viss me får til det så får me løyst dei store problema med dårlige lokale som me har hatt gjennom mange år. Det står att å sjå kva det blir til, seier Thorsen. 

UiB-styret godkjente at det nye fakultetet blir oppretta med tre institutt - kunst, musikk og design. Dei gav også sin tilslutnad til prosess og organisering av instituttråd i interimsperioden, som varar frem til 31. juli 2017.

Den offisielle opninga av fakultetet skjer 4. januar, kor også Hennar masjestet Dronning Sonja skal delta. 

— Eg gler meg til å koma i gong, me er godt førebudde. Det har vore ein god prosess og atmosfære. Eg oppfattar det slik at tilslutninga til dette no har blitt bortimot 100 prosent i alle miljø. Entusiasmen har vakse på seg i løpet av prosessen, seier Thorsen (bildet).

— Til inspirasjon for mange

Leiaren for Griegakademiet ser positivt på den faglege utviklinga.

— Eg trur UiB og departementet verkeleg vil satsa på kunstnarisk forsking og utdanning. Eg oppfattar det som eit uttrykk for det. Eg er veldig glad for at KHiB ser dette som ei positiv moglegheit. Etableringa av KMD trur eg og blir ei positiv sak for dei vitskapelege miljøa som me har. Dei vil profittera på nærleik til fleire kunstnariske disiplinar, seier Thorsen. 

Thorsen er sikker på at studentane vil få stort utbytte av samanslåinga framover. 

— Studentane vil ikkje merka ei umiddelbar endring, men over tid trur eg dette vil bli eit miljø på tvers av kunstfaga som vil vera til inspirasjon for mange. Tverrkunstnariske miljø har framtida framfor seg. Den type institusjonar eller fakultet er i ferd med å etablera seg fleire stader.

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Kvalitet. Erfaringene fra Lunds universitet viser at et meritteringssystem for fremragende lærere fungerer, skriver Roy Andersson, Thomas Olsson og Torgny Roxå ved Lunds Tekniska Högskola. 
Meninger · Sensur.  Jeg vil oppfordre alle kolleger som blir spurt om å sitte i klagekommisjoner ved andre institusjoner om å takke nei, skriver førsteamanuensis Arve Hjelseth ved NTNU
Meninger · Kutt. Faren er at studieplasser på ordningen med kompletterende utdanning blir stående tomme, etter at Stortinget kuttet i budsjettet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT), skriver prorektor ved HiOA, Nina Waaler.  

Karriere

Campus

Samfunn