Rektor på Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm

Universitetet i Oslo mest synleg i Norden

Universitetet i Oslo er det mest synlege universitetet  i Norden på internett.  

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Europa blir Universitet i Oslo (UiO) berre slått av ti andre universitet. Det viser den siste rangeringa av verdas beste universitet frå det spanske rankingbyrået Webometrics, skriv Uniforum.

Denne gongen klarer altså Universitetet i Oslo så vidt å karra seg forbi Helsingfors universitet, som denne gongen kjem på 12. plass i Europa. Det syner rangeringa frå Webometrics som blei offentleggjort i går. På bronseplass i Norden finn med Københavns Universitet, som får ein 14. plass i Europa. 

På verdsrangeringa over universiteta som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege, blir Universitetet i Oslo nummer 88. Det har falle 16 plassar sidan februar, då den førre rangeringa blei offentleggjort. Då blei UiO nummer ti i Europa.

— Kan ikkje ignorera desse rangeringane

UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner det er viktig å vera kritiske til slike rangeringar, men han kan likevel ikkje sjå bort frå dei.

— Det begynner vel å likna eit mantra, men kvar gong eg blir spurt om å kommentera universitetsrangeringar, så seier eg det same: Me må vera kritiske til slike rangeringar sidan det er store problem knytte til fortolking og metodar. Desse problema peiker eg på uansett om me går oppover eller nedover på listene, understrekar Ole Petter Ottersen overfor Uniforum.

— Men i mangel av ein betre målestokk kan me ikkje ignorera desse rangeringane, og det er sjølvsagt hyggeleg at UiO er blant dei aller beste universiteta i Europa når det gjeld synlegheit. Ein honnør til forskarane våre og til alle dei som arbeider med nettsidene våre. Det er svært viktig at UiO opnar seg mot samfunnet - gjennom nettsidene,  gjennom formidling og vitenutveksling, og gjennom deltaking i samfunnsdebatten, seier Ole Petter Ottersen.

Harvard på topp

Ikkje uventa er det Harvard-universitetet i USA som toppar lista over verdas beste universitet. Like bak kjem Massachusetts Institute of Technology, Stanford-universitetet og Berkeley-universitetet. Det beste ikkje-amerikanske universitetet er University of Oxford, på ein tiandeplass.

Den plasseringa gir University of Oxford førsteplassen i Europa. På pallen får det også selskap av University of Cambridge på andreplass og University College London på tredjeplass. 

ETH-Zürich best utanfor Storbritannia

Det beste universitetet utanfor Storbritannia i Europa, er tyskspråklege Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits. Det får ein fjerdeplass i Europa og ein 36. plass i verda.

Kinesiske universitet i tetsjiktet

Det er også interessant å merka seg at det beste kinesiske universitetet Zheijiang University kjem på 34. plass på verdsrangeringa, tett fylgd  av Peking University som blir nummer 38.

Uppsala best i Sverige

Karolinska Institutet i Stockholm, som i hovudsak driv med medisinsk forsking, er ikkje med på denne rangeringa. På andre universitetslister, som til dømes i Times Higher Education og i Shanghai-rankinga, brukar den institusjonen å liggja i toppen både i Europa og i Norden.

I Sverige er det denne gongen Uppsala universitet som gjer det best, og blir nummer 28 i Europa. Lunds universitet blir nummer 35. 

I Noreg fylgjer Universitetet i Bergen nærast UiO, og plasserer seg som nummer 45 i Europa. På denne rangeringa kjem NTNU i Trondheim på ein 67. plass i Europa.  

Se også:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS