Påtroppande rektor på Høgskulen i Oslo og Akershus, Curt Rice, ventar utolmodig på at departementet skal oppnemne ny styreleiar på HiOA. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Styre-sommel irriterar Rice

Fleire høgskular ventar enno på at departementet skal oppnemne eksterne styrerepresentantar. Påtroppande rektor, Curt Rice, slit no med å temje sitt nordnorske utolmod.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei statlege høgskulane hadde frist i februar med å nominere kandidatar til eksterne styreverv, og dei sende inn over 60 namn til departementet som har siste ord i saka. Over fire månadere seinare har det enno ikkje kome svar frå departementet, og om vel ein månad, 1.august, skal både styre og ny leiing vere operative. 

Utolmodig Rice

Nytilsett og påtroppande rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Curt Rice, ein av dei som enno ikkje veit kven som skal sitte i styret han skal rapportere til, for ikkje å seie kven som skal bli styreleiar og den nærmaste leiaren hans. 

— Eg har sjølvsagt full tiltru til at departementet gjer kva dei kan for å finne ein god styreleiar og gode styrerepresentantar til både HiOA og andre. Men no er det midtsommar, vi skal igang 1.august og vi har enno ikkje høyrt noe, så eg slit med å temje det nordnorske utolmodet mitt no, seier Curt Rice til Khrono. 

Han har vore bestemt på å ikkje mase, men det er mykje som skal planleggast for haustsemesteret og mykje som ikkje blir planlagt så lenge han ikkje har ein styreleiar å planleggje med. 

— Eg er også overraska over at departementet ikkje prioriterer dette høgare. Dei seier i fleire samanhengar at leiing og styring er viktig, og det å ha det øvste nivået ved institusjonen på plass, styret og styreleiar, er særs viktig, meiner Rice.  

Khrono har spurt departementet som heile tida har sagt at representantane skal bli oppnemnde før sommaren.

Volda ventar også 

Ved Høgskulen i Volda har dei heller ikkje høyrt noko om kven som skal vere dei eksterne styreprepresentantane dei neste fire åra. Dei har venta på brevet ei stund og meiner det kjem uvanleg seint i år.

— Vi får tru at departementet har tenkt seg ekstra grundig om i år, seier påtroppande rektor i Volda, Johann Roppen. 

(Påtroppande rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Første styremøte til hausten i Volda er dagsett torsdag 24. september. HiOA har førebels planlagt styresminar 31.august og første styremøte 1.september. 

Sist Khrono fekk ein oppdatering frå departementet var rundt påsketider, da sa dei at det ikkje blei jobba med saken så lenge statsråden var i pappaperm. Statsråden har vore tilbake på jobb, sist fredag gjekk han ut i ny pappaperm og framleis er ingen på plass.

Rett rundt svingen?

Påtroppande rektor på Høgskolen i Hedmark, Anna Linnea Ottosen, fortel til Khrono at heller ikkje dei har fått vite kven som skal vera dei eksterne styrerepresentantane neste periode. Også til Høgskolen i Hedmark skal departementet nemne opp ein ny styreleiar. 

— Vi ventar på den oppnemninga, det er greitt å få på plass. Vi har blitt varsla om at det kjem rundt disse tider, så vi ventar at det kjem kvar dag som helst no, seier Ottosen til Khrono. 

Statssekretær Bjørn Haugstad seier til Khrono at han har merka seg utolmodet. 

— Vi vil oppnemne styremedlemma før 1.august, seier han. 

— 1.august? Det var vel før sommaren det blei sagt?

— Dei skal fungere frå 1.august. 

— Men i prinsippet kan meldinga komme kva slags dag som helst no? 

— Det kan den, og heilt sikkert før det er gått to veker til, seier Haugstad. 

Konstituerte leiarar på HiOA

Curt Rice, som er den første tilsette rektoren ved HiOA, brukar tida til å førebu seg godt og har hatt fleire møte og overlapping med den sittande leiinga, og han og prorektorane Nina Waaler og Morten Irgens hadde ei par dagar med planlegging i Tromsø sist veke. Høgskuledirektør Ann Elisabeth Wedø hadde sin siste arbeidsdag på HiOA sist fredag. 

For i tillegg til at styreleiaren og eit komplett styre mangler, sluttar også dei to øvste direktørane ved HiOA: Høgskuledirektøren, fordi jobben hennar er bortorganisert og ass.dir Torbjørn Larsen som går til IT-direktørjobben i NAV. Mariann Hole (biletet over)  er konstituert som direktør fram til jul. 

Heile den faglege leiinga til den nye rektoren ved HiOA vil heller ikkje vere på plass til studiestart. To dekanstillingar skal bli utlyste på nytt med søknadsfrist uti august, det er toppleiarstillingane for Fakultetet for helsefag og Fakultet for samfunnsfag. Her er prodekan Trine B.Haugen konstituert i stillinga frå 1.august og dekan Dag Jenssen har fått utvida si åremålsstilling ut året i påvente av at nye leiarar skal vere på plass.  

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS