Direktør Tore Furevik er nøgd med at Bjerknessenteret får pengar til å forska meir på havområdet rundt Lokeslottet. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Får pengar til å finna ut kva som eigentleg skjer på havbotnen

Lokeslottet er ei varm kjelde under havoverflata mellom Svalbard og Jan Mayen. No får UiB-forskarar store pengar for å finna ut meir om kva som faktisk skjer i vassmassane i djupet.

Publisert Sist oppdatert

Før helga kom meldinga om at Universitetet i Bergen får 71 millionar kroner frå Forskingsrådet for å finna ut kva som eigentleg skjer i vassmassane djupt nede i dei nordiske hava.

Lokeslottet ligg mellom Svalbard og Jan Mayen. For ikkje så mange år sidan oppdaga UiB-forskarar at det ligg mange varme kjelder under havoverflata, rett og slett underjordiske vulkanar. Dei spyr ut svært varmt vatn, og her lever spesielle organismar og det finst sjeldne mineralar.

Pengane skal gå til å laga eit nytt havlaboratorium under vassoverflata. Det skriv UiB Aktuelt.

Overvaking

Pengane betyr at prosjektleiar Ilke Fer kan kjøpa inn såkalla glidarar, som er ein type farty som kan brukast under vatn, samt etablera observasjonssystem på botn. Desse skal mellom anna overvaka havsirkulasjon og havforsuring.

No kan me etablera og utivda ei samla nasjonal overvaking av vassmassane, og bidra til det europeiske observasjonsnettverket for djuphavet.

Ilker Fer

Ved UiB er det Geofysisk instiutt, Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret som er med på prosjektet, i tillegg er Hvaforskingsinstituttet, Norsk polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Norce og Universitetet i Tromsø partnarar. Partnarane går òg inn med pengar, slik at samla sum for prosjektet er hundre millionar kroner.

Professor Ilke Fer saman med ein såkalla glider, som kan brukast i djuphavet. Foto: Gudrun Sylte, Bjerknessenteret

Del av europeisk nettverk

— Dette er heilt fantastisk, og no kan me etablera og utivda ei samla nasjonal overvaking av vassmassane, og bidra til det europeiske observasjonsnettverket for djuphavet, seier Fer til UiB Aktuelt. Fer er professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret.

– Det er veldig bra at me har fått eit så stort og viktig prosjekt til Bergen. Desse havobservasjonane vil gjera at me endå betre vil vera i stand til å forstå korleis endringar i klima og miljø påverkar farvatna våre, seier Bjerknessenter-direktør Tore Furevik til Bergens Tidende.

Powered by Labrador CMS