Onsdag kveld har Bergen Domkor stor konsert. Professor Ingunn Lunde likar å synga saman med menneske med ulik yrkeserfaring. Foto: Silje Katrine Robinson

Russiskprofessoren er klar for konsert: — Hobbyar er mentalhygiene

Sidan Ingunn Lunde snakka tysk, fekk ho ha russisk og solosong som valfag på skulen. Det vart viktig for både arbeidsliv og fritid.

Publisert

Det er dagen før dagen. Ingunn Lunde og resten av Bergen Domkor har ekstraøving i Domkirken før onsdagens jubileumskonsert.

Lunde er mest kjend som professor i russisk. Men ho er òg korsongar på ganske høgt nivå. Bergen Domkor er å rekna som eit av Noreg sine fremste kammerkor, skriv dei på eigne nettsider – og krev prøvesynging før ein kan verta medlem.

— Eg har alltid sunge i kor, seier Lunde.

— Først på Slettebakken då eg var jente, seinare i skulekor.

Lunde gjekk på Steinerskulen. Der er det obligatorisk tyskundervisning. Men sidan Lunde delvis vaks opp i Tyskland, meistra ho naturleg nok språket. Då fekk ho tilbod om noko anna.

— Russisk og solosong. Det er eg glad for i dag, humrar professoren.

Kunst og vitskap

Ein kveld i veka, i tre timar, syng Lunde saman med dei 31 andre i koret. I tillegg kjem øvingshelger og ekstraøvingar. For tida er det den russiske komponisten Alfred Schnittke som står på programmet; hans Requiem og Konsert for kor skal framførast på jubilumskonserten.

— Når me jobbar med russisk musikk er eg konkret til nytte fordi eg kan hjelpa til med uttale. Men generelt er det jo slik at kunst og vitskap ofte heng saman og gjensidig inspirerer kvarandre, seier Lunde.

Eg var med i Hordalands ungdomssymfoniorkester. No spelar eg berre på korfestar saman med dei fire-fem andre fløytistane i koret.

Ingunn Lunde

Då ho var tenåring var ho seriøs amatørmusikar.

— Eg spelar fløyte, eller spelte, er vel rettare å seia. Eg var med i Hordalands ungdomssymfoniorkester. No spelar eg berre på korfestar saman med dei fire-fem andre fløytistane i koret, humrar Lunde.

Aktiv turleiar

Lunde seier at det er viktig for henne å gjera noko anna enn jobb. Ho er òg aktiv turleiar i Bergen turlag.

Eg kan gjerne få ein idé på tur eller eg kan skjøna ein samanheng medan eg syng med koret.

Ingunn Lunde

— Ja, eg har ein jobb som krev mykje tid, men det er ikkje slik at den tida ein brukar på andre ting er spilt tid. Eg kan gjerne få ein idé på tur eller eg kan skjøna ein samanheng medan eg syng med koret.

Ho kjem rett frå førelesing i russisk språkhistorie, og fortel entusiastisk om kor kjekt det er. Og formidlingsbiten av professoryrket er samanfallande med å vera songar, meiner ho.

Ein må øva heime. Ein halvtime her og ein halvtime der, seier Ingunn Lunde. Foto: Silje Katrine Robinson

Kort øvingstid

Lunde har vore med i Bergen Domkor sidan 2011.

— Det er eit bra kor, med eit interessant program. Me syng både nyskriven musikk, me har prøvd oss på improvisasjon, og me syng dei klassiske, store verka. Me har åtte produksjonar i året, så det er ikkje så lang øvingstid til kvart prosjekt, fortel Lunde.

— Får du tid til heimeøving?

Ingunn Lunde er glad i både musikk og friluftsliv. Det er barna hennar òg. —Men no er dei tenåringar, og ikkje så mykje på tur med mamma lenger, smiler ho. Foto: Silje Katrine Robinson

— Det må ein. Det vert ein halvtime her og ein halvtime der – nokre veker meir og nokre mindre.

Professoren skryt av dirigent Kjetil Almenning.

— Han er fantastisk! Summen av dei enkelte delane vert betre dersom ein har ein god dirigent. Det er noko av det fascinerande med kor, trur Lunde.

Mentalhygiene

Etter konserten onsdag er det berre seks veker til neste. Då er det mellom anna temmeleg nyskriven musikk, av bergensar Ørjan Matre, som er på programmet. Den konserten er eit samarbeid med Bergen Filhrmoniske orkester.

Lunde held fram at det er viktig for henne å treffa menneske som held på med veldig mange ulike ting. Det gjer ho både når ho er med i koret, men òg når ho er ute på tur.

— Hobbyar er mentalhygiene, og gjer at eg får meir krefter. Det gjer livet rikare, seier Lunde.

Powered by Labrador CMS