Idun Vik og Ingrid Ellestad frå BIT Teatergarasjen hjelper kunstnar Bodil Lunde Rørtveit før hennar performance.

Kamp for stilling vart stor konferanse

Publisert

Det byrja med kampen for ei vitskapeleg stilling, og enda med ein konferanse med 125 deltakarar.

– Me har aldri hatt ei så stor konferanse før, seier Keld Hyldig.

Heile helga er teatervitskapmiljøet samla i Bergen. Her er akademikarar, dramaturgar, skodespelarar og teatersjefar. Høvet: konferansen Teatervitenskap – historiografi, teori og praksis.

– UiB er òg dei små faga sitt universitet. Men eg veit at det er krevjande å argumentera for eigen eksistens når ein tel kvantitet – og ikkje kvalitet. Eg håpar denne konferansen vert ein kreativitetsdugnad der ein kan tenkja kreativt kring teatervitskapen si framtid, sa prorektor Margareth Hagen då ho opna konferansen fredag.

Massiv mobilisering

Det byrja før jul. Det humanistiske fakultetet skulle handsama den faglege bemanningsplanen sin. I forslaget til vedtak kunne ein lesa at teatervitskap skulle missa ei stilling når ein av dei vitskapeleg tilsette går av med pensjon i 2019. Då ville faget berre ha to fagleg tilsette att - og mastertilbodet kunne forsvinna.

«Ikke faen!» Det tenkte Ine Therese Berg. Ho er stipendiat ved OsloMet og sat på toget på veg til Trondheim då ho såg ei Facebook-oppdatering om at faget i Bergen var i fare.

– Eg skreiv ein lang Facebook-post i affekt, sa Berg under innleiinga til konferansen, og skildra ei massiv mobilisering – både for faget ved UiB og seinare for denne konferansen.

Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet ved UiB røysta til slutt for at teatervitskap framleis skal ha tre vitskapelege stillingar. I staden vart det trekt inn ei stilling i historie.

Yngst, men 60+

– No har me 16 søkjarar til masterprogrammet vårt. Så mange har me aldri hatt før, seier Hyldig.

Han er førsteamanuensis i teatervitskap, og den yngste av dei tre vitskapeleg tilsette.

– Men eg har òg passert 60, smiler Hyldig.

– Eg er svært oppteken av at faget skal vidareførast, legg han til.

– Me er glade og overvelda over at så mange har bidrege til konferansen. Men samstundes har me visst at teatervitskap har hatt mange forgreiningar. Responsen kom frå alle hjørne, seier Ragnhild Gjefsen.

Ho er stipendiat i teatervitskap, sit i arrangementskomiteen saman me mellom andre Hyldig, og fortel at alt arbeidet med konferansen er gjort på dugnad. Totalt skal det verta presentert 43 innlegg i løpet av dei tre konferansedagane. I tillegg kjem debattar og kunstnariske innslag.

– Me har fått god støtte frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og opplever at både dekanatet og rektoratet er positive, seier Gjefsen.

Ho er, som Hyldig, svært oppteken av faget si framtid.

– Det er ingen andre som skriv vår teaterhistorie dersom faget ikkje vert vidareført i Noreg, seier Gjefsen.

Støtte frå praksisfeltet

Sven Åge Birkeland, leiar for BIT Teatergarasjen har tidlegare peika på kor viktig teatervitskap-faget er. Fredag, under tittelen teatervitskapens plass i samfunnet, sa han at denne saka viser at det nyttar å kjempa for noko ein trur på.

– Teatervitskapen rommar eit mangfald. Nokre skal vera i dialog, andre skal reflektera og atter andre skal laga teater. Me er dei retta folka for ei framtid ingen kan seia noko om.

Noko av meininga med konferansen er å visa mangfaldet. Mange skodespelarar og dramaturgar har teatervitskap i botn. Då På Høyden besøkte BIT Teatergarasjen før jul, viste det seg at alle der har studert teatervitskap.

– Eg brukar teatervitskap i jobben min. Det er viktig med eit dedikert fagmijø. Akademia og kunsten heng saman, sa Solrun Toft Iversen, teatersjef for Hordaland teater, i sin appell.

No ventar Hyldig og resten av UiB-miljøet på at stillinga som vart redda skal verta lyst ut.

– Det finst fleire aktuelle teatervitarar i Skandinavia, så eg reknar med å få gode søkjarar, seier Hyldig.

Siri&Snelle, som er Siri Jøntvedt og Snelle Hall, var to av fleire performance-kunstnarar som var med på opninga av konferansen. Fleire av dei som hadde innlegg peika på samarbeid mellom universitetsfaget og kunstfeltet. Foto: Hilde Kristin Strand
Sven Åge Birkeland leiar BIT Teatergarasjen. Han skildra korleis interessa hans for teatervitskapfaget kom i Villaveien på 1980-talet. Foto: Hilde Kristin Strand
Førsteamanuensis Keld Hyldig og stipendiat Ragnhild Gjefsen er to av mange som har vore med på å arrangera konferanse om teatervitskap. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS