Debatt

Aukar eller minkar koronaproblemet ved å nekte folket å reise til hytta?

Konklusjonen er kanskje at ein bør dra på hytta, argumenterer Håvard Teigen.

Når det overordna målet er å redusere veksten i talet på smitta, er det liten tvil om at det lettast vert nådd om folk held større avstand til kvarandre, og om byfolk dreg på hytta, meiner regionforskar Håvard Teigen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I går (22.03) la eg ut ei tekst på Facebook (fb) med overskrifta «Reis til hytta – nå! (?)». Det er ikkje vanleg å utstyre ein tittel med både eit ropeteikn og eit spørsmålsteikn i parentes, men eg gjorde det for både å signalisere mitt primærstandpunkt, og at eg ville prøve ut spørsmål eg ikkje følte meg sikker på.

Publiseringsstrategien min var først å kvalitetssikre synspunkta ved å prøve dei ut blant fb-venene mine, for så eventuelt etterpå å publisere dette som ein artikkel i avis. Eg skal oppsummere dette etterpå, men først: Her er fb-teksta eg la ut:

Reis til hytta – nå! (?)

«Det er rett å lytte til epidemolgane når dei fortel oss korleis ein virus spreier seg. Det er ein strategi i alle fall eg sluttar meg til når myndigheitene vel først å stramme til – for så å løyse opp att, i staden for det omvende. Eg støtta derfor, i utgangspunktet, oppmodinga om å ikkje reise til hyttene sine, men allereie da dette vart stramma til i form av eit forbod var eg i tvil frå min faglege ståstad. Nå er tvilen i ferd med få meg til å ta følgande standpunkt: Stopp alle heisanlegg ut sesongen. Når det er gjort bør flest mogleg stimulerast til å reise på hytta, bortsett frå dei som har hytte i Oslo.

Eg er sjølvsagt usikker på om tenkinga mi er riktig – og inviterer venene mine på fb til å støtte eller fremje motargument.

Utgangspunktet mitt er at når vi har lytta og lært av epidemologien og annan helserelevant kunnskap, må andre fag putte denne kunnskapen inn i sine modellar og bidra til kunnskapsbaserte strategiar på sine fagfelt i tida som kjem. Eg har forska eit langt liv på forholdet mellom sentrum og utkant, og kva slags politiske verkemiddel styresmaktene bør bruke på dette feltet.

Eg skreiv i si tid ein artikkel med tittelen «Periferiens konkurransefordelar». Ein av fordelane eg trekte fram var at smittefaren er lågare i periferien. Dette gjeld biologisk produksjon, men også smitte mellom menneske. Helserådet nå er å halde minst 1-2 meters avstand, men å pleie den fysiske og psykiske helsa ved å gå tur eller på ski. TV-kanalane har nå i helga vore dominerte av at turgåing og overfylte parkeringsplassar er eit stort problem i storbyane. Folk hopar seg opp. På sosiale medium registrerer eg stor aggresjon mot pustande og pesande joggarar som kolliderer med eldre menneske på turstiar.

Altså: ut frå rådet om å halde avstand skulle det vere liten tvil om at det samla talet på smitta vil bli mindre om byfolket reiser til hyttene sine. Det vil bli betre plass for turgåarar i byen, og framleis lang nok avstand mellom folk på fjellet og i båtane ved kysten. Å redusere veksten i talet på smitta er det overordna målet nå, fordi flaskehalsen i helsevesenet er kapasiteten i intensivavdelingane ved sjukehusa.

Her om dagen stadfesta ein offisiell representant for helsevesenet at «isolert sett er det ein fordel om folk bur på hyttene sine». Det eine unntaket for nåverande forbod, at folk med smitte i heimen kan opphalde seg på hytta, viser at det ikkje berre er nærkontakt på gater og turstiar som er eit problem, men også trongbudde heimar der ein kan smitte kvarandre.

Det vi ut ifrå denne kunnskapen sit att med er følgande: Det samla talet på smitta vil bli mindre om vi tek hytta og fjellet i bruk, men vi står overfor eit mogleg fordelingsproblem: Når folk reiser til hyttene sine, vil sjukdom i hyttefeltet ikkje kunne taklast av hyttekommunens helsevesen. Dette er eit fordelingsproblem av typen «miss match»: pasientane og legane møter ikkje kvarandre. Spørsmålet blir da kor stort dette problemet er lys av det overordna målet om å redusere talet på smitta? Er det så stort at vi godtek fleire smitta samla sett?

Også her må eg som regionalforskar putte inn sakkunnskapen frå helsevesenet i mitt fag. I mine modellar er «lag» sentralt, her forstått som tida ein har på seg frå ein problem blir observert til at den enkelte eller helsevesenet kan gjere noko med det. Da må spesifikke kjenneteikn ved nett dette viruset inn i modellen. Kjenneteiknet som vi nå har vorte kjende med, er at denne virussjukdomen startar med lett feber og svake influensasymptom. Så tek det dagar før det slår ut så sterkt at den smitta ikkje sjølv klarer å køyre frå hytta og heim. Slik sett er det ikkje noko problem at dei smitta er på hytta si. Det helsevesenet instruerer oss til er at vi skal kontakte fastlegen vår når vi trur det er fare på ferde, men vi skal ikkje møte opp på legekontoret på grunn av smittefaren på venterommet. Vi skal kontakte fastlegen vår gjennom å ta ein telefon eller sende e-post.

Ved å vere lydige og å følgje helsevesenet sine råd, vil vi altså ikkje belaste helsevesenet i hyttekommunane i normalsituasjonen slik dette viruset oppfører seg. Vi ringer eller sender e-post til fastlegen. Bygger vi på legens faglege skjønn når han ber oss om å reise heim frå hytta? Gjer vi det, eller gjer vi det ikkje? Dersom vi følgjer legens råd fører summen av hytteopphald til færre smitta, legane i hyttekommunen blir ikkje kontakta og vi kjem oss heim tidsnok. Også «miss match»-problemet er borte.

Finst det likevel argument mot å kanalisere flest mogleg til hytta? Sjølvsagt: Dersom mange nok ikkje følgjer helsevesenet sine råd om å kontakte fastlegen, har vi kanskje eit problem sterkt nok til å nekte folk opphald på hytta. At folk er egoistiske og ikkje bryr seg om dei skadar samfunnet ved å forfølge eigeninteresse, er noko vi stadig opplever sjølv i eit tillitsamfunn som det norske. Vi såg det då folk flest hamstra mat, trass i at statsministeren instendig bad om at vi ikkje skulle gjere det. Vi ser det når folk hamstrar smittevernutstyr sjølv om det går ut over fellesskapet osv.

Dette er ein kategori argument som kunnige innanfor mitt fagfelt har den aller største respekten for. Vi tilrår derfor analysar av dei to ulike situasjonane:

  • A. Handlingar der eiga nyttemaksimering (egoisme) også er i samsvar med fellesskapets interesser.
  • B. Handlingar der summen av enkeltes nyttemaksimering fører til store problem eller potensiell katastrofe for fellesskapets interesser.

Styresmaktene har avgrensa tid og ressursar spesielt i slike situasjonar som vi er i nå. Derfor må staten prioritere å gjere tiltak mot handlingar der egoisme skadar fellesinteressene (type B-tiltak).

Spørsmålet kokar da ned til dette: korleis vil nyttemaksimerande hyttefolk forfølge eigeninteressene i dette tilfellet? Vil dei ringe til ein vilt framand hyttekommunelege, eller vil dei også trasse fastlegens råd om å reise heim? Svaret seier seg sjølv: Dei vil ringe fastlegen og dei vil reise øyeblikkeleg. Vi er i ein handlings- og beslutningssituasjon der det er samsvar mellom egoisme og fellesinteresser (type A-tiltak).

Er da problemet med at folk i rein eigeninteresse reiser til fritidshus og sekundærbustader borte? Nei, det er det ikkje. Suverent største fritidshus- og sekundærbustadkommune i Noreg er Oslo. I rein eigeninteresse er det freistande å bu så nær respiratorane og den mest avanserte og spesialiserte legetenesta som mogleg. Særleg med litt hoste og begynnande feber, kan det vere freistande å sette seg i bilen og køyre til Oslo. Altså: Ut ifrå faren for egoisme og personleg nyttemaksimalisering er det kanskje lovforbod mot å opphalde seg i fritids- og sekundærbustader i Oslo som er relevant.»


Med bakgrunn i mitt liv som akademikar er mange av fb-venene mine forskarar. Eg fekk kommentarar og innspel frå mellom anna legar, statsvitarar, økonomar og juristar. Mange valde å gje meg tilbakemeldingar og til dels store utgreiingar over messenger og sms i staden for å delta på fb-tråden. Ingen argumenterte mot hovudsynspunktet mitt:

Når hovudstrategien er å få folk til ha lengst mogleg avstand til kvarandre, vil opphald på hytta gjere at talet på smitta samla sett vil gå ned.

Håvard Teigen

Når hovudstrategien er å få folk til ha lengst mogleg avstand til kvarandre, vil opphald på hytta gjere at talet på smitta samla sett vil gå ned.

Dette hovudbodskapet vart understøtta av at nokre også hadde innsikter frå andre land. Det ser ut til at strategiar for å spreie befolkninga gjennom å ta i bruk hytter og fritidsbustader, blir meir og meir vanleg. Det blir så gjeve gode råd om korleis ein bør innrette seg. Til dømes at det beste er å køyre bil og at det aller beste er å ha to sjåførar, slik at den som ikkje kjenner seg sjuk kan køyre. Eit anna råd er at den som er på tur heim til familien og har mistanke om å vere smitta, skal køyre rett forbi heimen og familien sin, og opp på hytta for seg sjølv. Da unngår ein å smitte heile familien. Så skal vedkomande ta telefonar og sjekke med familie og lege kva som er best.

Dei fleste motargumenta mot å la folk reise på hytta er knytte til det som også har vore grunnlaget for aksjonane til ordførarane i fritidshuskommunane: Faren er stor for at lokal helseteneste bryt saman. Kommentarar og innspel sannsynleggjer at denne faren er overdriven dersom (som eg la til grunn) at alpinanlegga blir stengde saman med tilhøyrande after-ski-arrangement. Grunnen er ikkje berre at det tek så lang tid før denne sjukdomen slår ut i full blomst, og at folk i eigeninteresse vil reise heim frå hytta for å vere nær sjukehuset og respiratorane. Det blir også langt færre folk i hytteområda: utlendingane kjem ikkje, ungdomen som berre vil stå alpint og feste kjem truleg ikkje og det vil vere mange som er redde for å reise til hytta sjølv om dei veit at dette viruset ikkje utviklar alvorleg sjukdom raskt.

Eg har også fått spørsmål om kvifor eg berre skriv om hytter på fjellet og ikkje hytter ved sjøen. Her er svaret at eg har forska på fritidshus i fjellet dei siste to-tre åra, og kan så mykje at eg veit til dømes at alpinanlegg må stengast. Om det er tilsvarande smittefelle ved sjøen, kan eg for lite om. Men: Dersom også Noreg legg seg på ein strategi der vi vil redusere folkemengda i byane mest mogleg for å få avstand mellom folk, er det sjølvsagt at kystkommunane vil ha same funksjon som fjellkommunane.

Det eg er mest overraska over, er at ingen har kommentert at Oslo er største fritidshus- og sekundærbustadkommune i landet, og faren for at folk vil trekke til byen og gjere det enda trongare og tettare her. Altså at eit forbod mot å overnatte på hytta bør avgrensast til tettbygde storbyområde.

Sjølv om eg har argumentert sterkt for at det ikkje vil vere større kapasitetsproblem i helsevesenet i hyttekommunane enn i bykommunar dette året, innser eg at ikkje minst bygdefolk har vorte så skremde at hytteforbodet kanskje berre kan opphevast ved å sikre auka legetilgang i hytteområda i påskeferien. Kanskje er det lett å få dette til. Legane er sterkt overrepresenterte som fritidshuseigarar, og det kan truleg gjerast avtale med slike legar i alle store hyttefelt.

Powered by Labrador CMS