Det tyske forskingsskipet Polarstern skal frysa fast i isen. Foto: Alfred-Wegener-Institut / Mario Hoppmann

Internasjonal forskings-ekspedisjon i Nansen sine fotspor

I dag reiser verdas største arktis-ekspedisjon frå Tromsø. Forskarane skal driva i isen, slik Fridtjof Nansen gjorde. UiB er med på fleire delar av prosjektet.

Publisert

Det er 126 år sidan Fridtjof Nansen let skipet sitt, Fram, frysa fat i isen og driva mot polpunktet på Nordpolen. Som kjent lukkast han ikkje. Fredag reiser det tyske forskingsskipet Polarstern frå Tromsø. Målet er å få til det Nansen ikkje klarte.

Forskerforum skriv at skipet skal reisa til den sibirske sida av Nordpolen. Her er planen å frysa fast i eit stort isflak og koma ut i Framstredet mellom Grønland og Svalbard om eit år. På isflaket skal det byggast forskingsstasjonar og verta gjort målingar.

UiB, UiT og NTNU

Prosjektet heiter Multidisciplinary drifting Observatory for the Study of Arctic Climate (Mosaic), og er leia frå Tyskland. Det er det tyske forskingsskipet Polarstern som skal nyttast. Totalt 600 forskarar frå 70 forskingsinstitusjonar i 15 land deltek.

Dette er ein historisk augneblink for meg.

Rolf Gardinger

Det handlar om klima. Målet er å sjå Arktis som episenter for global oppvarming på nært hald, og å få innsikter som gir ein betre nøkkel til å forstå dei globale klimaendringane, heiter det på ekspedisjonen si nettside.

Data som vert samla inn skal verta brukt av forskarar globalt, for å kunne ta klimaforsking til eit nytt nivå.

Frå Noreg deltek forskarar frå Nansen-senteret NERSC, Norsk polarinstitutt, NTNU, Universitetet i Bergen (UiB) og UiT-Norges arktiske universitet.

— Dette er ein historisk augneblink for meg. Eg skal definitivt vera der, seier Rolf Gardinger til Forskerforum.

Gardinger er professor i arktisk marinbiologi, og har vore med på å planlegga toktet. Men han skal ikkje sjølv vera om bord.

UiB er mellom anna involvert i dei biologiske studia under ekspedisjonen.

— Vi er interesserte i pakkisen, og kor viktig den er for biologien i systemet. I pakksisen har du lommer av innestengt vatn, det er er mykje større biologisk aktivitet, forklarer UiB-professor Gunnar Bratbak.

Helikopter i beredskap

Ekspedisjonen er eit enormt, internasjonalt løft:

— Det er snakk om kostnader på 150 millionar euro, og ein har jobba med dette i over ti år for å få det realisert, fortel Bratbak.

Ulikt Nansen skal ikkje forskarane vera ombord i skipet i eit heilt år. Nettavisa High North News skiv om korleis det heile skal vera organisert: Det skal vera mintst tre forskingsfly involvert.

I tillegg skal det vera fire isbrytarar, frå Russland, Kina og Sverige, som står for forsyningar og bytte av personell. Langdistansehelikopter skal vera i beredskap.

Powered by Labrador CMS