Billedsamlingen ved Universitetet i Bergen er internasjonalt anerkjent. Leiar Marthe T. Fjellestad vedgår at ho er nervøs før den store flytteoperasjonen. Foto: Tor Farstad

Risikabel flyttejobb for to millionar fotografi

UiBs unike bildesamling, med fleire tonn skjøre og uerstattelege glasplater, skal pakkast og fraktast til nye lokale.

Publisert

Flyttekasser er alt tatt fram, mapper er under sortering inne i magasina i Nygårdsgaten i Bergen.

— Det blir ein stor jobb, seier Marthe T. Fjellestad, med trykk på stor. Ho er leiar ved Billedsamlingen, del av Spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB).

Billedsamlinga har i meir enn 50 år vore blant Noregs viktigaste og mest anerkjente bruks- og bevaringsarkiv for historisk fotografi. Mest berømt er dei internasjonalt kjente Knud Knudsen- og Sophus Tromholt- samlingane. Tromholt-samlinga står på UNESCOs verdsarvliste «Memory of the world» og tel 250 bilde tatt på skjøre glasplater i 1882.

Skjørt og uerstatteleg

Jobben blir ikkje berre stor, sidan samlinga tel to millionar bilde. Flyttinga er også risikabel, og det er særleg originalane på glasplater som står utsett til – fotografi tatt tilbake i første halvdel av 1800-talet. Også meir moderne filmmateriale frå 1950-talet er utsett for skadar.

Fotografi på glasplater finst det mange av, og alle må ha digital sikringskopi før pakking og flytting. Foto: Tor Farstad

— Bilda er skjøre, og vi må vere svært forsiktige for å unngå at ting går i knas. Det er nødvendig å ta digitale sikringskopiar før flyttinga, seier Fjellestad. I dag er berre om lag 60 000 av fotografia digitaliserte. Det vil neppe bli aktuelt å digitalisere alle, mellom anna fordi kostnaden blir for stor.

— I takt med at teknologien utviklar seg må også bilde digitaliserast på nytt. Bilde på glas som ikkje er digitalisert blir prioritert.

I ein større reportasje fortalte På Høyden nyleg om oppryddinga på Geofysisk institutt. Etter at det i fleire tiår mangla tiltak for bevaring av arkivverdig og faghistorisk materiale på universitetet, rykker Spesialsamlingane no ut på førespurnad. Målet er å berge og ta vare på materialet, ofte i samband med flytte og oppussingsprosjekt.

Daguerreotypi frå magasinet av Jette (f. 1839) og Anna Nicoline Friele (1841 – 1929) og Hilden Prahe (f. 1840). Foto: Tor Farstad

Tidlegare har faghistorisk materiale, fotografi inkludert, ofte hamna på skraphaugen i mangel av institusjonaliserte rutinar for bevaring.

UiB har hatt fleire store renovasjonsprosjekt siste åra. Blant dei aller største som no står for tur, er Rokkanhuset, der Billedsamlingane held hus. Hit skal størstedelen av UiBs administrasjon flytte inn, etter at byggeprosjektet er i hamn, estimert til 300 millionar kroner.

Dyrt og nødvendig

Bildesamlinga blir den i særklasse mest kompliserte flyttejobben. Og dei tilsette har det travelt. Før 2020 skal samlinga vere ute av huset. Neste stopp blir Bibliotek for Humaniora på Nygårdshøyden. Der skal mottak og topp moderne magasin stå klart til den same knappe fristen, 1. april 2020.

— Vi er heilt avhengig av ekstra ressursar for å få dette til, seier Fjellestad.

Tore Tungodden, assisterande universitetsdirektør, forsikrar om at UiB kjem til å bruke dei pengane som er nødvendig å bruke for å få flytteprosjektet trygt i hamn.

— Vi allokerer dei ressursane som trengst. Det er stor risiko knytt til å flytte mange av objekta, og for oss er kvalitetssikringa det avgjerande.

«Uheldige episoder»

Sjølv om det er eit skjørt flyttelass som skal flyttast med stor risiko, vil Billedsamlingen få eit betre og meir forsvarleg husrom dit det skal. Det er både Fjellestad og Tungodden samde om.

— Standarden for oppbevaring har utvikla seg med åra, og vi veit meir om kva behov vi har enn før, seier Fjellestad.

Neste stopp er Bibliotek for Humaniora på Nygårdshøyden der moderne magasin skal stå klart innan 1. april 2020. Berre 60 000 av dei 2 millionar fotografia i samlinga er digitaliserte. Foto: Tor Farstad

Eigedomsdirektør Even Berge forsikrar om at dei nye lokala skal tilfredsstille alle krav arkivlova stiller.

— Det gjeld klimatiske forhold, sikring mot vasskadar og brann med meir.

I ei evaluering som Universitetsbiblioteket gjennomførte i 2016 vart det peikt på at Billedsamlingen har vore ramma av fleire uhell, som vasslekkasjar og «uheldige episoder fra etasjene over», etter at Billedsamlinga flytta inn der tidleg på 2000-talet.

— Veldig mange magasin er tilbake i tid blitt lagt til areal dei ikkje burde blitt lagt til. Det ligg ei klar erkjenning til grunn for flyttinga – vi må sikre samlingane betre, seier Berge.

— Nervepirrande

Fjellestad stikk likevel ikkje under ein stol at det er ei nervepirrande utfordring.

— Men vi må få det til. Og det trur eg vi gjer, med god hjelp frå kollegaer på UiB og andre fotoinstitusjonar i Noreg.

Powered by Labrador CMS