Som ung, mellombels tilsett vil ein ikkje verta uvenn med fagmiljøet. Ein er på mange måtar prisgitt kollegaene sin velvilje. Dette kan gjera at ein lettare let seg hersa med, seier stipendiat Sofie Marhaug. Foto: Hilde Kristin Strand

Marhaug: Trur mange stipendiatar har opplevd uønskt seksuell merksemd

Som mellombels tilsett ønskjer ein ikkje å verta uvenn med fagmiljøet, seier stipendiat Sofie Marhaug.

Publisert

— Ein har gjerne ei førestelling om at å ta høgare utdanning gjer at ein vert klokare. Men det gjer ein ikkje immun mot dårleg oppførsel, seier Sofie Marhaug tørt.

18 tilsette i universitets- og høgskulesektoren har rapportert å ha vorte utsett for eit seksuelt overgrep det siste året. 299 personar har svara «ja» på spørsmål om dei har vorte seksuelt trakasserte.

Ein har gjerne ei førestelling om at å ta høgare utdanning gjer at ein vert klokare. Men det gjer ein ikkje immun mot dårleg oppførsel.

Sofie Marhaug

Felles for dei som har vorte utsette for seksuelle overgrep og seksuell trakassering, er at stipendiatar er overrepresenterte. Det er dei under 40 år som i størst grad har vorte seksuelt trakassert, og 39 prosent av dei som har vorte utsette for eit overgrep er stipendiatar. Det er mykje, sidan same gruppe utgjer 13 prosent av respondentane.

— Ganske fæle tal, kommenterer Marhaug.

Ho er stipendiat – for tida i permisjon for å driva valkamp for Raudt – og representerte fram til 1. august dei mellombels, vitskapeleg tilsette i universitetsstyret.

Disse har vært med på den nasjonale kartleggingen av seksuell trakassering

Her er de høgskoler og universiteter som har deltatt i den nasjonale kartleggingen. Det er lenke til de lokale rapportene der de finnes.

Undersøkelsen ble sendt ut til 42.778 ansatte ved 26 deltagende utdanningsinstitusjoner som totalt ble besvart av 17.984 respondenter, en svarprosent på 42 prosent. Undersøkelsen ble gjennomført mellom 20. mai og 11. juni 2019, og omfatter kun ansatte, ikke studenter.

Kilde: Ipsos/UiA

Maktstrukturar

Dag Rune Olsen peika på asymmetriske maktstrukturar som noko ein må vera obs på. Han sa òg at opplæring av rettleiarar er viktig. Marhaug peikar òg på hierarki når ho skal seia noko om kvifor stipendiatar er mest utsett for seksuell trakassering.

— Tala er ikkje uventa når ein tenkjer på at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem, som ofte heng saman med nettopp maktstrukturar. Som ung, mellombels tilsett vil ein ikkje verta uvenn med fagmiljøet, ein er på mange måtar prisgitt kollegaene sin velvilje. Dette kan gjera at ein lettare let seg hersa med, meiner Marhaug.

Ho seier at ho trur mange stipendiatar, særleg kvinner, har opplevd uønskt seksuell merksemd.

— Det kan til dømes skje på konferansar, at det ein trur er fagleg interesse i staden er ei seksuell interesse, seier Marhaug.

— Men så kan det sjølvsagt òg vera begge deler. Ein skal ikkje vera heilt paranoid.

Betre enn på 90-talet?

Metoo-rørsla har gjort at seksuell trakassering har vorte noko ein snakkar om, seier Marhaug, og det har òg gjort at oppførsel på til dømes julebord har vorte tema. Olsen sa til Khrono at sektoren må jobba med kulturen sin, og at leiarar må kommunisera at det er nulltoleranse for mobbing og trakassering.

Eg trur det er betre no enn på 1990-talet. Når eg seier det, lener eg meg på det som har kome fram i skjønnlitteraturen

Sofie Marhaug

Marhaug seier at sjølv om det er rettleiar-stipendiat-forholdet som ofte vert trekt fram, treng det slett ikkje vera rettleiarar som trakasserer.

— Det kan til dømes vera akademikarar med mykje makt, eller det kan skje på internasjonale konferansar, seier ho, og viser til Morgenbladet sin artikkel der 20 representantar for akademia fortel om sine røynsler.

— Trur du det er underrapportering av tilfelle av seksuell trakassering?

— Ein kan aldri utelukka underrapportering. Men samstundes trur eg det er betre no enn på 1990-talet. Når eg seier det, lener eg meg på det som har kome fram i skjønnlitteraturen, seier litteraturvitaren Marhaug.

Orientering til styret

Universitetsstyret ved UiB har sesongens første møte torsdag. Resultata frå undersøkinga vert ikkje ei eiga styresak, men Olsen seier at det ikkje er unaturleg at styret får ei orientering.

Eirik Hovden er ny representant for vitskapeleg tilsette i mellombels stilling.

— Styret har det overordna ansvaret for all UiB-verksemd, men det må vera nokon som kan mykje om dette temaet som bør laga ei utgreiing, seier han.

Hovden peikar òg på asymmetrien som er i sektoren.

— Det kan gjera det vanskeleg å seia ifrå. Mange fagfelt er små, slik at det ikkje alltid er så lett å byta miljø eller rettleiar. Ein har investert mykje tid og krefter – og veit at dersom ein varslar har ein ingen alternativ stad å gå, seier Hovden.

Han meiner difor at det er viktig med gode system der ein kan varsla om trakassering og mobbing på ein trygg, anonym måte, og at det vert skapt tillit til at dei sakene ein varslar om vert gripne tak i.

Vanskeleg å nå ut

Hovden seier at han, som sjølv er postdok, ikkje har høyrt historier om seksuell trakassering og overgrep frå nære kollegaer, men at trakassering, mobbing og tøffe arbeidsforhold er noko som vert snakka om blant vitskapeleg tilsette i mellombels stilling.

— Når eg no skal representera denne gruppa i universitetsstyret, er eg oppteken av å få innspel frå gruppa. Gruppe B er ei svært heterogen gruppe, som kan vera vanskeleg å nå ut til. Eg vil difor oppmoda dei som har noko på hjarta til å ta kontakt.

Les meir om undersøkinga her.

Powered by Labrador CMS