Anne Borg gler seg til å ta tak i oppgåvene som ventar nyerektoren ved NTNU. Foto: Siri Øverland Eriksen

Anne Borg er ny rektor ved NTNU. Dag Rune Olsen blir i Bergen

UiB-rektor Dag Rune Olsen var innstilt til rektorjobben ved NTNU saman med den interne kandidaten Anne Borg. Til sist var det Borg som drog det lengste strået.

Publisert Sist oppdatert

Fredag ettermiddag tilsette styret ved NTNU Anne Borg som rektor for dei neste fem og eit halvt åra, skriv Universitetsavisa.

Ifylgje avisa stod det to namn på lista over innstilte, då styret kom saman til omframt telefonstyremøte: rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen og intern kandidat Anne Borg.
Den tredje kandidaten, som òg var med i finaleheatet, trekte seg i siste liten. Det har ikkje vore offentleg kjent kven dette er.

På førehand var Borg innstilt som nummer ein til stillinga, skriv avisa.

Olsen gratulerer

Det har vore ein omfattande prosess rundt tilsetjinga av nu NTNU-rektor. Khrono har tidlegare skrive om at ti søkjarar vart til tre , der den eine var noverande UiB-rektor, Dag Rune Olsen.

Olsen er vald rektor ved Universitetet i Bergen, og perioden hans går fyrst ut sommaren 2021.

Fredag kveld sende han varme lukkeynske til Anne Borg på Twitter.

— Gler seg

Anne Borg (61) er tidlegare prorektor for utdanning ved NTNU. Ho er utdanna fysikar frå tidlegare NTH, og har vore dekan på Fakultet for naturvitskap før ho vart prorektor i 2017.

Borg vart konstituert i stillinga som rektor etter at Gunnar Bovim gjorde det kjent at han trekte seg frå jobben i august.

Ifylgje Khrono var Anne Borg alt då rektorfavoritt.

I ei pressemelding fredag seier Borg at ho gler seg til å ta tak i oppgåvene som ventar.

— NTNU har eit flott samfunnsoppdrag og ein fantastisk visjon; Kunnskap for ei betre verd. Som rektor er det mi fremste oppgåve å bidra til å realisera den visjonen, seier ho.

Styreleiar ved NTNU, Svein Richard Brandtzæg, seier i pressemeldinga av NTNU står overfor store oppgåver framover, og at han er trygg på at Borge er rett person til å leiar organisasjonen i dette arbeidet.

Powered by Labrador CMS