Dekan Helge Dahle trivst ute i naturen, og gjerne på veg opp ei bratt fjellside. Foto: Tor Farstad

Høgt heng dei

Når ein heng høgt oppe i ein fjellvegg, då må jobb rett og slett vera jobb.

Publisert

— Du treng no ikkje fortelja kor lang tid me brukte!

Amund Måge gilser mot kompis Helge Dahle, som fortel om ein tur dei to, og konene deira, har vore på. Ein tur som vart både lang og tung – men som er kjekk å tenkja attende på.

Det er torsdag føremiddag på Helleneset. Sola skin, men fjellveggen er framleis litt glatt av morgondogg. Måge og Dahle skal til topps. Til vanleg er dei marin direktør og dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Men her ute må jobb vera jobb.

— Eg plar ikkje klatra i arbeidstida, mumlar Dahle, før Måge minner om at han må rekka ein disputas om ein time – og helst skifta til dress før den tid.

Skulle redda sauer

Måge er frå Hardanger, og såg at klatring var heilt naudsynt å læra seg.

— Me hadde sauer som gjekk i skårfeste. Far min og eg skulle henta dei. Me hadde på oss tau, men me hadde jo ikkje peiling på sikring og laga våre eigne ruter, humrar han no.

Ein god del år seinare har han tatt brattkort, som betyr at han kan instruera og sikra andre. No står han trygt plassert på bakken medan kompisen gjer seg klar til å klatra opp i veggen.

Dahle har klatresele rundt livet, og slyngjer som skal festast i boltane som er festa i fjellet.

Helleneset er eit mykje brukt klatreområde. Hellen festning er eit anna område der det plar vera mange klatrarar. I tillegg finst det fleire innandørs klatreveggar i bergensområdet. Der kan ein klatra, som er med tau – eller buldra, som altså er klatring utan sikring.

Amund Måge og Helge Dahle har klatra saman i omlag ti år. Dei klatrar stort sett innandørs, det er ikkje alltid det er vêr til å klatra ute i Bergen. Foto: Tor Farstad

Har klatra sidan 1980

På beina har Dahle spesielle sko. Svaske heiter, dei, og dei gir han feste på veg oppover. I selen har han festa ein kost, som kan brukast til å gjera fjellet reint slik at han får betre tak.

Det er litt dumt å detta no, for då ramlar eg ned på den hylla der. Men eg drep meg jo ikkje.

Helge Dahle

Så er han i veggen. Som ein edderkopp bevegar han seg først sidelengs, deretter mest rett opp. Hendene vert smurde inn med kalk for at festet skal verta så godt som mogleg.

— Det er litt dumt å detta no, for då ramlar eg ned på den hylla der. Men eg drep meg jo ikkje, seier han tørt, før han vert stille.

— Når ein klatrar er ein heilt fokusert på det ein gjer. Ein kan ikkje tenkja på noko anna, seier Dahle, no trygt nede på bakken.

For han begynte klatringa då han var student tidleg på 1980-talet.

— Eg hadde lyst til å bevega meg i naturen på ein annan måte, og ønska å kunne gå i tøft terreng, seier han.

Ulike graderingar

— Me er ikkje spesielt gode klatrarar, det torer eg seia, ler Dahle.

— Ein kan sjå unge jenter som er kjappe opp her, dei er lette og smidige i kroppen.

Ein god tursekk, ein sele, og klatresko. Så mykje meir treng ein ikkje før ein er på veg oppover. Helge Dahle har vore på mange fjellturar der han kombinerer gåing og klatring. Foto: Tor Farstad

Løypa dei to karane er på veg opp, er i kategorien 5+. Ifølgje graderingssystemet betyr det at styrken vert sett på prøve og det er krav om balanse. Ei anna løype på Helleneset har grad 6.

— Det er heilt i grenseland av kva me kan klara. Men det er kjekt å testa seg sjølv, seier Måge.

Han dreg ein stor kile opp frå sekken. Kilar kan ein bruka når det ikkje er boltar i fjellet. Då festar ein kilar som ein kan henga slyngjene i, og slik koma seg oppover.

— Men denne er så stor, og eigentleg ikkje i bruk. Men han var på tilbod, ler Måge.

Snart er det hans tur til å få ein tur oppover. Den som står nede har tauet festa i sitt eige belte.

Denne er så stor, og eigentleg ikkje i bruk. Men han var på tilbod.

Amund Måge

— Og eg brukar hanske, for Amund er så lett, seier Dahle, og ser skrått på kompisen.

— Haha, eg er vel for tung, ler denne tilbake, og fortel at det er ein fordel å vera omlag like tunge når ein skal sikra kvarandre.

— Kor lenge kan ein halda på med klatring?

Måge fortel om klatrarar som har passert 80.

— Viss ein held kroppen og sinnet ungt, kan ein klatra lenge. Og eg trur det er sunnare enn å berre sitja på bingoen når ein vert pensjonist.

Tenk viss dei hadde sett meg?

Måge plukkar med seg slyngjene på veg ned fjellsida. Sekkane vert pakka, og snart susar Dahle sin elbil attende til Nygårdshøyden. Det er framleis god tid til disputasen. Det er ein kandidat Måge rettleia då han jobba ved Havforskingsinstituttet som skal i elden.

— Sjå, der går dei to opponentane, seier han, og peikar på to dresskledde like nedanfor realfagbygget.

— Lurer på kva dei hadde tenkt om dei såg meg sånn som dette.

Powered by Labrador CMS