Mange seier at dei er nøgde med fadderveka ved UiB. Men nokre melder om drikkepress, og meiner det vert drukke for mykje alkohol. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Fadderveka: Me har meir arbeid å gjera, seier viserektor for utdanning

I fadderveka vart det meldt frå om to hendingar av som får merkelappen «svært alvorleg karakter». – Me har framleis ein veg å gå, seier viserektor Oddrun Samdal.

Publisert

«Det ble registrert 16 henvendelser fra UiB-studenter. To av disse var svært alvorlige, mens de resterende var et sted mellom alvorlige og mindre alvorlige. De sistnevnte gjaldt overstadig rusete studenter, psykiske plager, fysiske plager og doping. Alle hendelsene ble håndtert i tråd med UiBs rutiner. I tillegg hadde Sammen tilbud om psykologhjelp hele døgnet ved behov for rask oppfølging».

Det heiter det i sakspapira til utdanningsutvalet ved Universitetet i Bergen. Dei har nyleg handsama ein rapport frå årets fadderveke.

Dei 16 det er snakk om, tok kontakt på varslingstelefonen faddervaktene hadde med seg. Kvar natt den første studieveka var det faddervakter i Bergen sentrum, for å gjera studiestarten tryggare.

— Me kan ikkje kommentera enkeltsaker, seier Hege Råkil, direktør for Sammen Råd & Helse.

Ho vil ikkje seia noko om dei to sakene som er karakteriserte som svært alvorlege. Viserektor ved UiB, Oddrun Samdal, seier at ho ikkje veit kva saker dette er, sidan det er Sammen som organiserte faddervaktordninga.

— Det har vore tilfelle der det vart teke kontakt med psykolog, men ikkje mange. Det har òg vore viktig for oss å sikra at faddervaktleiar og andre ansvarlege har hatt moglegheit for å samrå seg med psykolog ved behov, seier Råkil.

Gråsonesaker

Ingrid Handeland var faddervaktleiar og tilsett i Sammen i fadderveka. No har ho fått ny jobb, utanfor UiB. Heller ikkje ho ønskjer ikkje å seia noko om dei to sakene som er karakteriserte om svært alvorlege.

— Me er godt nøgde med korleis beredskapstelefonen vart brukt. Det var mange spørsmål om å setja nokon i kontakt med rette vedkomande, seier Handeland.

— Det vert skildra «gråsone-saker». Kva er det?

— Det var spørsmål der ein var usikker på kva ein skulle gjera. Skulle ein kontakta legevakt eller ikkje? Skulle ein følgja nokon heim eller ikkje, illustrerer Handeland.

Faddervaktordninga er eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane i Bergen, og det var mellom 20 og 25 faddervakter ute kvar natt.

Litt lågare tal enn i fjor

Oddrun Samdal leier utdanningsutvalet, og konkluderer slik: Me har meir arbeid å gjera.

Ei undersøking, rett nok med ein låg svarprosent, viser at det er studentar som rapporterer om både drikkepress og seksuelt press. Tala er noko lågare enn i fjor.

— Me er på rett veg, sidan me ser ein reduksjon i desse tala samanlikna med i fjor. Men det er framleis meir arbeid å gjera, seier Samdal.

Ho seier at noko av det som vart debattert i utvalsmøtet, var betre samhandling mellom fakulteta og fadderstyret. Dei siste åra har det vorte meir fagleg innhald i den aller første studieveka.

— Men me å vurdera om UiB skal ta meir ansvar, seier Samdal.

Trur ikkje på alkoholfri veke

Sara Ebling er fadderkoordinator ved UiB. Ho seier ho er nøgd med at sjølv om det vert rapportert om drikkepress, er det færre i år enn i fjor som melder om dette.

Fadderveka går ikkje i feil retning, men me må halda fram arbeidet utifrå dei tilbakemeldingane som kjem.

Sara Ebling

— Fadderveka går ikkje i feil retning, men me må halda fram arbeidet utifrå dei tilbakemeldingane som kjem, seier Ebling.

Ho seier at dersom det er ei alkoholfri fadderveke ein ønskjer, bør det vera mogleg å få det til. Men det er eit «men» her:

— Alkohol er ein del av den norske kulturen, og eg meiner me må jobba for å avgrensa alkoholbruken i fadderveka til eit sunt nivå. Me ønskjer ikkje drikkepress, men personleg trur eg ikkje fadderveka kjem til å verta heilt alkoholfri, seier Ebling.

Powered by Labrador CMS