Vinnar av Holbergprisen i 2017, filosofen Onora O'Neill, er ein av tre som skal snakke om dei store spørsmåla frå scenen i Bergen. O' Neill er professor emeritus ved Universitetet i Cambridge i Storbritannia. Foto: Tor Farstad

Møte mellom tre store: Kva står igjen å oppdage?

Vi veit mykje om dei store utfordringane i verda, men for lite om korleis vi skal løyse dei. Tre prisvinnarar møtes i Bergen for å snakke om det.

Publisert Sist oppdatert

Sjå samtalen direkte klokka 15:

Ein filosof, ein matematikar og ein astrokjemikar spør og skal prøve å finne svar: Kva står igjen å oppdage?

Prisvinnersamtalen 2019

Eit samarbeid mellom vitskapsprisane Abelprisen, Holbergprisen og Kavliprisen, med støtte frå Kunnskapsdepartementet.

Universitetet i Bergen er vertskap.

Dei tre prisvinnarene møtes i Universitetsaulane i Bergen onsdag 4. september.

Svaret er antakeleg en heil del, men svara kan samstundes bli svært ulike når dei tre møtes på scenen i Universitetet i Bergens regi – filosof og Holbergprisvinnar Onora O’Neill, astrokjemikar og Kavliprisvinnar Ewine van Dishoeck og Abelprisvinnaren og matematikaran S.R. Srinivasa Varadhan.

Feirar fri forsking

— Denne samtalen er ei feiring av den reine, nysgjerrigheitsdrivne forskinga, som er heilt avgjerande for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Denne forskinga er også kjernen i samfunnsoppdraget til universitetet, seier prorektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen.

Onora O’Neill fekk Holbergprisen i 2017 for sine markante bidrag innan politisk filosofi og etikk. I seinare tid har ho mellom anna forska på bioetikk, tillit og framtida for universiteta.

Matematikaran Srinivasa Varadhan vart Abelprisvinnar i 2007. Han er særleg kjent for å ha skapt ein einskapeleg teori for store matematiske avvik.

Ewine van Dishoeck vann Kavliprisen for astrofysikk i fjor. Hennar innsats knyter seg til emprisk og teoretisk astrokjemi og livssyklusen mellom interstellare skyer og danninga sterner og planetar, heiter det i omtalen frå UiB.

Første og førebels siste

Prisvinnarsamtalen kjem i stand etter eit initiativ frå Kunnskapsdepartementet, der målet er å samle vinnarar av dei tre store vitskapsprisane og med det løfte både grunnforskinga og prisane. I utgangspunktet er arrangementet ei eingongshending.

Powered by Labrador CMS