Karen Uhlenbeck har hatt eit hektisk program i Noreg. I Bergen fekk 76-åringen mellom anna sjå den matematiske labyrinten ved Lønningen lystgard. Foto: Eivind Senneset

Abelpris-vinnaren fekk sjå matematisk labyrint

Eit besøk i Arkimedes’ labyrint var noko av det Abelpris-vinnar Karen Uhlenbeck fekk med seg då ho vitja Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Den amerikanske matematikaren Karen Uhlenbeck er den første kvinna som har motteke den prestisjetunge Abelprisen. Sjølve utdelinga skjedde i Oslo tysdag. Torsdag var ho i Bergen. Då vitja ho mellom anna botanisk hage på Milde saman med 200 skuleelevar. Matematiskkprofessor Hans Munthe-Kaas har designa labyrinten, som er plassert utanfor Lønningen lystgard. Munthe-Kaas er òg leiar for Abelkomiteen.

Den første kvinna

— Abelprisen inneber eit stort ansvar. Eg er den første kvinna som får prisen, og mange forventar at eg skal vera ein rollemodell, og eg tenkjer mykje på det. No prøver eg å finna ut korleis eg kan bruka prispengane på best mogleg måte, sa Uhlenbeck ifølgje uib.no då ho var i Bergen.

Ho hadde føredrag i Nash-auditoriet. Auditoriet er oppkalla etter Abelpris-vinnar John Nash. Han fekk prisen i 2015, men døydde på tragisk vis då drosjen han sat i på veg heim frå flyplassen etter noregsbesøket kolliderte.

Då Uhlenbeck hadde tale i Oslo etter at ho hadde fått overrekt prisen frå H.M Kong Harald, trekte ho òg fram feminsme. Det skriv Khrono.

Uhlenbeck fortalde salen at ho ikkje har lese Virginia Woolf og Simone de Beauvoir – ho ville berre driva med matematikk.

— Eg vart oppmoda om å driva med dette. Det ville ikkje skjedd utan den andre feministbølga. Hadde eg vore fem år eldre, kunne eg ikkje gjort dette, sa Uhlenbeck.

200 skuleelevar var inviterte til å treffa Uhlenbeck i botanisk hage. Foto: Eivind Senneset

Vil dela pengane

Abelprisen er på seks millionar kroner, og ifølgje forskning.no har Uhlenbeck sagt at ho donerer halvparten av prispengane til to organisasjonar som representerer minoritetsmatematikarar.

Den neste vitskapelege prisen som skal delast ut i Noreg, er Holbergprisen. Den vert delt ut i Bergen 5. juni. Vinnar er Paul Gilroy.

Powered by Labrador CMS