norsk fagspråk

Studentane vel bort norskfaget: Klarar ikkje å fylla studieplassane

Studentane vel vekk både lektorprogrammet i nordisk og det gamle universitetsfaget nordisk språk og litteratur. Ved Universitetet i Bergen har alarmklokkene gått.

Bildet viser instituttleder Anders Fagerjord på kontoret sitt
Anders Fagerjord held til i HF-bygget ved Universitetet i Bergen. Her har det vorte utdanna norsklektorar i tiår. No er dei færre enn før.
Publisert Oppdatert

Det gamle skulefaget nordisk taper terreng.

I fjor var det færre førstevalssøkjarar enn studieplassar til lektorprogrammet i nordisk både ved NTNU og Universitetet i Bergen (UiB). 51 søkjarar hadde dette studiet på topp på søkjarlista si. Totalt har dei to universiteta 83 studieplassar.

I tillegg går søkjartala til disiplinfaget nordisk ned, viser tal Khrono har fått frå Samordna opptak. Ser ein på dei som har dette studiet som førsteval, er under halvparten av plassane tekne.

Disiplinfaget er det gamle universitetsfaget, som ein kan studera utan at ein viss type stilling ventar. Mange har tradisjonelt fylt på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og vorte lektorar, men det finst òg nordistar i andre stillingar. Lektorutdanning med nordisk gjer ein rett og slett til norsklærar.

— Det som fekk alarmklokkene til å ringja, var at me i fjor for første gong ikkje klarte å fylla studieplassane på lektorprogrammet i nordisk. Og til bachelorprogrammet vårt hadde me berre seks søkjarar, seier Anders Fagerjord, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

— Me har altså hatt ein veldig nedgang. Dette er noko som har gått litt under radaren, seier Fagerjord.

Fylte 26 av 62 plassar

Khrono har fleire gongar skrive at nokre av språkvitskapsdisiplinane som historisk sett har vore ein del av nordiskporteføljen, som leksikografi, stadnamngransking og terminologi, meir eller mindre er vekke frå akademia. Dette uroar, som Khrono tidlegare har skrive, språkrådsdirektør Åse Wetås. Ho ønskjer seg eit eige øyremerkt forskingsmiljø for norsk språk.

No viser det seg også at søkjartala til både lektorprogrammet og disiplinfaget nordisk går ned. Verst er det for sistnemnde. Her har Samordna opptak tal for bachelorprogrammet, masterprogramma har lokale opptak.

— Det går bra med lektorprogrammet vårt. Men for det andre programmet, som er for dei som ikkje heilt veit om det er lektorar dei vil verta, er berre 26 av 62 plassar fylt opp, seier Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo (UiO).

Bjørkøy understrekar at det er mogleg å verta lektor ved å ta master innanfor disiplinfaget og så fylla på med praktisk-pedagogisk utdanning etterpå.

— Utfordringa vår er at dette programmet må vera annleis nok frå lektorprogrammet, men samstundes må det ikkje fjerna seg heilt frå skulen.

Førstevalssøkjarar på bachelorprogram i nordisk språk og litteratur

Universitet 2020 2021 2022
NTNU, 25 plassar14216
Universitetet i Agder, 25 plassar1476
Universitetet i Bergen, 30 plassar18149
Universitetet i Oslo, 65 plassar566439
Universitetet i Stavanger, 10 plassar11135
UiT Norges arktiske universitet, 10 plassarfærre enn 5færre enn 5færre enn 5

Kjelde: Samordna opptak

Færre gode søkjarar til stipendiatstillingane

På Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har søkjartala til lektorutdanninga gått ned dei siste fem åra, og har no nullopptak.

— Studentane søkjer seg ikkje til språkfaga, konstaterer Jørn Boisen, instituttleiar ved Institutt for språk og litteratur.

Sjølve norskfaget er han minst uroa for, seier Boisen. Det vert teke vare på gjennom grunnskulelærarutdanninga, og ein ser i tillegg at lærarar søkjer seg til vidareutdanning i faget. Men dei andre språkfaga taper terreng. Det same ser ein i Boisen sitt heimland, Danmark.

— Men der søkjer ein seg til dansk og nordisk. Eg trudde nedgangen hos oss skuldast at studentane heller søkte seg til dei store universiteta, men dei rapporterer òg om nedgang, seier Boisen.

Han peikar på nordiskfaget som eit kulturberande fag, og får støtte frå Fagerjord ved UiB.

— Det er grunn til å tenkja over kva det betyr at færre studerer dette faget, seier Fagerjord.

Når det gjeld dei som faktisk tek nordiskfaget, er det flest som skriv masteroppgåver innan litteraturdelen av faget.

— Om lag to tredelar vel litteratur, så det er ikkje ein total kollaps for språkemna. Men me ser òg at me har færre gode søkjarar til ph.d.-programmet, seier instituttleiaren.

— Kven skal undervisa neste generasjon på universiteta dersom ingen vil ta master innan disiplinfaget?

— Dei som tek lektorprogrammet hos oss kan òg gå vidare til doktorgrad, seier Fagerjord.

Førstevalssøkjarar lektorprogram med nordisk

Universitet 2020 2021 2022
NTNU, 43 plassar504128
Universitetet i Bergen, 36 plassar553223
Universitetet i Oslo, 65 plassar725478

Kjelde: Samordna opptak

Studentane vil vita kva dei kan verta

For nokre år sidan sa Universitetet i Oslo at dei ikkje lenger ville ta ansvar for språksamlingane, eit ansvar dei hadde fått frå departementet på 1970-talet. Samlingane vart flytta til Universitetet i Bergen, men det er ikkje mange stillingar knytt til dei.

— Me må tilby utdanningar som er tilstrekkeleg arbeidslivsrelevante. Det er truleg ikkje så mange 19-åringar som tenkjer at det er stadnamnkonsulentar dei skal verta, seier Lars August Fodstad, som er instituttleiar ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU.

Fodstad seier at studentane i større grad enn tidlegare er opptekne av kva dei kan verta etter endt utdanning.

— Dersom ein skal ha studietilbod i mange høgt spesialiserte emne med få studentar, må ein ha fleire tilsette. Når finansieringa er som ho er, med at ein del av tildelinga er knytt til såkalla kandidat- og studiepoengproduksjon, er det krevjande å spreie ressursane for tynt utover. Tidlegare tiders finansieringsordningar opna i større grad for at ein kunne halda seg med vitskapleg tilsette innan felt som hadde få studentar, seier han.

— Dersom ein brukar veldig mykje ressursar på dei fagmiljøa som ikkje er økonomisk berekraftige, vil dette i praksis gå ut over tilbodet til dei studentane som tek meir populære emne. Det vert feil.

Vil tilby smakebitar

I tillegg til at Språkrådet har sagt at dei er uroa, har regjeringa varsla ein handlingsplan for norsk fagspråk.

— Dersom dette faktisk er ei nasjonal uro, må det koma ei politisk erkjenning — og det må òg får politiske konsekvensar, seier Fodstad.

Bjørkøy ved UiO har tidlegare sagt til Khrono at universiteta har vorte meir butikk enn dei skulle ønska.

— Tidlegare var det ein del små modular som låg i grunnfaget, mellom anna leksikografi og namnegransking. Det er no vekke. Me får ikkje til å tilby emne som desse så ofte som me skulle ønska, men prøver å baka nok inn i bachelorgrada til at studentane vert nyfikne nok til at dei ønskjer å gå vidare på master- eller ph.d.-nivå.

Instituttleiaren peikar på instituttet ho leier som eit slags morsmålsinstitutt. Ho seier at studentane i større grad vel emne som litteratur, retorikk eller klarspråk.

— Me ser når me skal tilsetja i stillingar i språkvitskap at det er færre å velja mellom. Det er urovekkande, seier Bjørkøy.

— Eg skjønar Språkrådet sin uro. Det handlar om å kunne ha ein fagleg samtale på norsk.

Sak oppdatert 1.2 kl 9.17 med korrekte tal for NTNU sitt bachelorprogram og kl 10.15 med oppdatering for USN.

Powered by Labrador CMS