universitetet i bergen

No får ho disputera likevel

Fakultetet meinte avhandlinga hennar ikkje kunne godkjennast og nekta henne å disputera. No har fakultetsleiinga snudd. — Eg er letta og glad, seier Camilla Wright.

Bildet viser Camilla Wright
Ho veit endå ikkje når det vert disputas, men Camilla Wright er letta og glad over at to nye sakkunnige støttar den sakkunnige komiteen: Avhandlinga hennar er god nok for disputas.

I september fekk Camilla Wright beskjed om at fakultetsleiinga ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) meinte at avhandlinga hennar ikkje kunne godkjennast for disputas, sjølv om ein einstemmig sakkunnig komite nokre veker tidlegare hadde sagt at avhandlinga var god nok.

Saka har vore drøfta i fakultetsstyret to gongar, og to nye sakkunnige har kome med kvar sin uttale. Dei konkluderer med at avhandlinga er god nok til at ho kan forsvarast gjennom disputas.

Etter at dei to nye sakkunnige har sagt ja, har fakultetet godkjent innstillinga frå den første komiteen på fullmakt.

«Fakultetet vil videre be Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap om å starte forberedelsene med tanke på gjennomføring av prøveforelesning og disputas», heiter det i eit brev frå fakultetet til Wright.

— Eg er letta og glad, seier hovudpersonen sjølv til Khrono.

Ho leverte avhandlinga si for andre gong i sommar.

— Dersom dette ikkje går bra, får eg rett og slett ikkje doktorgrad, sa Wright til Khrono i haust.

— Aldri vore borti slikt

Ein av dei to nye sakkunnige er Anne Stensvold, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho skriv i rapporten sin at «med solide språkkunnskaper og god kjennskap til religion og kultur fra tidligere arbeidserfaring i regionen, har Wright gjennomført et systematisk og grundig feltarbeid som bringer ny innsikt til et lite studert religionsvitenskapelig forskningsfelt. Wrights inngang til feltet er preget av systematisk kunnskap og engasjement».

I tillegg har Stensvold sendt eit eige brev til fakultetsleiinga. Der skriv ho at ho allereie i oktober takka ja til å vera sakkunnig, men berre dersom ho fekk tilgang til den sakkunnige komiteen si innstilling.

Det første vedtaket i fakultetsstyret var at dei to nye sakkunnige skulle lesa og vurdera avhandlinga utan å få vita kva dei første ekspertane hadde sagt.

— Eg visste ikkje om det var avhandlinga eller innstillinga som var problemet, skriv Stensvold.

Vidare skriv ho at ho meiner problemet var innstillinga, ikkje sjølve avhandlinga.

«For å unngå slike situasjoner i fremtiden vil jeg foreslå at man innfører en ordning hvor instituttbestyrer kvalitetssikrer innstillinger fra bedømmelseskomiteer til ph.d. før de sendes til fakultetet for behandling», skriv professoren.

Stensvold seier til Khrono at ho ikkje ønskjer å kommentera Wright si sak.

— Eg håpar UiB no diskuterer sine eigne prosedyrar for å unngå ein slik situasjon igjen. Det er ille at det går så langt at ein kandidat trur det berre var ein formalitet som stod att før skulle verta disputas. Eg har aldri vore borti noko slikt.

Professoren seier at ho som enkeltforskar ikkje vil kunne gjera ei betre vurdering enn ein sakkunnig komite. Ho peikar på at ein slik komite aldri er tilfeldig samansett.

— Å skulle peika ut to eksterne enkeltforskarar som skulle vera heilt blanke når dei gjekk inn i dette hadde vore heilt meiningslaust. Eg synest oppdraget eg fekk var uklårt, og bestemte difor at det eg kunne gi fakultet var eit grunnlag for å ta ei informert avgjerdsle, seier Stensvold.

Ho meiner, som ho skriv i brevet til fakultetsleiinga ved Det humanistiske fakultetet, at det er instituttleiarane som må ha ansvar for at dei sakkunnige rapportane som kjem er gode.

— Som institusjon ønskjer ein seg dei beste utgreiingane. Instituttleiar bør ha som del av si rolle å sjå til at dei er klåre. I denne rolla ser ein mange slike tekstar, seier Stensvold.

Bildet viser Camilla Wright
Fakultetsleiinga tek sjølvkritikk og seier kommunikasjonen med kandidaten burde vore betre. Camilla Wright har levert avhandlinga si ved Universitetet i Bergen, men bur i dag på Austlandet, der ho òg jobbar.

Håpar på oppsummering

Både Forskerforbundet og Wright sin bi-rettleiar Jan Heiret har vore kritiske til fakultetet si handsaming av saka.

Heiret har tidlegare peika på det Stensvold no etterlyser.

— Det er ikkje uvanleg at det vert peika på uklarheiter i ein sakkunnigrapport. Men i dei sakene eg kjenner til, har ein gått i dialog og alltid klart å koma til ei avklaring. No vel dekanatet ein ny måte å gjera det på, og det råkar stipendiaten, sa Heiret til Khrono i fjor haust.

Han har sjølv vore instituttleiar i åtte år.

Heiret seier som Stensvold at han håpar det no vert ei skikkeleg oppsummering av saka.

— Det er strålande flott at Wright får disputera. Men eg reknar med at det vert ei oppsummering av denne saka i fakultetsstyret der praksisen framover vert diskutert. Då tenkjer eg både på måten fakultet skal handsama sakkunnige vurderingar på og eg tenkjer på praktisering av Offentleglova og meiroffentlegheit, seier Heiret.

— Samanbrot i universitetsdemokratiet

Heiret ønskjer seg kollegiale diskusjonar i forkant av formelle prosessar.

— Det har vore tradisjon for at instituttleiar har lese sakkunnige vurderingar og gått i dialog med komiteen dersom noko har vore uklårt. Eg håpar ikkje denne saka endar med at dekanatet innfører ein ny, meir formalistisk praksis, seier han.

— Måtte noko slikt aldri gjenta seg, skriv Helge Holgersen, tillitsvald i Forskerforbundet, i ein sms til Khrono.

Holgersen skriv at han håpar fakultetsleiinga tek inn over seg at det ikkje er deira oppgåve å overprøva faglege komitear.

— Heile sektoren kviler på ein respekt for faglege komitear sine vurderingar av avhandlingar og til tilsetjing i faglege stillingar. Dersom HF-leiinga i Bergen sin framgangsmåte skulle følgjast ville sektoren bryta saman av konflikter. Legg me til ulovleg press om tausheit frå HF-leiinga og det å halda attende informasjon, har ein oppskrifta på eit samanbrot i det universitetsdemokratiet rektoratet ved UiB på framifrå vis prøver å ta vare på.

Holgersen synest heile saka har vore prega av at fakultetet ikkje har sikra Forskerforbundet sitt medlem på ein god måte.

— Eg merkar meg at dekanatet, etter at ein samla komite og to ekstra sakkunnige alle har innstilt på disputas, i det korte brevet kandidaten fekk ikkje er i stand til å gratulera eller ønska lukke til med disputasen, seier han.

Prodekan: Det beste utfallet

Prodekan ved Det humanistiske fakultetet, Ole Hjortland, skriv i ein e-post til Khrono at fakultetet er svært glade på Wright sine vegner.

Fakultetet burde kommunisert betre med kandidaten, seier prodekan Ole Hjortland.

— For fakultetet er dette det beste utfallet av ei vanskeleg sak.

Hjortland seier at fakultetsstyret verken har underkjent avhandlinga eller gjort ei eiga vurdering av henne.

— Men styret konkluderte med at komiterapporten ikkje gav eit godt nok grunnlag for å ta stilling til om avhandlinga burde verta godkjent eller ikkje.

I haust fekk fakultetet kritikk då saka skulle opp på nytt i fakultetsstyret ein månad etter første møte — utan at det hadde skjedd noka utvikling i saka.

— Var grunnen til at saka var oppe på nytt at professor Anne Stensvold sa at ho ikkje ville ta på seg oppdraget dersom ho ikkje fekk sjå innstillinga frå den første komiteen?

— Det stemmer at Stensvold stilte dette som ein føresetnad. Men grunnen til at me kalla inn til eit ekstraordinært fakultetsstyremøte, var for å få avklart kva dokument nye sakkunnige skulle få, sett opp mot UiB sitt regelverk, svarar Hjortland.

Tek sjølvkritikk

Prodekanen er samd med Stensvold i at ein treng betre kvalitetssikring av innstillingar.

— Fakultetsstyret er avhengige av at innstillingane ikkje berre har ein tydeleg konklusjon, men òg ei grunngiving som støttar konklusjonen. Sidan det er fakultetet som oppnemner sakkunnige komitear, er det òg vårt ansvar å syta føre at komiteane leverer innstillingar som gir styret eit godt grunnlag når dei skal fatta vedtak.

— I etterpåklokskapens teikn, er det noko fakultetet kunne eller burde gjort annleis i denne saka?

— Ja, for det første burde fakultetet kommunisert betre med kandidaten. Dette er me leie oss for, og det vert viktig å arbeida fram betre rutinar. For det andre må me ta ansvar for at fakultetet tok imot ei innstilling frå den sakkunnige komiteen som ikkje gav eit godt nok grunnlag til å kunne fatta eit vedtak. Det tyder på at me må få på plass betre rettleiing i UiB sitt regelverk.

— Forskerforbundet meiner de no burde gratulera Wright. Vil de gjera det?

— Gratulerer så mykje med godkjend avhandling!

Powered by Labrador CMS