Etter koronapandemien er det noko ein veit veldig mykje om. Andre ting ville forskar Gunnveig Grødeland gjerne visst meir om.

Gunnveig Grødeland er leiar for forskingsgruppa Influensa og adaptiv immunitet ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus. Ho meiner det er ein del arbeid som må gjerast no, før neste pandemi råkar.

Vaksineforskar Gunnveig Grødeland: Mykje meiningslaus covid-forsking

— Det kjem ein ny pandemi.

Gunnveig Grødeland er svært tydeleg.

Seniorforskaren ved Immunologisk institutt ved Universitetet i Oslo har vore mykje i media dei siste par åra. Ho var òg ein av dei første som erklærte koronapandemien for avslutta. For dei fleste er pandemien over, sa ho allereie tidleg i januar i år. 12. februar fjerna regjeringa dei aller fleste tiltaka.

Det er kanskje vanskeleg å hugsa no, med julegateopningar og juleavslutningar og kjøpesenter fulle av julehandlande menneske. Men førjulstida for nøyaktig eit år sidan såg ganske annleis ut, med skular som igjen stengde — fordi smittetala var skyhøge. Men færre vart alvorleg sjuke.

Kor lenge Adam og Eva kjem til å vera i paradis? Det er umogleg å seia.

— Ein ny pandemi kan koma i morgon eller om hundre år, seier Grødeland.

— Men ein kan ikkje gå rundt og vera uroa for nye virus. For at det skal verta ein ny pandemi, må det nye viruset tileigna seg evne både til å smitta effektivt og forårsaka sjukdom. Det vil skje ein gong i framtida, men dei fleste nye virusa som kjem vil ikkje ha dei riktige føresetnadane for effektiv smitte.

— Kva har me eigentleg lært?

No er ein altså i ei slags fredstid, sjølv om det framleis er ein god del covid-19-smitte. Grødeland har sjølv hatt sjukdommen minst to gongar, fortel ho.

Men med færre alvorleg sjuke og høg vaksinasjonsgrad er det på tide å bu seg på det som kanskje kjem — ein gong. Då må ein sjå på kva ein har lært av denne pandemien, og vurdera kva som bør gjerast annleis neste gong.

Grødeland er tydeleg på ein ting: Dersom det kjem ein liknande pandemi, bør ein ha ein heilt annan plan for vaksineringa enn ein hadde denne gongen. Som utgangspunkt meiner ho bør ein starta med Oslo-området, rett og slett fordi det er der det bur flest menneske.

— Virus vert spreidde når menneske møter kvarandre. Eg var likevel litt overraska over å sjå at det berre var osloområdet som hadde relativt høg og kontinuerleg smitte gjennom pandemien. Med dette følgjer at det òg var høgare risiko for alvorleg sjukdom og død for eldre i Oslo enn for i resten av landet. Dette får me og stadfesta frå dødsårsaksregisteret, seier Grødeland, og legg til:

— Eg vert litt oppgitt når eg snakkar med menneske som bur andre stader i Noreg og fortel at «veit du kva, mine barn var to veker på heimeskule». Mine var i to år!

Det andre spørsmålet er korleis ein best kan verna dei mest utsette eldre mot alvorleg sjukdom. Grødeland seier at så lenge vaksinen har effekt når det gjeld å hindra smittespreiing, noko vaksinane hadde godt ut i 2021, vil det truleg vera meir effektivt å vaksinera helsepersonell ved alders- og sjukeheimar for å beskytta dei mest utsette. Då kan ein hindra å få smitte inn på institusjonane.

— Me veit at vaksinar som tommelfingerregel har redusert effekt hos eldre, og spesielt dei som er på alders- og sjukeheimar, seier Grødeland.

Hovudlause datasett

Det er forska på vaksinering. Og konklusjonen: Ein utviklar antistoff.

— Internasjonalt har ein studiar frå nesten kvart einaste sjukehus, by og kommune, seier Grødeland.

— Er ikkje poenget med vaksinar at ein nettopp skal utvikla antistoff?

— Jo. Me har lært at læreboka fungerer. Men kva har me elles eigentleg lært? Me har til dømes lært svært lite om samspel mellom immunsystem og virus.

Under eit debattmøte i Det Norske Videnskaps-Akademi tidleg i november var temaet «bør me tenka nytt når neste pandemi rammar». Grødeland var ein av innleiarane, og sa at mykje av covidforskinga var poenglaus.

— Det var mykje duplisering av forsking. Er dette rett ressursbruk? I think not. Det me hadde hatt behov for var forsking, ikkje hovudlause datasett, sa Grødeland.

Til Khrono seier ho at ein via Forskingsrådet hadde utlysingar knytte til pandemien.

— Men dei var skreddarsydde og i lita grad retta inn mot fleire område der Noreg kunne ha bidrege til kunnskap som kunne ha gjort det mogeleg å forstå grunnlaget for vern betre. Til dømes var det ikkje eitt tema eg som immunolog og vaksineforskar kunne søka på, seier Grødeland.

Ho seier vidare at det òg i avgrensa grad var mogeleg å søka på prosjekt der ein fekk utnytta dei biobankane og innbyggarstudia ein har i Noreg til å læra noko om vern i ulike grupper av innbyggjarar.

— Resultatet var at me i Noreg gjorde mykje det same som resten av verda, heller enn å dra nytte av dei fortrinna me kunne hatt, og som kunne ha kome også resten av verda til gode.

I forskargruppa Grødeland leier er hovudtemaet uansett alltid pandemi, seier ho.

— No prøver eg å forstå korleis immunresponsar er ulike på individnivå. Kvifor er det til dømes slik at overvektige har større sjanse for alvorleg sjukdom? I tillegg jobbar me med å koma nærare eit nivå der ein på førehand kan seia noko om korleis ein vil reagera på eit virus X.

Gunnveig Grødeland og forskargruppa ho leier forskar alltid på noko som er relevant for pandemi. No prøver dei mellom anna å forstå kva det er som gjer at nokre grupper, som overvektige, har større sjanse for alvorleg sjukdom enn andre.

Vil revidera lov

12. mars 2020 sa dåverande statsminister Erna Solberg at regjeringa innførte dei strengaste tiltak i fredstid: Skular, barnehagar, kinoar og treningssenter var noko av det som stengde. Alle som kunne, skulle ha heimekontor. Men kva som fungerte eller ikkje av tiltaka på samfunnsnivå, er ikkje forska på.

Under det same møtet i vitskapsakademiet tok fleire, mellom anna tidlegare forskingsrådsdirektør John Arne Røttingen, til orde for at helseforskingslova er moden for revisjon. Lova seier at for å kunne gjennomføra medisinsk eller helsefagleg forsking på menneske, treng ein samtykke. Det betyr at ein, ifølge paragraf 13, treng «frivillig, spesifikk, informert og utvetydig viljesytring fra deltakeren der vedkommende ved en erklæring eller tydelig bekreftelse gir sitt samtykke til behandling av helseopplysninger eller humant biologisk materiale».

Det betyr til dømes at forsking på om det vart meir eller mindre smitte ved skulestenging, er noko ein ikkje har fått gjort. Prosjekt om det vart meir eller mindre smitte ved handvask med såpe enn dersom ein brukte handsprit, eller om ein såg endringar i smitte dersom ein sette inn luftreinsar i klasserom i Oslo, kunne heller ikkje gjennomførast.

— Det hadde vore lurt å forska på folkehelsetiltak, seier Grødeland.

— No har me ikkje lært noko om tiltaka, og me har ikkje lært noko om kva som har effekt.

— Meiner du, som Røttingen, at helseforskingslova bør reviderast?

— Ja, det er på tide med ein revisjon. Ein må særleg sjå på dette med samtykke sett opp mot samfunnet sin potensielle nytte i saker der belastninga for enkeltpersonar er lita. Å vita noko om til dømes smitte og opne eller stengde skular er i samfunnet si interesse, så eg meiner lova bør reviderast for å få dei svara ein de facto ikkje har i dag.

Virus spreier seg ikkje utan at virus er tilstades, seier Gunnveig Grødeland. Ho meiner helseforskingslova må reviderast slik at det òg kan vera mogleg å forska på dei tiltaka som vart sett inn på samfunnsnivå.

Tiltak utan virus

Å sjå på lovtekstane er noko ein bør gjera no medan det er ro, meiner Grødeland. I møtet i vitskapsakademiet var ulike lover og dei ulike nasjonale forskingsetiske komiteane drøfta.

— Me veit heller ikkje noko om kva det har gjort med psyken å ha så mykje heimeskule som mange ungdommar har hatt. Det er så mykje ein skulle visst meir om!

— Var ein for dårleg førebudde på at det kunne koma ein ny pandemi?

— Eg vil ikkje seia at ein var dårleg budd, for problemet er at ein ikkje veit heilt kva ein skal førebu seg på. Men eg trur ein var litt for redde. Mange kommunar skrytte av tiltaka sine med gjennomførte nedstengingar og avgrensingar — men så hadde dei ikkje eit einaste smittetilfelle. … Virus spreier seg ikkje dersom viruset uansett ikkje er til stades. Ved ein liknande neste pandemi bør ein vera tydelegare på at dersom ein ikkje har virus i eit område, skal dagleglivet vera så normalt som råd.

Ser framleis spanskesjuka

Dei eldste og dei i risikogruppe fire har fått fjerde vaksinedose mot covid-19. Men kor lenge må ein rekna med å vaksinera seg mot denne sjukdommen?

Lenge.

Eit lite virus kan gjera stor skade. Og truleg må ein leva med SARS-CoV-2 lenge, hundre år etter ser ein framleis etterdønningar etter spanskesjuka.

Grødeland humrar litt før ho fortel:

— Det mange ikkje tenkjer på, er at me framleis har etterdønningar etter spanskesjuka. Fleire av dei influensavirusa som kvart år er årsak til sesonginfluensa er direkte etterkomarar av det H1N1-viruset som var årsak til spanskesjuka rundt 1918. Så ein må rett og slett leva med desse virusa.

Målet for forskarane er at ein etter kvart skal kunne ta ei influensavaksine som òg inneheld komponentar mot covid-19. Men det er ikkje alle som skal, eller til og med bør, ta ei slik vaksine.

— Det er alltid biverknader av vaksinar. Så dei som bør ta er dei som er eldre eller i risikogruppe. Vaksinane mot SARS-CoV-2 kan i dag berre gi vern mot alvorleg sjukdom. Me som i utgangspunktet har låg risiko for alvorleg sjukdom, og som har grunnvern gjennom tidlegare vaksinering og smitte, har inga nytte av fleire dosar på noverande tidspunkt. Difor bør me ikkje vaksinera oss. Me vert ikkje veldig sjuke.

Powered by Labrador CMS