doktorgrad

Ber fakultetet snu om doktorgraden som blei stoppa i tolvte time

Ein månad etter at det skulle finnast nye sakkunnige til å vurdera doktorgraden, har lite skjedd. — Eg har aldri sett maken, seier tillitsvald.

Helge Holgersen i Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen reagerer sterkt på at ei avhandling, som allereie er einstemmig godkjent for disputas av ein sakkunnig komite, skal handsamast for andre gong i fakultetsstyret.
Publisert Oppdatert

I slutten av oktober vedtok fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Bergen (UiB) at Camilla Wright si doktoravhandling skulle sendast til to nye sakkunnige for vurdering, sjølv om ein einstemmig sakkunnig komite hadde sagt at avhandlinga var god nok for disputas.

Ein månad seinare er ingen nye sakkunnige oppnemnd. Men saka skal handsamast på eit ekstraordinært fakultetstyremøte i dag, 25. november.

No er styremedlemmene bedne om å vedta at dei nye sakkunnige skal få tilsendt innstillinga som vart gitt då Wright leverte avhandlinga si første gong i 2020. Denne avhandlinga vart underkjend.

— Eg har aldri sett på maken, seier Helge Holgersen, tillitsvald og styremedlem i Forskerforbundet ved UiB.

Ber om at saka vert stoppa

Både Holgersen og Wright reagerte på at dei nye sakkunnige ikkje skulle få vita at avhandlinga hennar var einstemmig funnen god nok for disputas.

— Eg fryktar at dei vil leita etter noko gale når dei ikkje får vita, òg fordi det å be om ytterlegare vurdering når det ligg føre ei einstemmig positiv innstilling er uvanleg praksis, sa Wright i oktober.

— Men no er det jo ingen som vil kunne få denne avhandlinga utan å vita korleis den første innstillinga var. Så det verkar som om fakultetet vil visa at det har vore noko gale ein gong, seier Holgersen.

Han har ei klar oppmoding til fakultetsstyret:

— Eg håpar saka vil verta diskutert breiare og at styret tek eit klokare val, nemleg å stoppa saka — før ho utartar til tull med komitear som skal vurdera uklåre forhold med uklårt mandat. Er det avhandlinga, innstillinga eller begge deler som skal vurderast? Og ikkje minst, kan fakultetsstyret stå for at dei overprøver ein fagleg komite, spør Holgersen.

Vil ikkje svara

Prorektor for forsking ved fakultetet, Ole Hjortland, har tidelgare sagt til Khrono at fakultetet alltid prøver å ivareta stipendiatane. Holgersen synest ikkje det som skjer no tyder på dette.

— Eg synest fakultetsleiinga her prøver å sverta medlemmet vårt, og eg kan ikkje sjå at det har skjedd noko som helst på ein månad.

Khrono har sendt fleire spørsmål til Hjortland på e-post. Han svarar:

— På generelt grunnlag kan eg seia at me jobbar konstant med kvalitetssikring av alle ledd av forskarutdanninga ved fakultetet og for å sikra doktorgrdaskandidatane på best mogleg måte. Når det gjeld dei konkrete spørsmåla kan me ikkje uttala oss om ei styresak som er unnateke offentlegheit og som endå ikkje er handsama i styret.

Fleire stiller med vara

Også Wright sin bi-rettleiar, historieprofessor Jan Heiret, reagerte då saka skulle opp i fakultetsstyret første gong.

— For meg som rettleiar er det forstemmande at dekanatet brukar reglementet så rigid at det kan føra til underkjenning av ei avhandling som ein enstemmig komité meiner skal godkjennast. Stipendiatar er sårbare, og her vert regelverket brukt mot ein stipendiat, sa Heiret.

Som Khrono har skrive, vart det minst mogleg fleirtal i fakultetsstyret i førre runde. Professor Laura Saetveit Miles sa då at ho syntest rapporten var klår. Stipendiat Pernille Reitan Jensen, som representerer gruppe B, vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, sa at ho hadde ønska eit anna utfall. Både Miles og Jensen har vara i fredagens møte, og ønskjer ikkje å uttala seg om saka før styremøtet.

Det gjer heller ikkje Mari Lund Eide, som stiller som vara for gruppe B.

På generelt grunnlag seier ho at:

— Alle som sit som stipendiat eller i ei anna mellombels stilling veit at det kan vera utruleg nervepirrande. Så eit ekstra tidsaspekt kan vera ei kjenslemessig påkjenning.

Endringslogg: Dei nye sakkunnige skal ikkje få tilsendt den første utgåva av avhandlinga, men innstillinga knytt til denne. Endra 25.11 kl 12.02.

Powered by Labrador CMS