Universitetet i Stavanger

Fekk nei til psykologi. Tilsette sju utan utlysing

Den sakkunnige komiteen seier nei til psykologistudium i Stavanger. No har styret ved Universitetet i Stavanger tilsett sju vitskapeleg tilsette for å oppfylla krava frå Nokut.

Rektor Klaus Mohn og resten av UiS jobbar no i ekspressfart for å få Nokut til å seie ja til å la dei utdanna kliniske psykologar.

Sakshandsaminga ved Universitetet i Stavanger (UiS) har gått i rekordfart etter at universitetet fekk melding om at Nokuts sakkunnige komite seier nei til at UiS skal få starta opp profesjonsstudium i psykologi.

Ein av grunnane til avslaget er at dei ikkje hadde nok vitskapeleg kompetanse.

Fristen for å gi tilsvar på Nokut-komiteen sitt avslag er 28. november. I løpet av knappe to veker har universitetet funne fram til sju professorar og førsteamanuensar i psykologi.

Måndag blei alle sju tilsett av eit samla styre, utan at stillingane var lyste ut på førhand. Tilsettingane skjedde i eit ekstraordinært digitalt styremøte måndag ettermiddag.

Sju blei kalla

Dei sju nytilsette, som samla utgjer rundt 3,5 årsverk, blei tilsette under «kalling».

Ordninga med kalling er heimla i lov om universitet og høgskolar § 6—3 (4), der det heiter at «når særlege grunner taler for det, kan styret gjennomføre tilsetting i undervisnings- og forskerstillinger utan forutgående kunngjering. Slik tilsetting kan ikkje gjerast viss meir enn eitt medlem av styret motset seg dette».

Styret ved UiS var måndag samrøystes.

Styret ved UiS, fra venstre: Sigrun Karin Ertesvåg, Kristi Bjørnes Skeie, Anne Marit Panengstuen, Anne Marit Aspenes, Tom Hetland, Mahnoor Raja, Svein Erik Tuastad, Martin Solheim, Kolbjørn Kallesten Brønnick. Eskild Holm Nielsen og Janne Johnsen var ikke til stede.

— Vi har god tru på at dette vil styrke våre sjansar til å nå igjennom hos Nokut i neste omgang, seier rektor Klaus Mohn, som også legg til at dei nye stillingane vil tilføre ny forskingskompetanse ved universitetet, noko som også blei etterspurt frå komiteen.

Desse blei kalla

Dette er dei sju som i går blei tilsett:

Johannes Langeveld tilsett ved kalling i 50 prosent stilling som professor i psykologi ved Institutt for sosialfag frå 01.08.2024.

Liv Sand, Harald Beneventi, Alexander Hagen Erga, Monica Haraldseid Breitve, Julio R. Garcia-Salas H og Carmen Jarvin tilsett ved kalling i 50 prosent stilling som førsteamanuensis i psykologi ved Institutt for sosialfag frå 01.08.2024

Heilt ekstraordinært

— Men sju nye stillingar på kalling, det er ikkje dagleg kost?

— Nei, absolutt ikkje. Dette er heilt ekstraordinært, og det var styret samd i. Vi har tre veker til å svare og handle på, så vi måtte snu oss raskt, seier Klaus Mohn.

— Vi er frustrerte over at ting tar så lang tid i Nokut. Vi kjem ikkje til å rekke å starte opp eit potensielt nytt studium til neste haust no. Vi er avhengige av å få tildelt studieplassar, og første moglegheit er revidert budsjett i mai, seier Mohn.

Han meiner det vil bli for lite tid til å lyse ut studieplassane og få søkarane på plass etter dette.

— Så du vil ikkje starte opp studiet på eigen kjøl?

— Nei, det kan vi ikkje gjere med psykologi, det altfor kostbart. Men med juss planlegg vi å gjere det. Der kan vi vere så smått i gang til neste haust med 20 studieplassar, viss akkrediteringa går i orden, seier Klaus Mohn.

UiS-styret har også nettopp kalla inn ein jussprofessor i strafferett for å tekkast krava til Nokut for oppstart, og etter innspela og justeringane frå UiS er no søknaden under ny vurdering.

Det er over eitt år sidan, i september 2021, at UiS, UiA og BI søkte om å opprette studium som før berre nokre få universitet fekk lov til å tilby, etter at den såkalla gradsforskrifta blei lempa på i fjor sommar.

UiA fekk nei

Fakta

Gradsforskriften

  • Gradsforskriften regulerer hvilke grader og yrkesutdanninger som kan tildeles av ulike universiteter og høgskoler, hvilke institusjoner som kan gi særlige utdanninger som gir rett til beskyttet tittel, og normert studietid for utdanningene.
  • Gjennom styringsmeldingen kom det forslag som etterhvert ble vedtatt, om endring av gradsforskriften slik at flere kan søke om å tilby studier i psykologi, teologi og rettsvitenskap. Det er ikke gjort endringer for medisin.
  • Hensynet bak gradsforskriften er myndighetenes behov for en overordnet nasjonal styring med tilbudet av ulike utdanninger i ulike deler av landet.
  • Medisin, psykologi, teologi, master i rettsvitenskap, veterinær er eksempler på utdanninger som til nå bare har blitt tilbudt på utvalgte universiteter og høgskoler. Mens UiO kan tilby teologi, kan ikke UiB gjøre det, men UiB kan tilby medisin, men det kan ikke UiS.
  • Gradsforskriften ble myket opp i 2021 ,og det er åpnet opp for at flere kan søke om å utdanne psykologer og juss-studenter. Men medisinutdanning lettes det ikke på. Det er bare UiT, UiB, UiO og NTNU som skal få utdanne leger.

I sakspapira til det ekstraordinære universitetsstyremøte ved UiS måndag heiter det at «tilbakemeldingen frå den sakkunnige komiteen er at søknaden ikkje godkjennast. Ein av hovedutfordringene er mangel på kvalifisert vitskapeleg personale til å sikre ein sterk nok forskingskompetanse innanfor fagområdet psykologi».

Avtalane kan bli oppheva

Ifølgje sakspapira er det tre grunnar til at UiS kan få tommelen ned no:

Fleire deler av innhaldet er ikkje tilpassa læringsutbyttet for studiet, det er manglar når det gjeld praksis, og fagmiljøet sin forskingskompetanse er ikkje sterk nok innan viktige område for psykologifaget.

For å løysa det siste vart universitetsstyret altså bedne om å kalla sju kandidatar til deltidsstilling, anten som professor eller førsteamanuensis. Fleire av dei er allereie knytt til Institutt for sosialfag i mindre stillingar, og om lag halvparten er knytt til Stavanger universitetssjukehus. Alle har doktorgrad.

Å kalla desse vil styrka UiS sin kompetanse innan særleg klinisk nervepsykologi og behandling av barn og unge.

Dersom UiS ikkje får godkjent profesjonsstudiet, vil avtalane bli oppheva, heiter det i saksframstillinga.

Ikkje breitt nok i Agder

I oktober fekk Universitetet i Agder beskjed om at den sakkunnige komiteen har sagt nei til deira søknad om profesjonsstudium i psykologi. Argumentasjonen var også her at fagmiljøet ikkje var breitt nok og hadde høg nok kompetanse til å bera eit seksårig profesjonsstudium.

Fristen for tilbakemelding frå UiA var i slutten av oktober.

Fekk også nei til juss

UiS og UiA søkte òg om masterutdanning i rettsvitskap. Det same gjorde BI. Alle desse tre fekk nei frå sakkunnig komite, og grunngivinga likna.

— Det er særleg krava til storleik på fagmiljøet og kvalifikasjonar som er bakgrunnen for at komiteen ikkje kan tilrå godkjenning av søknaden på akkrediteringstidspunktet, heitte det i tilbakemeldinga som kom i juli.

Seinare har BI fått godkjent sin søknad.

Powered by Labrador CMS