forskingsrådet

Fleire hundre forskar­stillingar kan vera i fare

Færre eksterne midlar frå Forskingsrådet kan føra til færre forskarar. Det uroar universitet landet rundt.

Geofysisk institutt held til i eit av dei eldste bygga ved Universitetet i Bergen. Instituttet hentar inn fleire eksterne millionar i året, no er instituttleiar Tor Eldevik spent på kor stor reduksjonen vert.
Publisert Oppdatert

70 stillingar.

Det er det Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO) fryktar kan ryka kvart år dersom kutta i Forskingsrådet vert slik det har vorte snakka om. Allereie er det bestemt at mange av programma får ein reduksjon på tjue prosent, noko som betyr det færre pengar til institusjonane. Det vil òg bety færre eksternfinansierte stillingar.

Fakta

Årsverk tilsette, finansiert av Noregs forskingsråd

Tal frå 2021

  • Stipendiat: 905,35
  • Postdoktor: 579,1
  • Forskar: 483,43
  • Professor: 62,23
  • Vitskapeleg assistent: 53,66
  • Førsteamanuensis: 47,75
  • Overingeniør: 44,7
  • Rådgivar: 42,37
  • Avdelingsingeniør: 36,95
  • Seniorrådgivar: 28,42
  • Senioringeniør: 20,95
  • Seniorkonsulent: 15,55

Kjelde: DBH

Tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at det i 2021 var over 2000 årsverk ved norske universitet og høgskular som er finansierte av Forskingsrådet. Dersom ein ser på enkeltkategoriar, er 900 av desse stipendiatar. Forskar og postdoktor er dei andre store kategoriane.

Men ein finn òg nær hundre ingeniørstillingar og ein god del rådgivarar, altså tilsette i tekniske og administrative støttefunksjonar.

Reknar ein med ein jamn reduksjon på tjue prosent, kan det vera snakk om fleire hundre stillingar.

50 manglar snart finansiering

— Me har 150 fast tilsette forskarar som er lønte av eksterne midlar. Me vil ikkje kunne brødfø dei frå eiga ramme, seier rektor Stølen.

— Innan sommaren 2024 er det femti av desse hos oss som ikkje har finansiering, legg han til.

Ifølgje rektoren vil universitetet merka kutt på to måtar: For dei humanistiske og samfunnsvitskapelege miljøa vil det bety færre hovud. For dei tekniske og naturvitskapelege faga vil økonomiske kutt òg gå ut over drift av infrastruktur.

Stølen legg ikkje skjul på at han er uroa. Han seier kutta svekkar UiO som universitet, og at bieffekten er svekka konkurransekraft i EU.

— Situasjonen slik han er no, rammar først og fremst dei forskingstunge universiteta. Denne veka hadde eg møte med dekanane ved UiO, og kutta er ei sak alle er opptekne av.

Mogleg reduksjon: 200 millionar

Universitetet i Bergen drøfta konsekvensar av kutt hos Forskingsrådet på universitetsstyremøte førre veke. I saksframstillinga heiter det at UiB har 300 stillingar som er finansierte av Forskingsrådet.

— Dersom Fripro ikkje vert lyst ut i 2023, gir dette åleine ein mogleg reduksjon i forskingsaktivitet tilsvarande 200 millionar kroner over fire år, heiter det.

— Det er ikkje spørsmål om kuttet får konsekvensar, men om kor store konsekvensane vert. Det er den langsiktige kunnskapen som vert råka, sa assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden i møtet.

Benedicte Løseth, direktør for Forskings- og innovasjonsavdelinga ved UiB, seier til Khrono at også ho er uroa over at gode kandidatar reiser til utlandet.

— Ekstern finansiering er så viktig. Ikkje først og fremst på grunn av budsjetta, men fordi ein kan nytta ekstern finansiering til å halda fast i gode folk. Unge forskarar har ein del år der dei skal kvalifisera seg, seier Løseth.

Løseth anslår at det for UiB kan vera snakk om ein reduksjon opp mot hundre stillingar.

Institutt stålset seg

Eit av miljøa ved UiB som fryktar kutt, er Geofysisk institutt. Der kjem det inn om lag 40 millionar kroner årleg frå Forskingsrådet, noko som utgjer om lag halvparten av instituttet si eksternfinansiering.

— Me stålset oss for ein svikt på ti prosent årleg i vår eksternfinansiering, og det vert fort opp mot ti millionar i vårt budsjett. Det er ganske mykje for eit institutt som får knappe 50 millionar i grunnløyving frå UiB, seier instituttleiar Tor Eldevik.

Han seier at instituttet i dag har om lag 15 forskarar hos oss som er tilsett på eksterne midlar, og like mange i støttefunksjonar.

— Dette er fast tilsett stab. Det som no skjer bidreg ikkje til å trygga deira stillingar. Det er positivt at både statsråd og statsekretær har ytra at dei ytterlegare vil redusera bruk av mellombelse stillingar, men svekkinga av Forskingsrådet vil verka mot dette.

Vel halvparten av dei eksterne forskarstillingane ved instituttet er finansierte av Forskingsrådet.

NMBU: Brot i livslinja

Tildelinga frå Fripro, som kom for nokre veker sidan, var allereie kutta med tjue prosent. No ventar mange i spenning på kor mange Senter for framifrå forsking som vil verta oppretta, og kor mykje pengar desse vil få. I tillegg er rektorar landet no uroa over kva beskjed dei får når statsbudsjettet for 2023 vert lagt fram. Fleire planlegg for kutt, har dei sagt til Khrono.

— Me får ikkje berre eit kvileskjer, men får eit brot i livslinja, seier Finn-Arne Weltzien.

Han er prorektor for forsking ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMB).

— Stipendiatane er motorane i mykje av forskinga hos oss. Det er dei som hentar inn data. Dersom det vert færre stipendiatar, er det mykje som stoppar opp. Og dette er miljø som er møysommeleg bygd opp over tid.

Fryktar hjerneflukt

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) er eit anna av universiteta som har mange eksternfinansierte stillingar.

— Ser ein på den siste tildelinga frå Forskingsrådet, knytt opp mot utlysingane med frist i februar, fekk me om lag ein tredel av det me fekk i førre runde og tilsvarande dei to åra før der. Stipendiatane er ekstremt viktige i forskingsøkosystemet vårt, inkludert siktemål om rekruttering, seier prorektor Camilla Brekke.

Ho er sjølv professor ved institutt for fysikk og teknologi, og kjem frå eit fagmiljø med mange eksterne stillingar. Men kutta i Forskingsrådet er ille også for til dømes samfunnsfaglege og humanistiske fagmiljø, seier ho, og òg miljø som har færre program der dei kan søkja.

No fryktar Brekke det same som nobelprisvinnarane Moser og Moser allereie har åtvara om: At gode kandidatar forsvinn.

— Dei som kan forsvinna er ikkje professorane, men folk som kan koma til å verta det, og som me har jobba med i mange for å bygga opp. Det er talent som med fråvær av finansiering vil reisa til andre stader i verda, har Edvard Moser tidlegare sagt til Khrono.

Han har òg sagt at dersom tildelinga av Senter frå framifrå forsking vert utsett, kan det handla om 15–20 færre stillingar for senteret Moser og Moser i dag leiar ved NTNU.

— Me reknar med at flinke kandidatar anten vil forsvinna til utlandet eller til andre sektorar, seier Brekke.

Leitar etter andre midlar

Spørsmålet som no vert stilt, er korleis institusjonane kan få inn eksterne inntekter likevel. Fleire av universiteta peikar på EU-systemet. Men også samarbeid med private aktørar vert nemnd.

— Me må sjå oss om etter andre stader. Mesenar, industri, private verksemder, seier Weltzien ved NMBU.

— Men frå desse kjeldene viser det seg at det er utfordrande å få pengar til anna enn bruksforsking.

Også Brekke ved UiT peikar på industrien.

— Kva med tematiske utlysingar hos Forskingsrådet?

— Me må søka der det er mogleg. Dei tematiske utlysingane kan oppfattes meir politisk styrte, og kan gi ein bismak. Rammevilkåra for den frie forskinga verkar å verta svekka, samstundes som me må vri forskinga vår mot dei stadane me kan finna midlar.

Instituttleiar Eldevik vel likevel å vera optimist på eigne vegne:

— Geofysen har alltid som mål å prestera betre enn sist, også ved svekka odds. Men totalen kjem ein ikkje utanom, og dei reduserte forskingsrådsløyvingane får ein konsekvens på det samla Forskings-Noreg, inkludert for jobbtryggleik.

Powered by Labrador CMS