— Vi er svært tilfredse med å ha god kjønnsbalanse i våre faglege toppstillingar, seier rektor ved Høgskulen i Østfold, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen. Foto: Siri Øverland Eriksen

Østfold har best kjønnsbalanse blant professorar og dosentar

Kjønnsbalanse. Høgskulen i Østfold ligg nærast kjønnsbalanse blant professorar og dosentar. Norges handelshøyskole er blant dei på motsett ende av skalaen. Sjå alle tala her.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert med ei presisering om at det optimale målet er ei 50-50 fordeling mellom menn og kvinner)

Kvinner hadde 31 prosent av dei faglege toppstillingane (dosent- og professor) ved norske statlege universitet og høgskular i 2018, mot 20,9 prosent i 2009, viser tilstandsrapporten for høgare utdanning 2019.

Trass i at utviklinga har vore noko vekslande og at det er store skilnader mellom institusjonane, så står dei fleste institusjonane nærare kjønnsbalanse no enn for 10 år sidan.

Best i Østfold

Høgskulen i Østfold (HiØ) ligg best ann på kjønnsbalanse, når ein set mål om at ei 50-50 fordeling mellom menn og kvinner er det mest optimale.

I Østfold var det kvinner i 46,7 prosent av dosent- og professorstillingane i 2018. Like etter kjem Kunsthøgskulen i Oslo (44,6 prosent) og OsloMet - Storbyuniversitetet (55,5 prosent).

Rektor på HiØ, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, fortel at dei i fleire år har jobba systematisk med å skape gode moglegheiter, uavhengig av kjønn, når det kjem til karriereutvikling og mentorering.

— Også i tilsetjingsutval har vi praktisert moderat kvotering ved elles lik kompetanse for å skape god kjønnsbalanse, seier Jelsness-Jørgensen til Khrono. Han legg til:

— Samstundes har vi framleis ein jobb å gjere innan eksempelvis matematisk naturvitskapelege fag og i å auke mangfaldsinnslaget.

Jelsness-Jørgensen peiker særskilt på høgskulen si KvinnForsk-satsing, som ein av dei viktigaste årsakene til at HiØ kjem godt ut når det kjem til kjønnsbalanse. Med startstøtte frå komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (KIF), etablerte høgskulen i 2009 eit nettverk for kvinnelege forskarar ved Avdeling for helse og velferd. Bakgrunnen for nettverket var eit ynskje om å auke kvinnedelen av første- og toppkompetente ved avdelinga.

— Denne satsinga har utvikla seg til å bli mykje meir enn eit tilbod for den enkelte. Ein har også utvikla eit breitt forskingsnettverk på feltet, seier Jelsness-Jørgensen.

NHH og Høgskulen i Molde nedst på lista

På motsatt ende av skalaen låg Samisk høgskule (SH), med ein kvinnedel på 19,2 prosent, tett etterfølgt av Norges handelshøgskule (NHH) med ein del på 19,7 prosent og Høgskulen i Molde (20,4 prosent).

Prorektor for fagressursar og HR ved NHH seier at det naturlegvis ikkje er ynskjeleg å ligge på den prosentdelen dei er i dag. Målet er at dei gjennom rekruttering og opprykk skal bevege seg mot ein prosentdel på 40% kvinner i dei faglege toppstillingane.

— Dette har vi jobba strategisk mot sidan 2001. Likevel har utviklinga vår lege på same nivå som landsgjennomsnittet og gått i positiv retning sidan 2001, seier Christensen.

I 2001 var det ingen kvinner i professorstillingar ved NHH. Siri Pettersen Strandenes vart NHH sin første kvinnelege professor etter opprykk i 2002. Handelshøgskulen lyser sjeldan ut professorat, men førsteamanuensar kan søke om personleg opprykk. Og for å få kvinner til å kvalifisere seg har NHH sett i verk fleire tiltak sidan 2001.

Mellom anna får alle kvinnelege førsteamanuensar 25.000 kroner kvart år for å drive med forsking. I tillegg treng kvinner 3 og ikkje 6 år med opptjeningstid for å søke om eitt års forskingstermin.

— Vi har 15 kvinnelege professorar i dag, medan vi har 14 kvinner som er førsteamanuensar. Om lag ein tredjedel av desse er på god veg til å kvalifisere seg til opprykk, seier Christensen.

Frå 0 til 90 prosent ved private institusjonar

Del kvinner i dosent- og professorstillingar i 2018 ved statlege høgskular og universitet

Institusjon Tal årsverk Del kvinner (%)
OsloMet – storbyuniversitetet145,5255,5
Høgskolen i Østfold45,9846,7
Kunsthøgskolen i Oslo30,5144,6
Høgskulen på Vestlandet111,141,0
Norges idrettshøgskole26,738,2
Norges musikkhøgskole39,7437,1
Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet369,536,1
Universitetet i Oslo818,3932,7
Universitetet i Sørøst-Norge136,8531,8
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo19,830,8
Universitetet i Stavanger148,530,3
Universitetet i Agder169,528,6
Universitetet i Bergen58628,5
Nord universitet114,1428,2
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet805,126,0
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet198,4525,6
Høgskolen i Innlandet86,1224,5
Høgskulen i Volda26,7522,4
Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk21,120,4
Norges handelshøyskole77,4919,7
Samisk høgskole5,219,2

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Ved fleire av dei små- og mellomstore private institusjonane er det store utslag i begge retningar. Ved fleire av høgskulane er delen kvinner i dei faglege toppstillingane på 0 prosent (sjå tabell nedst i saka).

Medan det på til dømes Lovisenberg diakonale høgskule og Dronning Maud Minne Høgskule er ein kvinnedel i dosent- og professorstillingar på høvesvis 90,1 og 65,6 prosent.

Desse høgskulane har få årsverk innanfor desse stillingskategoriane, dei ligg mellom 0,5 og 2,7.

I fleire år har vi jobba systematisk med å skape gode moglegheiter, uavhengig av kjønn, når det kjem til karriereutvikling og mentorering.

Lars-Petter Jelsness-Jørgensen

Forskingsrådet ynskjer fortgang i utviklinga

Jamt over er kjønnsbalansen i dei faglege toppstillingane ved norske universitet og høgskular blitt betre dei siste ti åra. Og betre kan det bli, om ein skal tru ein ny studie som Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Den slår fast at sannsynlegheita for å gjere karrieriehopp i akademia er like stor for kvinner som for menn.

Forskingsrådet ynskjer fart i utviklinga og lanserte i sommar ein ny, revidert policy for å betre kjønnsbalansen.

Den inneheld ei rekke tiltak for å auke kvinnedelen blant toppforskarar, gi meir likestilte karriereløp for kvinner og menn, skape jamnare kjønnsfordeling i fag og profesjonar og større mangfald i innhaldet i forskinga.

— Vi ser ei positiv utvikling, men det er framleis behov for målretta tiltak for å betre kjønnsbalansen, seier administrerande direktør i Forskningsrådet, John-Arne Røttingen til Khrono.

Han meiner mykje av dette dreier seg om dei ulike institusjonane sin politikk kring karriereutvikling.

— Forskingsrådet kan vere pådrivar og gi institusjonane insentiv til å arbeide for ein betre kjønnsbalanse, seier Røttingen.

Sidan Forskingsrådet starta å utvikle policyar for å betre kjønnsbalansen i forskinga i 2007, så har dei sett at kjønnsbalansen har blitt betre i dei generelle forskingssøknadane.

Vi ynskjer naturlegvis ikkje å vere der vi er i dag. Målet er at vi gjennom rekruttering og opprykk skal bevege oss mot ein prosentdel på 40% kvinner i dei faglege toppstillingane.

Gunnar E. Christensen

I den reviderte policyen vel dei difor å styrke særskilte tiltak for senterordningane og næringslivssøknadar, der dei ser at ubalansen er størst.

Mellom anna har no institusjonar som planlegg å sende inn fem eller fleire søknader til Senter for framifrå forsking (SFF), krav på seg til at det er minst førti prosent kvinnelege prosjektleiarar blant søkarane.

Del kvinner i dosent- og professorstillingar i 2018 ved private høgskular

Institusjon Tal årsverk Del kvinner (%)
Lovisenberg diakonale høgskole4,0590,1
Dronning Mauds Minne Høgskole12,265,6
Barratt Due Musikkinstitutt2,0253,5
VID vitenskapelige høgskole26,0552,6
MF vitenskapelig høyskole2128,6
Handelshøyskolen BI93,0528,1
NLA Høgskolen12,226,2
Høyskolen Kristiania20,214,9
Ansgar Teologiske Høgskole0,50,0
Bergen Arkitekthøgskole2,40,0
Fjellhaug Internasjonale Høgskole2,70,0
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling10,0
Steinerhøyskolen10,0

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Vi ser ei positiv utvikling, men det er framleis behov for målretta tiltak for å betre kjønnsbalansen.

John-Arne Røttingen

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS