Kan hende blir det statsråd Torbjørn Røe Isaksen som får æra av å finne eit nytt og passande namn til HiOA som universitet. OsloMet er i alle fall betre enn det gamle. Foto: Eskil Wie / Khrono

OsloMet er slett ikkje verst

Nytt namn. Eg synest OsloMet er eit ganske så kult namn på eit nytt universitet i hovudstaden. Det er i alle fall ikkje mykje å hisse seg opp over.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lite har engasjert Khronos lesarar meir på tampen av 2017, enn OsloMet. Dette måtte eventuelt vere debatten om cellekontor eller kontorlandskap.

Dei sju små bokstavane OsloMet har ikkje mange opne tilhengarar. Så eg startar det nye året med å banne litt i den norske namnekyrkja: OsloMet er slett ikkje så verst namn.

Diskusjonen om Høgskolen i Oslo og Akershus sitt nye universitetsnamn har tatt av via innlegg i Khrono, i sosiale medium og i det offentlege rom også. Rett før jul var det nesten antydning til mobbestemning etter at høgskulestyret med knapp margin sa ja til OsloMet.

Styret på HiOA står i ein god statleg tradisjon, når dei no har sagt ja til eit litt rart, utradisjonelt og annleis universitets-namn.

Tove Lie

Eg trur at vidare debatt og protestar er «lost case». Det vil forundre meg veldig viss ikkje leiinga ved Høgskolen i Oslo og Akershus, på eit eller anna vis, har fått ryggdekning for namnet, eller i alle fall ein variant av namnet, frå Kunnskapsdepartementet.

Ei mogleg løysing kan bli eit ja til det engelske namnet - Oslo Metropolitan University og kanskje til den norske varianten - Storbyuniversitetet. Og så kan hende dei droppar den mest omstridte delen av namneforslaget: OsloMet - men den forkortinga kan jo berre det nye universitetet sjølv bestemme seg for å bruke. Og slik kan nesten alle bli litt meir nøgde enn dei er i dag.

Mange har engasjert seg i namnesaka. Sjefen i Meteorologisk institutt og sjefen i Språkrådet har begge sendt brev til Kunnskapsdepartementet og bede statsråd Torbjørn Røe Isaksen om å avvise namneforslaget. Namnet kjem også opp i Stortinget via eit spørmål til kunnskapsministeren.

For no ligg namnesaka i departementet, etter at høgskolestyret - med 6 mot 5 stemmer - vedtok at det nye universitetet i Oslo som skal sjå dagens lys i 2018 bør heite OsloMet - Storbyuniversitetet (på bokmål og nynorsk) og OsloMet - Oslo Metropolitan University (på engelsk). Målet er at handsaminga av namnet skal gå raskt slik at dei studentane som går ut av HiOA våren 2018, kan hende kan få eit vitnemål frå eit universitet, sjølv om dei har gått på høgskolen nokre år. Nye studentar skal bli ønskt velkommen til universitetet i august.

Det har vore mange slags argument for at namnet ikkje kan vere OsloMet. Fordi ingen vil forstå kva det betyr - og norske statlege institusjonar bør ha norske namn og norsk skrivemåte. Det siste er hovudargumentet til Språkrådet mellom anna.

Det er prisverdig at Språkrådet engasjerer seg i namnesaker, det blir jo viktig debatt av slikt. Og kan hende det nye universitetsnamnet no blir ei symbolsak. For viss vi ser på ein del statlege namn rundt oss så har kan hende Språkrådet sove i timen i tidlegare år?

Det er rett og slett mange rare statlege namn, som slett ikkje alle veit kva betyr - ikkje dei som jobbar der ein gong.

Kva med Mesta? Nokon som hugsar historia om vegvedlikehaldet i Statens vegvesen som blei eige selskap? Det blir sagt at då dei tilsette var samla til allmøte for å få vite det nye namnet og «Mesta» kom opp på skjermen så var det ingen som klappa. Folk trudde at det var namnet på reklamebyrået som skulle finne på namn til det nye selskapet.

Og Mesta - betyr det nokon ting? Nei ingenting - korkje på latin eller norsk eller engelsk. Men ifølge argumenta den gongen var det eit fint, kort og enkelt namn og lett og hugse. Akkurat slik som OsloMet.

Og kva gir du meg for namnet på det gamle Luftfartsverket? Avinor. Det er vel kan hende ei forkorting av Aviation Norway? Eller på norsk: Aviatikk Norge? Det siste trur vi er lite brukt.

Og vi kan nemne fleire: Bravida - den tidlegare installasjonsavdelinga i Televerket/Telenor. Mantena - som ikkje er eit bilnamn, men namnet på NSB sine verkstader. Og den gongen ein del av Statsbygg skulle skiljast ut i eit eige eigedomsselskap blei det til Entra, som visstnok skal tyde noko slik som entre, ope dør eller noko.

Eit anna namn som det ikkje er så lett å forstå, er det som den gamle Statens kornforretning fekk: Cermaq - det skal vere ei forkorting for Cereals and Marine Aquaculture som er engelsk for «korn og marin akvakultur». Dei har jo etterkvart også starta med fiskeoppdrett verda rundt.

Så eg vil meine at høgskolestyret som så vidt slutta seg til rektor Curt Rice sitt favorittnamn på styremøtet rett før jul, står i ein god statleg tradisjon, når dei no har sagt ja til eit litt rart, utradisjonelt og annleis namn.

For til å begynne med er kortforma OsloMet både rart og sært. Men det skil seg ut frå det universitetet som allereie har vore i byen i over 200 år, samstundes som det får Oslo i namnet. Men eg er viss på at det ikkje går så mange månadene før denne Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) faktisk er OsloMet - Storbyuniversitetet.

Og til dei som synest det har vore ein lite inkluderande og ikkjedemokratisk namneprosess, så må eg berre minne om at den starta offisielt i januar 2016 - men allereie uoffisielt i Khrono i september 2015. Og sidan den gongen har det blitt brukt hundretusenvis av fleire kroner enn planlagt på namnet - og det skal bli brukt 5 millionar kroner i 2018 berre på nye skilt.

Det er riktignok slik at rektor Curt Rice og høgskoleleiinga har tatt ein liten frekk innersving når det gjeld namnevalet. I mars/april 2016 betalte dei TNSGallup for å gjennomføre ein test av fleire ulike namn i opinionen. Og der nådde ikkje Oslo Metropolitan University pallen.

Dei tre som endte på pallen var Nova, Aker og Profesjonsuniversitetet - alle på delt tredjeplass - eller delt førsteplass. Dei tilsette var mest positive til Aker, studentane til Profesjonsuniversitetet og øvrig opinion og potensielle studentar til Nova.

Etter dette blei det eit kvileskjer i namnesaka, då departementet og NOKUT skulle finne ut kva slags kriterium som skulle gjelde for å bli universitet, og prosessen blei utsett. Fordi ein ikkje klarte å bli samde om eit namn, så blei det heller ikkje foreslått eit namn saman med søknaden som blei sendt i februar i fjor.

Men så, dukka det opp igjen: I april i 2017, 8 månader før det skulle til handsaming i styret - gjekk rektor Curt Rice offentleg ut og lanserte OsloMet som sin favoritt, noko han allereie hadde flagga i Khrono sitt kommentarfelt i september 2015.

I junimøtet 2017 var eit fleirtal av styremedlemmane positive til namnet, etter å ha drøfta det inngåande. Oslo Metropolitan University (det engelske namnet), var eit av de aller første som kom opp allereie dagen etter at høgskolestyret i byrgjinga av september 2015 hadde blitt orientert om at no skulle det blir fortgang i arbeidet med å skrive søknad om å bli universitet.

Så det har vore mange høve til å bli høyrd, og rikeleg med anledning til å kome med forslag. Men ikkje ein gong dei fem som stemte imot OsloMet i styremøtet i desember i fjor hadde noko betre forslag å komme med. Det er jo heller ikkje imponerande akkurat. Og det etter at over 200 namn har blitt diskutert gjennom to og eit halvt år.

Det er lett å gjere narr av prosessen når rektor allereie i september 2015 møtte Oslo Metropolitan University med åtgaum. Og sidan den gongen har det gått hundretusensvis av kroner til private konsulentar for å finne på eit anna namn. Kortforma OsloMet - er det kan hende rektor Rice sjølv som står for - det gjer seg bra på Twitter - i alle fall betre enn dagens @hioa_info.

Og det er lett å gjere narr av namnet. Viss eg kunne bestemme - og det kan eg jo ikkje - så ville eg at det skulle heite Profesjonsuniversitetet OsloMet - fordi det seier meir om kva slag universitet dette skal vere, meir enn «Storbyuniversitetet».

Nord universitet fekk kritikk for namnevalet - tilogmed frå rektor Rice i si tid. Høgskolen i Sørøst-Norge det same. Språkrådet ønskte heller ikkje namnet Høgskolen i Innlandet. Så mykje er ved det gamle.

Men helst av alt, opnar eg gjerne spaltene i Khrono for ein debatt om kva som skal til for at OsloMet eller kva det no blir, skal bli eit leiande universitet, med framifrå utdanning, eksellente undervisarar og forsking - og kandidatar som går ut med dei aller beste kvalifikasjonane som lærar, sjukepleiar, sosialarbeidar, journalist, ingeniør, fysioterapeut, ergoterapeut eller bibliotekar. Det er jo det det handlar om.

For kjære vene - alt det andre er jo berre eit namn.

(Etter inspirasjon frå ein 10 år gammal artikkel i Klassekampen, Kostbare ansiktsløftninger)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS