Georg Johannesen et al.

Kansellert, kremert, utradert. Er håpet ute for bråkmakarane?

— Eg trur det fortsatt er fullt mogleg for enkelte akademikarar å opptre som dritsekkar, på meir eller mindre elegante måtar, seier jurist Anine Kierulf.

«Å rakke ned på hverandre med bevingede ord er en edel sport. Så lenge det ikke blir altfor jævlig»

Publisert Oppdatert

«Jeg tenker også ofte halvnostalgisk tilbake på Nygårdshøyden for noen tiår tilbake», skreiv Universitetet i Bergens rektor, Margareth Hagen, på Facebook for litt sidan.

Høvet var omtalen av den ferske biografien om Georg Johannesen, mannen, poeten, kunstnaren, professoren, retorikaren og bergensaren som før lunsj fornærma fleire enn dei fleste klarer i eit liv.

«Mange spør om vi nå har rom for den type intellektuell som han representerte på universitetene», observerte Hagen, og la til at ho trur det. Og håpar.

Det same spørsmålet vart stilt då Frank Aarebrot gjekk bort. I dag er universitetet blitt altfor firkanta til å kunne huse ein så uortodoks type, meinte fleire. Våre dagars steriliserte utdanningsfabrikkar går glipp av enorme kapasitetar fordi dei er eksentriske, ikkje bryr seg om formale prestasjonskrav og karriere, er kronisk i opposisjon, uforsvarleg store i kjeften, eller alt på ein gong.

Forfattaren av den 592 sider lange biografien om Johannesen, Alfred Fidjestøl, meiner det er lite sannsynleg at Johannesen hadde blitt tatt imot i akademia i dag.

«Reformene har vendt universitetet vekk frå denne typen akademikarar», sa han då han vart intervjua av Khrono.

Og om Johannesen hadde klart å komme seg forbi dei formelle barrierane, ville han truleg blitt kansellert. «Takhøgda er ikkje det ho var», meiner Fidjestøl.

— Det er mange måtar å ikkje vere mainstream på, og ein er det i si eiga tid. Å stille spørsmålet om det ville ha vore plass til ein Georg eller Frank i vår tid, det blir … anakronistisk, seier rektor Hagen, som raskt går i rektormodus då Khrono ringer for å få henne til å utdjupe.

— Eg er som rektor opptatt av at universitetet er ein særeigen samfunnsinstitusjon som bør vere i dialog med samfunnet rundt seg. Så det å legge til rette for det, er viktig. No blei jo heller ikkje Georg rekruttert på vanleg måte.

Hagen viser til at det var dåverande rektor Jan Fridthjof Bernt som til slutt fekk universitskollegiet (styret) med på å gi Johannesen ei professor II stilling på dagen han fylte 65.

— Nei, alt var ikkje betre før, understrekar Hagen, ho skreiv halvnostalgisk på Facebook.

— Ein medievitar må gjerne skyte meg, seier ho. — Men ytringsrommet var vel så homogent for 30 år sidan, det var mykje vanskelegare å komme på trykk, samanlikna med tilgangen i utvalet av kanalar i dag.

Det ville vest

— Same som meg, seier professor og ekspert på universitetshistorie ved OsloMet, Fredrik Thue.

Thue var nesten 49 då han fekk fast jobb. Nei, ikkje alt var verre før. Enkelte ting var like ille.

I Bergen er det fortsatt høgare toleranse for å seie dryge ting enn det er i Oslo

Fredrik Thue, professor

Thue tok utdanninga si i Bergen på 1980- og 90-talet, den tida Georg var ein kjent figur på Høyden.

— Eg hugsar eg var på ei forelesing med han og vart overraska over at han var så vennleg og open. Han såg ikkje berre ein hop av idiotar i auditoriet, liksom, humrar Thue.

— Det er mange trekk som tilseier at Johannesen truleg ikkje ville ha fått ei universitetsstilling i dag. For det første var kompetanseprofilen mykje mindre straumlinjeforma enn det vi krev i våre dagar. Med den formelle meritteringa, med vekt på internasjonal publisering, hadde han neppe vore aktuell. I tillegg kan du seie han oppførte seg på ein måte som ikkje ville blitt akseptert. Måten han karakteriserte kollegaer på, kommentarane som i dag utan tvil kling mannssjåvinistiske og sexistiske, ville ha blitt sett på som utilbørleg krenking, seier Thue.

Bergen og Oslo har truleg ulike føresetnader for å handtere uregjerleg breiflabb, også i våre dagar, trur Thue, som sjølv er austlending av opphav. Dette speglar seg i universitetskulturane, meiner han.

— Eg har vore både ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Eg hugsar eg kom tilbake til Oslo og opplevde at ting som var heilt ok å seie i Bergen var heilt feil i Oslo. Eg har sett forskjellane på korleis dei to byane taklar dei eksentriske og frekke typane. I Bergen er det fortsatt høgare toleranse for å seie dryge ting enn det er i Oslo, seier han.

Likevel, Thue landar altså på den same konklusjonen som Fidjestøl.

— På 1980- og 90-talet var der eit heilt typegalleri som antakeleg ikkje ville ha passa inn i vår tid, sjølv ikkje i Bergen.

Fredrik Thue vart i si tid overraska over at han og medstudentane ikkje blei idiotforklart av Georg Johannesen.

Han peikar på the ususal suspects – i tillegg til Johannesen, Frank Aarebrot, Arild Haaland og Hans Skjervheim (som rett nok var frå Myrkdalen). Botanikaren Knut Fægri, «mitraljøsen frå Botanisk institutt» høyrer også på eit vis med i dette selskapet frittalande akademikarar.

— Ser du problematiske sider med dei «vanskelege» typane i akademia?

— Det varierer nok i kva grad eksentriske sider har gått hardt utover andre. Å vere kontrær, kan vere bra, men det kan jo bli for hensynslaust.

— Er det grunn til å sakne dei?

— Ja. Det er alltid noko befriande å ha nokon som seier ting rett ut, og som ikkje skjeler til opportunistiske hensyn.

For mykje retorisk tran?

«Jeg tror jeg aldri har opplevd en så total mangel på raushet og rimelighet som jeg har gjort i akademia (…)».

Det var Anine Kierulf, Noregs mest kjente ekspert på ytringsfridom og leiar i utvalet som undersøkte takhøgda i akademia for ei tid tilbake, som stod bak desse orda. I intervjuet i Khrono frå 2017 tok ho eit oppgjer med trynefaktor og eit hårsårt akademia.

Sidan den tid skal takhøgda på det juridiske fakultetet ved UiO ha løfta seg atskillege hakk. Og det er nettopp det, seier ho til Khrono i dag: Om det finst habitat for breiflabb eller ikkje, er eit lokalt spørsmål, det kjem an på instituttet du spør.

— Det kan vere stor skilnad mellom institutt og fakultet. Det er heller ikkje så lett å samanlikne over tid.

Ho peikar dessutan på at det rettslege spelerommet er blitt vidare med åra. Injuriesøksmål var langt vanlegare på 1970- og 80-talet enn det er i dag.

Anine Kierulf meiner det er store skilnader mellom ulike institutt og fakultet når det gjeld kor stort eller trongt ytringsrommet er.

— Inntrykket mitt er at det finst folk som seier ting på tvers, og som går på tvers, også i dag. Eg trur det fortsatt er fullt mogleg for enkelte akademikarar å opptre som dritsekkar, på meir eller mindre elegante måtar. Det som har endra seg, trur eg er inntrykket av korleis takhøgda er. Jau, vi har krenkekulturen og så vidare – men det er truleg fleire vegar til å ytre seg i dag enn det var i gamle dagar, då ordskiftet var prega av nokre få hegemonar som ytra seg mykje om mykje.

Kierulf veit ikkje heilt, men over kjøkkenbordet heime får ho ofte høyre dette:

— Rune er opptatt av at folk er så nærtakande på Austlandet, seier ho.

Rune har etternamnet Slagstad, er gift med Anine, vart fostra opp i Bergen, men har levd det meste av livet i eksil i Oslo. Slagstad er sjølv kjent som eit polemisk råskinn. Han har også oppnådd å fornærme Johannesen i si tid, etter å ha kalla han for eit «lærd salathode» — etter at Johannesen hadde kalla Slagstad for veldig mykje rart over 15 sider, inkludert «en flittig og noe trangt belest essayist».

Kierulf meiner ein rikeleg dose retorisk tran kan vere vitamin for ordskiftet.

— Rabiate utsegner kan sjølvsagt slå negativt ut. Men det kan vere positivt også, på den måten at andre tenker at «sånn skal i alle fall ikkje eg uttale meg». Dette er ei side ved ytringsfridomen som ikkje alltid blir anerkjend, altså i kva grad negative ytringar kan ha positive effektar.

Kort sagt, med Kierulfs dialekt frå Oslos vestkant:

«Å rakke ned på hverandre med bevingede ord er en edel sport. Så lenge det ikke blir altfor jævlig»

Avkryssing

Georg-fansen fordeler seg over fleire generasjonar. Kristoffer Jul-Larsen, fødd på 1980-talet, er redd han er del av den siste. På eit plan blir spørsmålet om «det er rom for ein type som Georg» i dag, irrelevant. Det fanst berre ein Georg, og han var:

— Eit geni, seier Jul-Larsen, som vart djupt fascinert av Johannesen alt på vidaregåande.

Seinare, då han var litteraturstudent i Bergen, balla fascinasjonen på seg. Saman med han som i dag er leiar i tankesmia Agenda og innehavar av ein doktorgrad i retorikk, Trygve Svensson, tok han initiativet til å heidre profeten med å opprette Georg Johannesens plass på Nygårdshøyden i Bergen.

For ordens skuld, også Jul-Larsen er innfødd bergensar, og akademikar med førsteamanuensisjobb på Høgskulen på Vestlandet.

Kristoffer Jul-Larsen.

— Det er vanskeleg å sjå at han skulle fått den same posisjonen i akademia i dag, med tanke på det han gav ut. Men det er ikkje det same som at tekstane hans ikkje var gode, og eigentleg burde spele ei større rolle i norsk retorikkforsking også i dag, seier Jul-Larsen.

— Han var jo kritisk til heile den publiseringstradisjonen som vi no er blitt heilt avhengige av. Han var ein av Noregs viktigaste litteraturforskarar, og publiserte nesten ikkje eit ord i akademiske kanalar. Han fungerte som lærar og på andre måtar.

Jul-Larsen tenker på Johannesens evne til å skape sosiale kunnskapsmiljø rundt seg som ein av hans største styrkar. Han var avhengig av medhjelparane for å kunne fungere på universitetet. Det ville ein såpass uortodoks type også ha vore no, trur han. Samstundes er det mykje vanskelegare å halde seg flytande med uformelle element i dag.

— På nokon måtar kan vi vere glade for det. At vi i større grad unngår uformelle maktstrukturar, kompiskøyr, slike ting som akademia har vore prega av i årevis. Ja, hundreår.

— Du blir ikkje nostalgisk for ei tid då du ikkje fanst?

— Nei, meir nysgjerrig på korleis denne generasjonen tenkte om sin plass i det nye masseutdanningssamfunnet. Meir nostalgisk er eg for det levande miljøet som utvikla seg rundt Johannesen, som var opptatt av å utvikle faget og hadde diskusjonar og ambisjonar. I dag er vi veldig opptatt av å sjekke alle boksane og krysse av i skjemaet systemet har laga for oss. Eg er ganske flink til å krysse av sjølv.

Urokråkene

Om det er nostalgi skal vere usagt. Men på spørsmål om kva som faktisk var betre før, seier rektor ved UiB, Margareth Hagen dette.

— Studentar stod friare til å skape ei større breidd i utdanninga si. Det var i større grad opning for at ein kunne modne undervegs. No er mange studieprogram fastlåste, og det blir forventa av ungdommen at ein skal velje utdanning og livsløp omtrent før dei begynner på universitetet, seier Hagen.

Ho går inn i eit litt rektorretorisk modus igjen:

UiB-rektor Margareth Hagen fagmiljøa må ta ansvar for å inkludere dei fagleg viktige og interessante stemmene som ikkje passar inn i dei formelle strukturane og kulturane.

— Eg er veldig opptatt av at vi skal ha eit raust ytringsrom på UiB. Eg håper det hjelper at universitetsleiinga er tydeleg på det. Eg ønskjer eit raust ytringsrom, eg ønskjer debatt, og eg trur eg har mange på UiB med meg i det, seier ho.

Men er det godt nok at ein rektor ønsker seg det, for at det skal vere rom for rabulistar og raringar i ustrokne skjorter?

— Kva måte kan det skje på?

— Det er noko som må ligge i fagmiljøa. Dei må vere observante på korleis dei legg opp til seminar, inviterer stemmer utanfrå. Bruke gjesteforelesarar. Bruke professor II-stillingar (bistilling, som regjeringa ønskjer å avskaffe, red.merkn.) .

Hagen trekker fram at det i dag er internasjonal konkurranse om stillingane i akademia, og at det ikkje er noko vi kan endre på. Her kunne vi henta fram Cecilie Hellestveit (ein annan bergensar) og debatten ho starta om internasjonalisering og alle ho fornærma, men det gjorde vi ikkje. Heller ikkje Georg Johannesens utsegn frå 1975 om at han «har inntrykk av at i Norge er det veldig mange som synes det er nok å være på høyde med ‘norsk’ tenkning».

— Eg håper dei internasjonalt rekrutterte kan bli ein del av den norske samfunnsdebatten, der må vi som universitet gjer meir for å legge til rette for at dei kan delta.

— Kva er nøkkelen, styrkt språkarbeid?

— Ja, men også tid. Det tar tid å skjøne kva det går i, seier Hagen med snev bergenssjargong inni den middels intakte romsdalsdialekta.

Det blir litt mykje mas om Bergen, det blir det.

På Facebook formidla Hagen ei av sine Georg-anekdotar frå eit tilfeldig møte, på seinhausten det året han gjekk bort. «Da stod han bøyd over en død kråke, og han snakket med meg om intelligens, og om hvor gammel denne kråken kunne ha vært», skriv Hagen.

Det er allereie 17 år sidan.

Powered by Labrador CMS