Kathrine (41) vaska livet bort - blei frisk på fire dagar

Tvangsliding. I Bergen har universitetet og helseføretaket saman laga ei behandling som kurerer ein stor del av pasientar med tvangsliding på fire dagar. Det har gitt Kathrine Mydland-Aas (41) eit nytt liv.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved å ta dei beste elementa frå allereie eksisterande, forskingsbasert behandling av tvangslidingar har forskarane ved nyoppretta Bergen Center for Brain Plasticity utvikla ein metode som er i ferd med å revolusjonere psykiatrien.

Fakta

Tvangsliding

Tvangsliding, òg omtalt som OCD (Obsessive Compulsive Disorder) er ei psykisk liding som rammar 1-3 prosent av befolkninga.

Uønska tankemønster dukkar opp i hovudet, og kan ofte handle om frykt for å bli smitta eller smitte andre, brann, innbrot eller ulukker. Tankane kan og vere upassande, med seksuelt eller blasfemisk innhald.

Tankane fører ofte til at pasientane utfører tvangshandlingar.

Overdriven vasking eller sjekking av låste dører, komfyrplater etc. er vanleg. Overdriven symmetri og mentale ritual som å telje til særskilde tal er òg vanleg.

Kjelder: Ananke, Wikipedia

Metoden fekk Time Magazine i 2018 til å utrope professor Gerd Kvale og førsteamanuensis Bjarne Hansen til to av dei 50 mest innflytelsesrike personane når det gjelder å forbetre helsevesenet.

På eit eller anna tidspunkt koblar du ut alle kjenslene. Det einaste du tenkjer på er at du må vaske.

Kathrine Mydland-Aas

Blei frisk

— På eit eller anna tidspunkt koblar du ut alle kjenslene. Det einaste du tenkjer på er at du må vaske, fortel Kathrine Mydland-Aas.

I minst ni år hadde ho ei tvangsliding som gjorde at ho kunne vaske huset mange gonger kvar dag. Det tok opp til 19 timar i døgnet.

Men i 2017 fekk ho vere med på 4-dagarsbehandlinga utvikla av Universitetet i Bergen og Helse Bergen, og sidan har ho vore frisk.

Sjå historia hennar i videoen over!

Eksportert til utlandet

Gerd Kvale og Bjarne Hansen ved Bergen Center for Brain Plasticity står bak metoden, som no blir spreidd til både resten av landet, og til utlandet.

Før påske var dei to i Houston, der ein spesialisert OCD-klinikk (Obsessive-Compulsive Disorder) skal ta i bruk metoden, under namnet Bergen 4 Day Treatment (B4DT).

70 prosent friske etter fire år

— Det er først dei seinare åra at OCD-pasientar har fått eit tilbod. Det er av lidingane det har vore mest behandlingspessimisme rundt, forklarar Kvale.

Den nyaste statistikken viser at rett i underkant av 70 prosent av pasientane var heilt friske fire år etter behandlinga. I tillegg hadde ti prosent fått ei kraftig forbetring av tilstanden. Og forvandlinga frå ein tilstand der alt dreiser seg om å tilfredsstille tvangstankane, til eit normalt liv, skjer i løpet av fire dagar.

— Det er akkurat som om folk bryt eit mønster fullstendig, seier Kvale.

Behandlingsformatet har vist seg å vere nyttig for unge ned til 12 år.

Gåve til heile verda

I tillegg til ulike former for angst håper Hansen og Kvale at behandlinga kan utvidast til pasientar med lettare depresjonar etterkvart. No er behandlinga i ferd med å verte tatt i bruk for eit spekter av angstlidingar, og alle resultata frå den integrerte kvalitetssikringa blir samla i Bergen.

— Saman med forsking på basale mekanismar for hjernekapasitet blir det eit skattkammer for forskarar i heile verda. Og den kliniske innovasjonen frå Bergen spreier seg til heile verda. Behandlinga er Haukeland universitetssjukehus, UiB, Trond Mohn Stiftelse og Kavlifondets gåve til folk der ute, seier Kvale.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS