God sommer fra Khrono!

Som nybakt mor gler Elin Monsen seg mest til å vere heime i sommar. Og til å invitere på bursdag.

Stipendiat Elin Monstad: —Ikkje inntrykk av å vere blant blyge folk

Sommerselfie. Ho vil helst at andre skal ta unna rutinearbeid i kvardagen. Stipendiat Elin Monstad er på sin andre robotstøvsugar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva håper du å aller mest å sleppe unna i ferien, og kvifor?

— For tida er eg i mammaperm, og forskjellen mellom kvardag, fri, natt og dag er i grunnen minimal. Det eg har gledd meg mest til er å reise heim til Kristiansand, og til at andre har fri litt hyppigare en dei har i arbeidsmånadane.

Kva er ditt beste klimatiltak i år?

Fakta

Elin Monstad

Alder: 33

Fødested: Kristiansand

Bosted: Bergen

Stilling: Stipendiat ved Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen

— Livet med små barn produserer mykje avfall, men eg går inn for gjenbruk og arv i så mange deler av kvardagen som muleg. Det er likevel eit paradoks i det at mine nye fleirbrukssugerøyr blei flydd inn frå USA og var pakka inn så mykje at emballasjen fylte søppelebøtta vår til over randa.

Kva ville du ha brukt en robot til, dersom du fekk ein?

— Eg er no på støvsugarrobot nummer to, og denne kan vaske òg. Eg vil at nokon andre enn meg skal gjere flest muleg av rutinetinga i kvardagen så eg får tid til å leve, og denne andre må gjerne vere ein robot.

Dersom du kunne valt karriere heilt på nytt, kva ville du ha valt?

— Eg trur at det meste kan vere greitt om ein har greie folk rundt seg, samt ein viss grad autonomi. Eg er ofte på Christie kafé i Muséhagen og er for tida betatt av tanken om å forlate alt for å grave i jorda og stelle vekstar. Heilt urealistisk, diverre, skjønt ein kan jo fantasere.

Kva er du mest fornøgd med å ha oppnådd siste år?

— Enklaste spørsmål å svare på: minstemann.

Kva skal du la deg underhalde av i sommar?

— Eg finn utømmeleg moro i alle fuglane og ungane deira.

Du får Iselin Nybø på overraskande sommarbesøk. Kva ville du snakka med henne om?

— Realistisk sett hadde eg først og fremst lurt på kva ho skulle her.

Bør vi ha flere eller færre universitet om 10 år?

— Kvalitet er betre enn kvantitet. Ein av gradane mine er frå ein høgskule, og eg kan ikkje meine at den skal vere under dei eg har frå universiteta.

Kva tenker du er dei viktigaste debattane i akademia dei neste åra?

— Her er det uendeleg med kandidatar, men ein som er direkte relevant for meg personleg er: Når ein veit kor ustabilt livet som akademikar er, korleis kan ein best nytte tida så ein får eit godt liv etter ein er ferdig.

I kva grad er det ytringsmot på norske universitet og høgskular?

— Eg har ikkje inntrykk av å vere blant blyge folk.

Kva gler du deg mest til i sommar?

— Generelt, å vere heime. Spesifikt, å invitere til kake og kaffi når eg har bursdag.

Powered by Labrador CMS