På Høyden-redaktør Dag Hellesund er ein av søkarane til kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

13 vil bli infotopp i Bergen

Tre kommunikasjonssjefar og ein redaktør står på den offentlege søkjarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Fire kandidatar er unntekne offentlegheit.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Totalt 13 søkarar ønsker seg tidlegare kommunikasjonsdirektør Ingar Myking sin gamle jobb ved Universitetet i Bergen.

På den offentlege delen av søkarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen står det ni namn; tre kvinner og seks menn. Fleire av desse har kommunikasjons- eller mediebakgrunn, skriv På Høyden.

På Høyden-redaktør har søkt

Dag Hellesund (44) har òg søkt stillinga. Han er ansvarleg redaktør for På Høyden og har bakgrunn frå mellom anna Bergensavisen (BA), Dagbladet og Dagsavisen. 

Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling.

Dag Hellesund

Hellesund seier i ei kommentar til Uniforum at han meiner han har gode føresetnader for å vurdere kva jobben går ut på. 

Hellesund meiner han har gode føresetnader for å vurdera kva jobben går ut på.

— Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling, seier han

På Høyden-redaktøren synest ifølge Uniforum heller ikkje at det gjer noko at det blir offentleg kjent at han er mellom søkarane.

– Sidan vi i i det journalistiske arbeidet vårt i På Høyden heile tida er på jakt etter søkarlista til viktige stillingar som blir lyste ut i staten , synest eg det er viktig å spela med heilt opne kort når eg søker ei stilling.  Då skal namnet vera offentleg. Ei slik prinisipiell haldning bør alle som søker jobb i staten ha, synest Dag Hellesund.

Vil ikkje bli intervjua

Ein av søkjarane er Lubna Jaffery (37). Ho er i dag kommunikasjonssjef i Tide. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgivar for Arbeiderpartiet og statssekretær i kulturdepartementet.

Marita Monsen (37) er i dag kommunikasjonssjef i Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det har ho vore i ti år.

Ingen av dei to kvinnene ønsker å kommentere ovanfor På Høyden kvifor dei har søkt stillinga ved universitetet.

Asle Haukaas (51) er òg kommunikasjonsdirektør i dag. Han jobbar i dag ved Veterinærinstituttet. Tidlegare har han hatt tilsvarande stillingar hos Noregs Forskingsråd og NHH. PÅ 1990-talet jobba han som redaktør og journalist ved universitetsavisen På Høyden, ved nettopp Universitetet i Bergen.

    Velkommen til vårt kommentarfelt
    Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

    Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
    Powered by Labrador CMS