UiB feira nye doktorar frå 26 forskjellige land

Publisert - Sist oppdatert

Georgia, Malaysia, Zambia og Sudan: Dei er alle representerte blant stipendiatane som har tatt doktorgrad ved Universitetet i Bergen i vår. 

Fredag blei dei feira av universitetet, familie og vener under doktorgradspromosjonen i Universitetsaulaen i Bergen, skriv På Høyden. 

Av dei 117 som blei feira var 36 prosent utlendingar, så det er ei internasjonal gruppe som har fått forskarkompetanse.

Internasjonalt universitet

UiB-rektor Dag Rune Olsen er overtydd om at det er riktig å ha ein høg del internasjonale studentar. 

— Eit internasjonalt universitet er naudsynt. Eg er sterk i trua på internasjonalisering i akademia. At de har vore her har gjort oss rikare, både sosialt og fagleg, sa han til doktorandane. 

Eg er sterk i trua på internasjonalisering i akademia.

Dag Rune Olsen
Rektor, Universitetet i Bergen

Les også: Bekymret for ubalanse mellom inn- og utreisende forskere

Olsen er òg nøgd over at to tredelar av doktorandane vurderer sine eigne karrieremulegheiter som gode eller særs gode.

Men Olsen er òg glad for at ei spørjeundersøking blant stipendiatar viser at kun tre av ti ønskjer ei stilling ved ein høgskole eller eit universitet, noko som gir håp om at kunnskapen òg kjem andre sektorar til gode. 

Les også: Færre vil bli forskere

Tre promosjonar i året

Etter at Universitetsaulaen blei tatt i bruk arrangerer Universitetet i Bergen tre doktorpromosjonar i året, men ved dagens promosjon møtte berre om lag halvparten av doktorandane, og det var difor mange ledige plassar i salen. 

Fakta

Desse landa kjem doktorandane ifrå

Av dei 117 doktorandane som blei feira ved Universitetet i Bergen fredag var 36 prosent utlendingar.  Her er landa dei kjem ifrå: 

  • Tyskland: 7
  • Sverige: 3
  • India: 3
  • Finland: 2
  • Spania: 2
  • Sudan: 2
  • USA: 2
  • Russland: 2
  • Etiopia: 2
  • Kasakhstan: 1
  • Malaysia: 1
  • Tyrkia: 1
  • Zambia: 1
  • Hellas: 1
  • Bangladesh: 1
  • Bulgaria: 1
  • Mexico: 1
  • Botswana: 1
  • Iran: 1
  • New Zealand: 1
  • Slovakia: 1
  • Georgia: 1
  • Uganda: 1
  • Pakistan: 1
  • Kina: 1
  • Brasil: 1

(Kjelde: På Høyden)

Ny regjering. Aktører i høyere utdanning sier de vil savne Torbjørn Røe Isaksen og hans statssekretær Bjørn Haugstad som «sjefer». Men de ønsker også Iselin Nybø velkommen med åpne armer.