Rektor på Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, og dei sju andre universitetsrektorane i Noreg har sendt eit nytt «position paper» til EU-kommisjonen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Universitetsrektorane med nye innspel til EU

— Me er avhengige av å driva påverknad gjennom andre, sidan Noreg ikkje sit rundt bordet og forhandlar, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nyleg kom ei uavhengig ekspertgruppe med råd til EU-kommisjonen (Lamy-rapporten) om utforminga av det neste rammeprogrammet i EU. Dei anbefalte mellom anna å dobla budsjettet for forsking og innovasjon. 

Les meir: EU får råd om å doble innsatsen på forsking

No har dei åtte universitetsrektorane i Noreg kome med eit innspel til EU-kommisjonen som kommenterer nokre av råda ekspertgruppa har levert, skriv På Høyden. 

Rektorane leverte også eit sokalla «position paper» med innspel til det nye rammeprogrammet i januar.

— Grunnen til at me følgjer opp med eit nytt innlegg er at me betraktar Lamy-gruppa sin rapport som dette tiårets viktigaste forskingspolitiske dokument for Europa. Dei set ein klar agenda for det ny forskingsprogrammet til EU. Det er inga kva som helst gruppe som er sett ned til å koma med evaluering og råd, fortel Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UiB).

Grunnen til at me følgjer opp med eit nytt innlegg er at me betraktar Lamy-gruppa sin rapport som dette tiårets viktigaste forskings-politiske dokument for Europa.

Dag Rune Olsen

Tatt godt i mot

Saman med rektorane på NTNU, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, NMBU og Nord universitet har dei følgt opp det som kom fram i Lamy-rapporten.

— Vårt førre «position paper» blei godt mottatt og også lest av EU-kommisjonær Carlos Moedas sjølv. Me hadde samtalar med han for ikkje lenge sidan i forbindelse med Starmus festivalen, og me synest det var naturleg å følga opp no, sidan me hadde suksess med innlegget vårt sist. 

Som Olsen uttalte like etter rapporten kom for to veker sidan, er rektorane godt nøgde med ønske om auke i budsjettet. 

— Me er naturlegvis veldig positive til ei dobling av budsjetta som dei har føreslått. Det viser med tydelegeheit at Lamy-gruppa ser viktigheita av å satsa på kunnskapsutvikling av Europa.

— Langsiktig forsking viktig

Olsen seier rektorane tidlegare har understreka viktigheita av å satsa på innovasjon, noko som går fram av rapporten. Men at ein ikkje må gløyma forskinga som går over eit lengre tidsperspektiv.

— Me har vore litt kritisk til dette som vert kalla høgt TRL-nivå (Technology readiness level). Det seier noko om kor kort tid det er fram til bruk. Me meiner ein skal også ha ein langsiktig horisont på forsking. 

— Me er veldig klar over at når ein ønsker bruker å bruka meir pengar på innovasjon fordi ein ønsker å sikra verdiskaping og næringsliv i Europa. Men me meiner det blir litt vel snevert. Forsking, men også utdanning har andre perspektiv ved seg. Sjølv om ein naturlegvis motiverer auken i forskingsbudsjettet med at ein skal skapa nytt næringsliv og sikra inntektene til det europeiske fellesskapet, så er det viktig å hugsa på at det ikkje er berre innovasjon og dei kortsiktige satsingane som leiar til det. Ein må ha ein solid base å stå på, og då er den langsiktige og grunnleggande nysgjerrigheitsdrivne forskinga viktig.

Vil ha meir fokus på humaniora

Rektorane synest at Lamy-gruppa manglar ein strategi for humaniora og samfunnsvitskapen i EU-programma - eit område som fleire har peika på som mislukka. 

Les meir: Samfunnsvitskap og humaniora for lite integrert i EU-forskinga

— Dei seier at om ein har ein oppdragsdriven forskingsstragi så vil humaniora og samfunnsvitskapen automatisk komma med, eller hamna i førarsetet. Det trur eg er ei forenkling. Viss ein ikkje har ein annan og meir offensiv strategi for humaniora og samfunnsvitskapen si rolle i dei store globale samfunnsutfordringane og det framtidige forskingsprogrammet, så trur eg ikkje me vil lukkast i større grad denne gongen enn i Horisont 2020. Alle er einige om at ein har ikkje lukkast å levera på dette i inneverande rammeprogram. 

Når det gjeld utdanning meiner Olsen at det rapporten seier om at universiteta må fornya og stimulera entreprenørskap ikkje speglar verkelegheita.

— I rapporten tar dei til ordet for radikal omlegging i utdanninga, utan å vera spesifikke på kva det er. Me trur ikkje dei har fått med seg at mange av utdanningsprogramma på universitet i Europa inneheldt innovasjons- og entreprenørskap, prosjektarbeid og oppdragsdrivne problemstillingar allereie. Naturlegvis i varierande grad. Det verkar ikkje som dei har fått med seg utviklinga dei siste ti åra på den fronten der. Men det er bra at dei får fram at å kopla utdanning og forsking viktig. 

Se også: Her er dei nye innspela til rektorane

Nemnt i rapporten

Kristof Vlaeminck er leiar for UiB sitt kontor i Brussel, og fortel at skrivet frå dei norske rektorane skil seg ut i Brussel. 

— Dette skrivet er unikt på den måten at alle universitetet i eitt land har samla seg bak eit felles fråsegn. For å understreka at «åtte norske universitet» er ein sterk avsendar, så var det førre skrivet me sendte det einaste so vart nemnt i Lamy-rapporten. Til saman fekk gruppa inn over 500 slike innspel og likevel er det berre dette frå dei norske rektorane som vart nemnt.

— Korleis har Lamy-rapporten blitt motteke i Brussel?

— Alle veit at Lamy-rapporten er eit av hovuddokumenta som vil vera base for EU-kommisjonen når dei skal byrja å laga eit utkast til det neste rammeprogrammet. Så det var sjølvsagt mykje begeistring for rapporten. Sjølv om rapporten gjev eit glimt av korleis det framtidige rammeprogrammet vil sjå ut so, så er det også eit utgangspunkt for vidare utvikling. 

Rektor Olsen håpar at innspela deira blir lytta til i Brussel. 

— Sjølv om Noreg bidreg inn mot programmet, og hentar pengar ut, så sit ikkje norske myndigheiter rundt bordet og forhandlar. Me er avhengige av å driva påverknad gjennom andre.  Me håpar at det blir tatt like godt i mot som det førre innspelet. Me kan vera stolte over at det i det heile tatt blei lest og omtalt av kommisjonen. Det er ikkje gitt at åtte norske rektorar blir høyrde i det heile tatt i Brussel, seier Olsen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS