Prorektor Anne Lise Fimreite er ikkje fornøgd med innhentinga av eksterne inntekter ved Universitetet i Bergen. — Ei bekymringsfull utvikling, seier ho. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Bekymra for låg vekst i eksterne inntekter i vest

Leiinga ved Universitetet i Bergen har vedteke tiltak for å få opp den eksterne finansieringa. — Me har ein lang veg å gå, og me må byrja på den vegen, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På universitetsstyremøtet på Universitetet i Bergen 1. juni var spørsmålet om korleis ein skal få opp delen av eksternfinansiering nok ein gong på bordet, skriv På Høyden.

Det har vore fokus på å få opp inntektene frå bidrags- og oppdragsforsking (BOA) dei siste åra. Men leiinga er ikkje fornøgd med effekten, og set i verk fleire tiltak. 

I 2016 fekk UiB totalt inn 859 millionar kroner i BOA-inntekter, noko som er sju millionar lågare enn budsjettert.

Totalt utgjer BOA-inntekter om lag 20 prosent av universitetet sine samla inntekter. UiBs ambisjonar er ein omsetnad på éin milliard kroner i løpet av strategiperioden som strekk seg fram til 2022.

Resultatet frå 2016 viser at det er eit stykke igjen til målet.

Det er ei bekymringsfull utvikling, det er ikkje til å legga skjul på at samanlikna med dei institusjonane me likar å samanlikna oss med, både på NFR- og EU-støtte, så ligg me veldig flatt.

Anne Lise Fimreite

Les også: Bergen tar grep for å få færre mellombels tilsette

— Bekymringsfull utvikling

UiB har over tid hatt ei svakare utvikling i BOA-inntekter enn UiO og NTNU.

— Det er ei bekymringsfull utvikling, det er ikkje til å legga skjul på at samanlikna med dei institusjonane me likar å samanlikna oss med, både på NFR- og EU-støtte, så ligg me veldig flatt. Me har ikkje den veksten som me burde hatt ut i frå tiltak som er sett i verk, sa prorektor Anne Lise Fimreite under møtet, og la til:

— «Bottom line» er at me har ein lang veg å gå, og me må byrja på den vegen. Så er det også ei kjensgjerning at fakulteta er veldig ulike, kulturelt og fagleg, også når det gjeld moglegheiter til å søka ekstern finansiering.

Prodekanane har utarbeidd forslag

Alle prodekanane ved fakulteta delteke på møter kor dei har kome med innspel til korleis ein kan få opp BOA-inntektene.

Det har munna ut i ei rekke tiltak som universitetsstyret no har vedtatt. Det skal mellom anna jobbast med:

  • Kultur for auka søknadsaktivitet ved institutta – det blir anbefalt at dette vert tema i medarbeidarsamtalar.
  • «Best practice» - utveksling av erfaring innan fagmiljø og på tvers av fakulteta – moglegheit for med kollegabasert søknadsevaluering.
  • Identifisering av miljø som det bør satsast på. Det vert føreslått at det vert etablert eit eige gjensidig forpliktande program for å støtta utvalde forskarar til å tilarbeida søknadar med konkurransekraft til ERC-programmet i perioden 2018 - 2020.
  • Administrative ressursar: Universitetets oppbygging av administrative støtteapparat skal utnyttast effektivt. Utrulling av UiBs pre-award verktøy (søknadsdatabase) bør prioriterast. Målet på sikt bør, ifølge forslaget, vera å kunna legga fram statistikk for alle BOA-søknadar ved UiB. Ein trekk også fram bruken av eigne forskingskoordinatorar på nokre institutt som noko som har gjeve gode resultat. 
  • Karriereplanlegging for forskarar skal leggast vekt på. Planlegging av søknadsaktivitet (forventingar til når tilsette skal søka til ulike finansieringskjelder) og vidareutvikling (gjenbruk) av tidlegare søknadar vil vera sentrale element.

Her kan du lesa alle forslaga i saka.

— Tiltak på høgt nivå

Delar av styret meinte at det gjerne mangla meir konkrete tiltak som kan ta tak i utfordringa på kortare sikt.

— Me må ta kritikk på at det er tiltak her som ligg på eit relativt høgt nivå i organisasjonen. Det vert sagt lite om korleis ein skal dra med seg den enkelte forskingsgruppa på juss eller HF, til dømes. Det som kanskje er det aller viktigaste er det som blir gjort heilt nede på forskingsgruppe- og på individnivå, særleg når det gjeld motivasjonsarbeid og støtte til å gå ut å søka eksternfinansiering, sa Fimreite.

Kjersti Fløttum hadde tru på at tiltaka kunne gje effekt. 

— Ein ting som er veldig etterlengta er denne søknadsdatabasen, den blir viktig, og så blir det viktig å måla effekten av tiltaka. Noko av det viktigaste eg les ut av dette, er vektlegginga av langsiktig og systematisk arbeid for å bygga grupper og initiativ - og med søknadsplanlegging i tett og tidleg samarbeid med den lokale leiinga, sa Kjersti Fløttum i styret.

— Bør fokusera på dei som gjer det bra

Medisin og Mat.-nat. er dei to fakulteta som hentar inn klart mest eksternfinansiering ved universitetet. Styremedlem Johan Fredrik Odfjell meiner det er viktig å fokusera på dei som gjer det bra allereie. 

— Eg vil åtvara mot at me går i fella med at store delar av innsatsen skal gå ut på å prøva å løfta dei som ligg dårlegast an. Eg trur meir på at dei som har suksess i utgangspunktet vert hjelpt til ytterlegare suksess. For universitetet samla trur eg det ligg større moglegheiter i det. Det betyr ikkje at nokon skal nedprioriterast, men det å hjelpa dei som har vist at dei har evne til å oppnå dette fram, tur eg er viktig, sa Odfjell.

Utfordra av departementet

Dagen før styremøtet var det også etatstyringsmøte, og rektor Dag Rune Olsen trakk fram at BOA-inntekter hadde vore tema på møtet i Oslo.

— Me fekk spørsmål om kvifor me, som  hadde så mange Fripro-prosjekt, hadde så få ERC-søknader, og dei utfordra oss på det, sa Olsen.

Fimreite trakk fram at også Noregs forskingsråd vil ha eit større fokus på den biten.

— I dei nye Fripro-utlysingane vil det leggast inn krav om at ein må søka ERC innan ei viss tid, eller så har ein ikkje oppfylt vilkåra i kontrakten sin. Heile forskingssystemet er innretta på at Noregs retur er for liten i forhold til det me betaler inn til EU. Det å få meir pengar tilbake er ein viktig ting, også for NRF.

Styret ba om å få ei ny sak frå universitetsdirektøren til hausten med ei operasjonalisering av tiltaka. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS