— Vi skal formidle utviklingsarbeidet vårt til dei som arbeider i dei norske barnehagane og skulane, og det skal dei få presentert på ein rimeleg måte. Da er ikkje i kanalar der dei ikkje er til stades rette plassen, meiner professor Peder Haug i Volda. Foto: Joachim Åsebø
— Vi skal formidle utviklingsarbeidet vårt til dei som arbeider i dei norske barnehagane og skulane, og det skal dei få presentert på ein rimeleg måte. Da er ikkje i kanalar der dei ikkje er til stades rette plassen, meiner professor Peder Haug i Volda. Foto: Joachim Åsebø

Fleire brukar millionar av kroner på formidlingspoeng

Fleire høgskular og universitet har det allereie internt: Eit belønnings- og poengsystem for formidling. No blir ei statleg ordning, og pengar, etterlyst.

Publisert   Sist oppdatert

(Saka er oppdatert med nye tal frå Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo og Akershus).

Forsking og publisering av forskingsresultat i vitskaplege publikasjonar gir pengar i kassa til universitet og høgskular gjennom det såkalla tellekantsystemet. Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda etterlyser fleire statlege pengar for å belønne formidling også. Skriving av lærebøker og kronikkar , bør også telle, meiner han.

Ei fallitterklæring 

– Det er nærmast ei fallitterklæring for universitets- og høgskulesystemet at dette ikkje blir premiert av Kunnskapsdepartementet, meiner professor ved Høgskulen i Volda, Peder Haug. 

Også NTNU ber Kunnskapsdepartementet (KD) vurdere ei statleg ordning på enkelte typer formidling i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om humaniora: 

Det er nærmast ei fallitterklæring for universitets- og høgskule-systemet at dette ikkje blir premiert av Kunnskaps-departementet.

Peder Haug
Professor, Høgskulen i Volda

Men må folk bli stimulerte med lommepengar for å formidle?

Curt Rice
Rektor, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA)

«Vi ber KD se på insentivordningen og vurdere om enkelte typer formidling bør gi uttelling i form av poeng med tilhørende økonomisk uttelling for institusjonene», skriv NTNU i sitt innspel til departementet. Dekan ved det Humanistiske fakultet ved NTNU, Anne Kristine Børresen, har seinare presisert overfor Universitetsavisa at det i hovudsak er kunstnerisk formidling dei har i tankane i innspelet sitt.

Les også: Heile NTNU sitt innspel til meldinga

Interne belønningssystem

Både Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Universitetet i Agder og Høgskulen i Volda har internt sine eigne belønningssystem for formidling. 

Høgskulen i Volda brukte i 2015 om lag 4,8 millionar kroner. Eitt  poeng utgjorde rundt 690 kroner for 2015. Universitetet i Agder brukar også rundt fire millionar kroner. Høgskolen i Oslo og Akershus omfordeler 20 prosent av sine FoU-insentiv og det blir i 2016 cirka 7,0 millionar kroner. 

Som formidling reknast faglege bidrag som til dømes aviskronikkar, lærebøker, populærvitskaplege framføringar, føredrag og kunstnarlege og artistiske arbeid. 

Professor i pedagogikk i Volda, Peder Haug, er mildt sagt forundra over at dette ikkje gir økonomisk utteljing frå statleg hald.

Han meiner at ein ikkje treff målgruppa for forskinga ved å berre formidle FoU-arbeid i kanalar som gir poeng i tellekantsystemet.

Formidling til praksisfeltet

– Vi skal formidle utviklingsarbeidet vårt til dei som arbeider i dei norske barnehagane og skulane, og det skal dei få presentert på ein rimeleg måte. Da er ikkje i kanalar der dei ikkje er til stades rette plassen, som i til dømes internasjonale tidsskrift. Det er ingen i praksisfeltet som les det, seier Haug i eit intervju på heimesidene til Høgskulen i Volda

Professoren fortel at han årleg har rundt 30 registreringar av FoU-arbeidet sitt i Cristin-systemet, der rundt fire-fem av dei er poenggjevande nasjonalt. Dei resterande, som er alt frå aviskronikkar til lærebøker, gir berre økonomisk utteljing internt ved høgskulen.

– Eg var med å lage eit verk i fem bind som vart gitt ut i 2011 og som er i bruk i lærarutdanninga. Det er eit klassiske døme på formidlingsarbeid som ikkje vert premiert nasjonalt. Eg brukar mykje tid på arbeid som fagleg sett held mål, men som ikkje gir utteljing anna enn internt, seier han.

HiOA med sitt system i 10 år

Professor og tidlegare prorektor i forsking ved HiOA, Frode Eika Sandnes, stadfestar at dei har hatt eit slikt internt belønningssystem ihvertfall i 10 år. Det er ein del av dei såkalla RBO-midla (resultatbasert omfordeling) som blir brukt, og delt ut til fakulteta. Den einskilde formidlar får ikkje pengane sjølv, men det går til dei faglege einingane etter ei sentral fordeling. 

— Men det har også vore diskusjon rundt det, om ikkje det er feil å bruke forskingspengar for å oppmuntre til formidling? 

— Ja, det kan du seie. Men bakgrunnen for at vi innførte dette systemet og oppgraderte det i 2012 er høgskolen sin profil. Vi har mykje kunstnerisk utviklingsaktivitet knytt til utdanningane våre og vi ønsker å delta i den offentlege debatten, sier Sandnes. 

— Kva synest du om ei statleg ordning med formidlingspengar og insentiv? 

— Det er alltid fint å få penger, men så lenge det ikkje er noko ønske om ein skal bli best i verda på dette, så synest eg ikkje det skal bli prioritert frå departementet, seier Eika Sandnes. 

5 poeng for Khrono-intervju

HiOA delar ut pengar etter ein modell der kunstnerisk og museal utstilling gir 15 poeng, skriving av ei fagbok gir 10 poeng, eit intervju eller foredrag 5 poeng, medan ein kronikk gir 3 poeng. 

Les også: HiOAs formidlingssystem

— Så når du har lagt på røret no så kan du gå inn i Cristin og registrere eit intervju med Khrono og dermed få 5 formidlingspoeng? 

— Ja, det kan eg, Khrono ligg inne i Cristin. Men eg er dårleg til å registrere slike ting, og det er det mange som er, seier Sandnes. 

(Foto: Ketil Blom)

Lommepengar for formidling? 

Rektor Curt Rice (bildet) ved Høgskolen i Oslo og Akershus, er også styreleiar i forskingsdatabasen Cristin. Han seier at han ikkje kjenner HiOAs interne system for formidlingspoeng godt nok, men kan seie noko prinsippielt: 

— Eg meiner forskingspoengsystemet ikkje berre er utelukkande positivt, det fører til ei enorm fokusering på kvantitet. Når det gjeld formidling er kvantitet positivt. HiOA sine ansatte er opptatte av å formidle forskningsresultater – og delta i samfunnsdebatten, det er bra, seier Rice og legg til: 

— Men må folk bli stimulerte med lommepengar for å formidle, spør han og er redd for at systemet kan fører med seg mykje administrasjon og byråkrati. Men Rice presiserer at kunstnarisk formidling er ein del av primæraktiviteten ved høgskolen og at det er det viktig å anerkjenne. 

— Men eg meiner det går eit skilje mellom kunstformidling og skriving av kronikkar og deltaking i eit intervju, seier han. 

På Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier (LUI) på høgskolen har dei eit eige system i tillegg til det sentral, der der plussar på ekstrapoeng i dei ulike kategoriane. 

Merittering av undervisning viktigare

Heller ikkje rektor Johann Roppen i Volda er heilt 100 prosent sikker på om det er lurt med ei statleg insentivordning for formidling. 

— No er det mykje snakk om merittering av undervisning for eksempel, kan hende er det ein viktigare ting å prioritere senralt, seier han til Khrono. 

(Foto: Per Straume, Høgskulen i Volda)

Men Roppen i Volda (bildet) vil halde fram med sitt interne system: 

– Eg meiner det var framtidsretta av Høgskulen i Volda å vere så tidleg ute med å registrere faglege arbeid, og at det har vorte ein god kultur ved Høgskulen i Volda for å synleggjere formidling. Det vi også ser at det er om lag ein tredel av dei fagtilsette som i eit normalår har publisert forsking, medan meir enn to tredelar av dei fagtilsette har drive med formidling. Eg trur at denne ordninga gjer at fleire tilsette publiserer tidlegare og difor kjem raskare i gang med forsking, seier Roppen i eit intervju på hivolda.no. 

Ved Universitetet i Agder har dei også hatt eit internt system for belønning av formidling.

1630 kroner per poeng i Agder

Potteni Agder er årlig på 3-4 millionar og universitetet tar pengane frå sitt eige budsjett. I 2014 var  verdien av eitt formidlingspoeng 1.630 kroner, fortel kommunikasjonsdirektør Pål Pedersen til Universitetsavisa.  

Viss einUiA-forskar skriv ein kronikk i Aftenposten, utløser dette eitt formidlingspoeng og pengane går til fakultetet, ikkje forfattaren sjølv.

Hans Hodne er instituttleiarved Institutt for religion, filosofi og historie ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder. Han fortel at formidlingspengane går inn i instituttet sine ordinære driftsmiddel.

- Eg synest det er ei god ordning. Den er nok ikkje ein avgjerande faktor for at de vitskaplege tilsette driv med forskingsformidling, men signaleffekten er viktig: Universitetet i Agder syner at dei verdset og legg vekt på formidling, seier han til UA.

Tidlegare rapport om formidlingspoeng

I 2006 blei det lagt fram ein rapport Sammen om kunnskap 2 der eit av forslaga var ein indikator for publikasjonar i form av bøker, læremiddel, faglege ressursa og aviskronikkar m.a. Forslaga blei ikkje følgde opp. 

Arbeidet med ei stortingsmelding om humaniora held fram i Kunnskapsdepartementet og etter planen skal meldinga vere ferdig i 2017. 

Les meir: Stortingsmeldinga om humaniora