Applaus i Bergen og Haugesund

Styra ved høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund har vedteke at dei ønskjer ein høgskulefusjon på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me kan ta lunsjpause med godt samvit, sa HiB-rektor Ole Gunnar Søgnen til På Høyden like etter klokka 12 torsdag.

Høgskulestyret hadde då vedteke at dei ønskjer ein fusjon med høgskulane i Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund. Styret appaluderte for vedtaket, som høyrest slik ut: «Styret godkjenner avtalen om gjennomføring av fusjon mellom HiB, HSH og HiSF og ber om at anmodning om fusjon snarest mulig oversendes Kunnskapsdepartementet.»

— Målet med ein fusjon er at me kan få til ting saman som me ikkje klarar kvar for oss, seier rektor Søgnen på HiB si nettside.

Nøgde
Under debatten i HiB-styret var det tydeleg at styremedlemmene er nøgde med arbeidet som er gjort med fusjonsplattforma.

— Dei som har jobba med avtalen har gjort ein veldig god jobb på kort tid, og fortener ein applaus. Så får me håpa at sogningane tek til vitet. Me veit det er mange skeptikarar der, og om dei vert med er det viktig å jobba med det, sa Svenn-Åge Dahl til På Høyden.

Kristian Helland var òg nøgd:

— Plattforma er høgverdig og visjonær, ja nesten sakral!

Plattforma er høgverdig og visjonær, ja nesten sakral!

Kristian Helland

— Merkedag
Høgskulen Stord/Haugesund hadde styremøte i Haugesund. Dei var først ute med å fatta vedtak. Også her applauderte styremedlemmene etter eit samrøystes vedtak. Då HiB-styret fekk nyhenda frå høgskulen lenger sør, applauderte dei òg for vedtaket som var gjort.

— Dette er ein merkedag som me har sett fram mot lenge, sa rektor Liv Reidun Grimstvedt ved opninga av møtet.

— Det er godt at avtalen er gjennomsyra av kva ein fusjon skal kunne oppnå, og ikkje berre seier at ein skal fusjonera, sa Vigdis Vandvik.

Styret ved HSH sitt vedtak er at dei godkjenner «Avtale om gjennomføring av fusjon mellom Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund».

Kan det verta berre to?
Men sjølv om to av styra no har sagt ja, er det framleis knytt spaning til kva siste fusjonspartnar seier. Og kva skjer dersom Høgskulen i Sogn og Fjordane seier nei? Det vart teke opp hos både HiB og HSH.

— Me må eventuelt ta eit ekstraordinært styremøte for å diskutera eit slikt utfall, sa rektor Grimstvedt ved HSH.

— Då må me ha ein ekstra forhandlingsfase, sa rektor Søgnen ved HiB.

HiSF handsamar saka om fusjon no. Det er kjent at det er fleire skeptikarar i styret, og styremedlemmene vart møtte med demonstrasjon då dei kom til møtet torsdag morgon. Følg med her.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS