Fleire nysgjerrige stor og så strauma på til Institutt for informasjonsteknologi si messe i Reseacrhers’ night i Lillestrøm. Foto: Tommy Wiik

Blir lurt av «Robin»

Chattar du med eit menneske eller ein maskin? Fleire enn ein av tre blir lurt av program utvikla av HiOA-studentar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kven av «Batman» og «Robin» er eit verkeleg menneske? For å få svaret må ein følgje godt med på samtalen i chatfeltet på dataskjermen.

Turingstesten, som det heiter, går ut på at ein chattar med to «personar» med unike brukarnamn der berre den eine er eit menneske medan den andre er eit dataprogram. Over en tredel let seg lure til at dataprogrammet er den verkelege personen.

Les også: Droner og data gikk rett hjem

Under kan du sjå summert samtale mellom «Batman», «Robin» og Khronos «tommy94wiik». Khrono kom fram til at «Batman» var eit menneske og «Robin» ei maskin, og hadde rett.

Stort arrangement

26. september, førre fredag, vart forskingsfesten Researchers’ Night arrangert over heile Europa. Det EU-støtta arrangementet vart heldt i om lag 320 byar i over 30 land denne kvelden og natta. Intensjonen er å formidle forsking, og vise gode dømer på dette til folket.

I Noreg blei  Researchers’ Night arrangert på Strømmen Storsenter. Her kunne ein blant anna la seg begeistre av forsking frå First Lego League der elevar forskar på robotar og lego, printe 3d-figurar i regi av UNIK, eller teste læringsplattformspelet ENKI i regi av Kjeller Innovasjon.

Hos standen til Institutt for informasjonsteknologi frå HiOA fekk barna lage mobilmodellar av element som lego og plastalin i eit prototypprosjekt, fleire deltok i quiz over ein nettstad på smarttelefon, og nokre testa seg i Turingstesten.

Mange blir lurt

Førsteamanuensis ved Institutt for informasjonsteknologi i Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) Anis Yazidi (biletet under), var godt nøgd med oppmøtet på deira stand i Researchers night i Lillestrøm. 

— Dersom ein tredel av de besøkande bommar på Turingstesten betyr det at datamaskina er intelligent. Her må du stille kompliserte spørsmål for å lure den falske samtalepartnaren. Spørsmål som «kva er fem pluss fem» blir for enkelt, seier Yazidi.

På Researcher´s Night vart 44 prosent lurt mot 32 prosent på Forskingstorget 19. og 20. september. I begge tilfeller kunne ein slå fast at dataprogrammet var smartare enn mennesket.

Menneske + robot

Andreårsstudentane i Anvendt datateknologi, Halvor Rønneseth og Roger Bløtekjær Johannesen, står bak webapplikasjonen Humanbot til Turingstesten. Dei er begge nøgde med prosjektet.

— Vi byrja og planlegge Forskingsdagane før sommarferien, så jobba vi vidare frå august fram mot september på Turingstesten. Midt i prosjektet fekk vi vite at vi skulle ha stand på Researcher’s Night, seier Rønneseth.

Rønneseth og Johannesen var ikkje på sjølve standen førre fredag. Dei jobba som bakmenn frå kvar sin heim under standen, ein som menneske, ein som dataprogram. Dei veksla på denne rolla.

Skuleprosjekt

Opplegget rundt Turingstesten spring ut frå eit prosjekt Rønneseth og Johannesen leverte før sommaren.

— Vi var fire som leverte dette på skulen og fikk toppkarakter. Dermed vart vi invitert til å jobbe med Forskingsdagane. Vi fann ut at ein Turingstest her kunne vere gjennomførbart, seier Johannesen.

Han synast vidare at det er artig å sjå kor langt teknologien har kome på kunstig intelligens.

— Det er morosamt å sjå kor menneskeleg dataprogram klarar å vere, sier Rønneseth. 

«Quizmaster» Corneliusen

Student i Anvendt datateknologi Henning Corneliusen (biletet under) går engasjert rundt på standen og passar på at alt skal gå som smurt. Tastar på Mac-er, fotograferer, instruerer om quiz og turingstest, osv. 

Han jobbar med eit quizopplegg på TV-skjerm. Deltakarane koplar seg på skjermen gjennom nettstaden kahoot.it. Ein svarar på spørsmål vist på skjermen gjennom nettstaden på mobilen. Vår reporter testa seg i denne quizen og kom omsider på tredjeplass.

— Mitt hovudprosjekt er quizen på standen. Vi låner nettsida kahoot.it, som vi fikk introdusert på skolen, seier Conreliusen.

Phone of the future

På eit bord midt i HiOA sin stand peiker flittige barnehender i alle retningar. Her skal ein konstruere mobilen, slik ein trur han vil sjå ut om 20 år, i eit såkalla prototypprosjekt. Førsteamanuensis Anis Yazidi synest det er utruleg å sjå kva små barn klarer å lage av lego, plastilin og diverse andre midler.

— Vi ser i prototypprosjektet at barn er utruleg kreative der dei knyttar lego til teknologi, seier Yazidi nøgd. Prototypmobilane vert fotografert av Yazidi og dei tre studentande frå Institutt for informasjonsteknologi for vidare forsking. 

Ti år gamle Elias Zalmai (biletet under) er eit av dei ivrige borna som konsturerer framtidsmobilen. Han fortel at han har laga ein nesten ferdig iPhone, berre med nokre litt andre funksjonar.

— Denne mobilen har ikkje normale appar. Du trykker midt på skjermen fem ganger for å få opp App Store. Mobilen er nesten som ein vanleg iPhone eller Samsung-mobil, seier Zalmai engasjert.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS